Anmeldelse

Monster Hunter: World

Ingenting kan samanliknast med dette

Den einaste grunnen til å ikkje spele Monster Hunter: World er at du ikkje likar moro.

Monster Hunter: World
Capcom

Om ikkje Monster Hunter-serien slår an i vesten no, gjer den det aldri. Så enkelt er det. Serien som starta på PlayStation 2 for over ti år sidan, har kome med ei lang rekke nye spel, men i våre trakter har den aldri heilt fått fotfeste. I Japan derimot, har Monster Hunter blitt eit kulturfenomen så stort at det fell seg heilt naturleg at serien får sin eigen seksjon hos Universal Studios Japan. I heimlandet skifta serien raskt over til bærbare plattformer som PSP og Nintendo 3DS.

Monster Hunter handlar om å samarbeide. Det handlar om å slå seg saman med eit knippe tilfeldige personar for å leggje eit massivt beist i bakken. Til det passar små konsollar du kan putte i lomma veldig bra for eit folkeslag som brukar svært mykje tid på toget.

Det er dette det handlar.
Capcom

For eit folkeslag som aldri heilt har omfamna dei små konsollane har det betydd ein seire som stadig har glidd lengre inn i dei obskure trakter. Capcom har prøvd å utvide publikummet, men når du gjer det ved å ignorere plattformene der spelarane er, og heller slenger ut eit samarbeidsfokusert spel på Wii, vitnar det om litt manglande visjon.

No skal beistet i bakken!

Det er eit litt anna Capcom vi møter i 2018. Vi snakkar om eit aggressivt Capcom som veit kva det vil, og skjønar kva dei må gjere for å oppnå det. I staden for å lage enda eit jaktspel på Nintendos vesle, for å sende det ut til eit publikum som i stor grad ikkje bryr seg, har Capcom sett alle klutar til, og laga eit visuelt slag i magen på plattformene som verkeleg gjeld. På toppen av det heile har dei invitert alle som ein til å delta i opne betatestar for å skape positiv stemning rundt spelet.

Om det er noko vi kan seie skråsikkert er at det at Capcom har laga det som kanskje er det beste spelet i serien. Dei har finslipt ei rekke mekanikkar, forenkla andre, og introdusert nye for å gjere kvardagen enklare. Det viktige er at kjerna er den same. Om du har spelt Monster Hunter før vil du kjenne deg igjen umiddelbart i Monster Hunter: World.

Capcom har ikkje kludra med kampsystemet. Det er slik det skal vere. Du må lære deg å bruke eit våpen før du kan bli effektiv med det, og dette er like gjeldande i Monster Hunter: World som det alltid har vore. For nykomarar kan kampsystemet framstå noko tungt, keitete og rett fram unødig bakstreversk. Spesielt når ein tenkjer på at det kjem frå eit selskap som har laga actiongigantar som Devil May Cry og Street Fighter.

Men Monster Hunter er si eiga greie, det har det alltid vore. Når du har studert dei 14 ulike våpentypane, og har innsett kor ulike dei kan vere i bruk, bør det byrje å løsne. Kampane handlar ikkje berre om få i gong ein kombo. Det handlar om å treffe på riktig stad til riktig tid. Det handlar om å posisjonere seg, lære monstera å kjenne, og ikkje minst å samarbeide med folka rundt deg. Feller kan leggjast og element kan utnyttast. Monster Hunter: World er blant dei mest taktiske actionspela du kan finne.

Når fiendane stel showet

Monstera kjem i alle former og fasongar.
Capcom

Monster Hunter: World er mange ting, men mest av alt er det ein massiv arena der rabiate monster i alle storleikar går fullstendig av skaftet. Sjølv om du har spelt eit Monster Hunter-spel før, er det umogleg å fullt ut førebu seg på kva ein har i vente. Monstera i Monster Hunter: World er i ein heilt anna klasse enn kva vi har sett før. Dette er ikkje berre ein serie med område som igjen byr på ein serie med ulike monster som går rundt i ring.

Ordet World er meir enn eit fancy salsord for å signalisere at Monster Hunter-serien skal ut i verda. Det er eit ord som verkeleg skildrar kva som skjer i spelet. Du reiser til ei rekke store område der ulike dyr lev liva sine totalt likeglydige til kva no enn du skulle finne på å gjere. Du kan luske rundt i skuggane og observere fredelege planteetarar som luntar bortover medan dei leitar etter vatn. Brått kan eit massivt monster hive seg over dei, berre for å bli avbrote av ein drake som glir ned frå skyene.

Alt dette kan skje utan at du har gjort noko som helst, men sjansen er like stor for at dei fredelege beista får drikke i fred. Det blir veldig tidleg klart at mykje av det som skjer i spelet er veldig tilfeldig, men du har likevel makt til å styre situasjonen til ei viss grad. Når du jaktar på monstera følgjer du sporfluger som viser deg vegen mot fotavtrykk og andre teikn på liv. Dei viser deg kvar beista går, og du kan observere ikkje berre kvar dei er akkurat no, men òg kvar dei helst oppheld seg, og korleis dei reagerer på andre monster. Ein stor, og veldig viktig del av spelet er å lære dei ulike beista å kjenne. Kvar likar dei seg? Kva likar dei ikkje? Kva er dei svake mot?

Svara på slike spørsmål kan utnyttast slik at du kan få kjempe mot eit monster i fred, eller for å potensielt sende det inn i klørne på eit enda større og farlegare monster. Men det er ikkje berre alt som ligg udner huda på beista som er imponerande.

Beista i seg sjølv er eit syn. Å sjå desse svære sinnataggane i aksjon kan vere direkte fryktinngytande. Eg har fleire gongar rygga bakover i sofaen i det digre kjævar kastar seg mot meg, som om det skulle hjelpe. Du kan lære desse beista å kjenne, men du kan aldri spå kva dei vil gjere. Dei er uforutsigbare, og dette er ein av tinga som gjer dei så farlege. Dei følgjer ikkje låste mønster, men brukar områda dei er i, klatrar langs trestammar og stangar gjennom veggar.

Det siste du ser før du prematurt tek kvelden.

Når enden er god

Nest etter å kjempe mot mannevonde beist, er det parteringa av mannevonde beist som står høgst på lista over ting som gjer Monster Hunter-serien så populær i heimlandet. Når du skal ha nytt utstyr lagar du det av fiendane du har kvesta, og dette skapar ein uhyre gjevande syklus der du risikerer livet for å få tak i nokre bein du treng for å lage ein rustning du treng for å ta ned den rotta med vinger som har plaga deg ei stund. Det finnest eit hav av rustningar å lage, og alle våpna kan oppgraderast i fleire ulike retningar, noko som heile tida gjev deg noko å strekkje deg etter.

Dette samspelet mellom jakt og løn for strevet har vore hovudfokuset til serien. Monster Hunter: World endrar litt på dette, og er det første spelet i serien som byr på noko meir enn ei unnskuldning for ein historiemodus. Spelet gjev deg ei historie å spele gjennom, og denne kan du spele aleine, eller saman med andre. Sjølv om tanken er god er dette ei løysing som kan by på litt frustrasjon. Det er til dømes ei utfordring å finne seg ein gjeng å spele saman med. Å finne folk er ikkje vanskeleg, men å halde saman er ikkje så enkelt som det burde vere.

Du og venene dine kan til dømes ikkje berre hive deg ut på eventyr saman, og køyre gjennom historia i tandem. Grunnen til dette kjem garantert til å irritere mange; filmsekvensar. For vere med nokon på eit historieoppdrag må du i praksis allereie ha gjort oppdraget sjølv, sidan du må ha sett filmsekvensane. Det er ei kjip ordning, men det er ikkje så ille som ein kanskje skulle tru. Historia opptok strengt tatt svært lite av den totale speletida mi, og når du allereie har gjort alle historieopdpraga er det ingen hindringar igjen.

I staden glir ein svært raskt inn i ein engasjerande rytme der ein flyr mellom kjappe turar til smia, kantina og andre stadar av interesse i baseområdet for å førebu seg, før ein sjekkar oppslagsvtavla for å sjå om ein kan finne eit spanande oppdrag.

Konklusjon

Miljøa er alt frå frodige tropeskogar til mørke grotter.

Det er ikkje lenge til det har gått heile 15 år sidan det første Monster Hunter-spelet. Eg har ikkje spelt alle spela serien har bydd på i den tida, men eg har spelt nok til å føle meg ganske trygg på at Monster Hunter: World utan tvil er det beste spelet i serien. Det finnest ei og anna litt keitete teknisk løysing, men ingen av dei er uoverkommelege, og samtlege bleiknar i møte med spelets ubestridelege kvalitetar.

Faktum er at det å møte desse beista er intense oppgjer der du stirer døden i kvitauge medan du bit tenna saman og prøvar å felle eit tannsterkt beist som får deg til å sjå ut som den vesle makken du strengt tatt er. Å halde ut er ein ting, men kjensla av å dra sigeren i land er noko anna. Når monsteret endeleg ligg der kan det vere slutten på ei jakt som har teke deg gjennom fordige skogar, inn i djupe grotter, og langs solbleike strender. Alt for å få tak i det beinet du treng for å lage den hjelmen du manglar for å fullføre rustningsettet ditt.

Det er slikt vi lev for folkens. Det er dette som skapar gneisten i den grå kvardagen. Gje deg sjølv eit klapp på skuldra. Du har fortent det.

Monster Hunter: World er ute til PlayStation 4 (testa) og Xbox One. Ein PC-versjon kjem til hausten.

9
/10
Monster Hunter: World
Det beste spelet i serien.

Siste fra forsiden