Anmeldelse

Baten Kaitos I & II HD Remaster

Eit must for rollespelfans

To unike rollespel vender tilbake i ei verdig samlepakke.

Baten Kaitos I og II er to av dei siste spela frå ein epoke med japanske rollespel spel som starta på 90-talet då Square Enix lanserte Final Fantasy VII. Tredimensjonale leika seg på imponerande og nydelege todimensjonale bakgrunnar som nesten såg ekte ut. Det var tida før store, opne verder der frie kamera lot deg sjå alt. Skiftet frå dei låste bakgrunnane til opne verder du kunne gå inn i førte med seg mykje bra, men mykje gjekk og tapt.

Å sjå dette vakne til live går ikkje an å formidle med stillbilete.
Namco Bandai

Sjeldan ser ein eit betre døme på det enn i Baten Kaitos I & II HD Remaster. I motsetning til latskapsprosjekta til Square Enix der dei berre har tatt gamle bakgrunnar i låg oppløysing og blåst dei opp på digre skjermar, har teamet bak Baten Kaitos faktisk gjort jobben sin, og oppskalert bakgrunnane.

Resultatet er det som kanskje er eit av årets nydelegaste spel, sjølv om det snart er 20 år sidan Baten Kaitos: Eternal Wings and the Lost Ocean for første gong blei lansert. Kunstanrisk vison møter teknologi på eit så meisterleg vis at ein knapt ser makan. Denne verda er så unik, så vakker, at det sjølv i dag, med siste utgåve av Unreal-motoren hadde vore om ikkje umogleg, så svært vanskeleg og dyrt å få til noko liknande.

Berre eit glimt på ei av dei mange svevande øyene i dette spelet, omkransa av skyer som bles fordi er så magisk og mektig at ein kan bli nesten litt matt av kor pent det heile er.

Ikkje alt som glitrar

Den glødande visuelle presentasjonen blir framheva av det som etter mitt syn er eit av dei beste musikalske verka gjennom spelhistoria. Her er eg kanskje partisk, sidan eg har høyrt på denne musikken regelmessig i snart tjue år, men det er noko heilt spesielt med dette spelet. Korleis visuell og musikalsk kunst smeltar saman og skapar denne unike verda som verkeleg er unik noko anna der ute.

Kampane i begge spela krev at du heng med i timen.
Namco Bandai

Kontrasten er dermed ganske stor mellom dei delane av spela som er tidlause, og dei som ber sterkare preg av å vise sin alder. Eg snakkar då spesielt om kampane der ein lett ser at dette er eit eldre spel. Det hadde sjølvsagt vore fint om litt meir var gjort her, kanskje polert 3D-modellane litt, lagt på nokre betre lyseffekter for å få det heile til å gli betre saman med dei todimensjonale bakgrunnane. I staden er det nokre stadar faktisk dårlegare. Styggare teksturar, og bisarre designval som ikkje heilt gjev meining. Ytinga er heller ikkje alltid den beste, sjølv om det har lite å seie for sjølve spelet.

Det er òg ein vesenforskjell på kva som blei gjort den gong då, mot det som har blitt gjort no. At vi får desse spela oppskalerte for moderne skjermar ei ein nydeleg ting, men det er andre sider ved denne pakka som ikkje er like heldige. Enkelte stilistiske val, både i menyar og enkle ting som korleis dialog blir formidla er ikkje alltid heilt vellukka.

Dei engelske stemmene har og blitt fullstendig fjerna. Skodespelet i Baten Kaitos I er legendarisk dårleg, men oppfølgjaren er ei dramatisk forbetring, så det er synd vi ikkje får valet. Grunninga utviklarane har gjeve er at dei har oppdatert uttrykket, men det kunne dei ha spart seg. Å slenge på eit «yikes» på slutten av eit boksitat som kanskje ikkje er heilt politisk korrekt blir berre tåpeleg.

Kan vi flytte hit?
Namco Bandai

Kort og godt

Baten Kaitos I og II er i utgangspunktet to erketradisjonelle japanske rollespel. Du reiser rundt i ei fascinerande verd saman med ei stadig vaksande gruppe eventyrar som må ut på eit svært interessant eventyr. Du kjempar mot ein haug med monster, og du samlar erfaringspoeng og går opp i erfaringsnivå.

Det stoppar derimot her, for Baten Kaitos-spela gjer mykje på svært sært vis. Kampsystemet er kortbasert, og i staden for å velje kva angrep eller magi du vil bruke, må du velje mellom dei korta som dukkar opp. Eit kort kan by på alt frå eit av fleire våpen, elementmagi, eller kanskje nyttige gjenstandar. Det er både taktikk og flaks inne i biletet, men etter kvart som du lærer å meistre spela vil du kunne dra i hop herlege komboar. Om du derimot ikkje forstår kva som skjer er det lett å fullstendig miste overtaket.

Ein av tinga som verkeleg slo meg i denne gjennomspelinga var kor aktivt engasjert ein blir i oppsettet sitt. Kvar karakter har sine eigen kortstokk som blir brukt i kamp, og ein endar opp med å fikle konstant med dei. Legge til nye kort, fjerne andre, justere etter kva fiendar ein møter. I motsetning til spel der du kanskje får litt nytt utstyr i neste by, får du nye brukbare ting heile vegen, og det gjer mykje for engasjementet.

Kalas er ikkje din typiske helt, han er litt sinna.
Namco Bandai

Dei to spela byr i tillegg på temmeleg forskjellige kampsystem. Begge baserer seg på kort som helst skal slengast ut i eit gitt mønster, men Baten Kaitos II gjer svært mykje annleis, noko som umiddelbart gjer det til ei frisk og annleis oppleving.

Begge spela by på ein hendig pausemeny der du kan slå på diverse funksjonar for å gjere livet ditt lettare. Du kan vinne kvar kamp med eitt angrep, slå av alle kamper, eller justere farten på spelet. Alle praktiske ting, spesielt om ein må tilbake til noko ein gløymde og ikkje vil kjempe mot alle fiendane.

Konklusjon

Om ein skal ramse opp dei klassiske og elska rollespela produsert i Japan på slutten av 90-talet og starten på 2000-talet er det få som hugsar Baten Kaitos-serien. Den var hakket for nisje, og oppfølgjaren kom aldri til Europa. Skulle du spele den måtte du pent finne deg i å skaffe ein kopi av den hendige importspelhjelpa Freeloader, og håpe ei importsjappe kunne hjelpe deg.

At vi no får eit gjensyn med begge spela er utruleg gledeleg. Det er eit ørlite stykke spelhistorie dette her. Det er blant dei tidlege spela til Monolith Soft, studioet som seinare skulle lage dei populære Xenoblade-rollespela for Nintendo, og dei kom nesten som ei avslutning på epoken med prerendra bakgrunnar. Etter dette tok interaktive område over, og dei måleriske bakgrunnane gjekk i gløymeboka.

Dette er to nydelege spel med fascinerande historier, og interessante karakterar som ikkje lener seg for tungt på dei klassiske tropene som har øydelagt så mange moderne japanske rollespel. Om du likar å prøve noko annleis, eller har eit svakt punkt for japanske rollespel generelt, er desse spela heilt essensielle. Dei er to unike spel som fortener å bli spelt.

Baten Kaitos I & II HD Remaster er ute til Nintendo Switch.

8
/10
Baten Kaitos I & II HD Remaster
Det finnest ingenting heilt som dette.

Siste fra forsiden