Kingdom Come: Deliverance ute med ny trailer og sleppdato

Kickstarter-suksessen kjem til neste år.

Det nyskapande rollespelet Kingdome Come: Deliverance har fått mykje merksemd for sitt fokus på realistisk framstilling av historie og kamp. Det er ingen dragar eller troll å drepe, berre ei forteljing basert på faktiske hendingar i Bohemia på 1400-talet.

Spelet fekk stor suksess på Kickstarter i 2014, der det samla inn over 12 millionar kroner. Dei som støtta Kingdom Come: Deliverance har allereie fått prøvd ut delar av spelet sidan byrjinga av 2016, men den nye traileren viser fram ei langt meir finpussa utgåve enn det me har sett så langt.

Kjem i 2018

Fans må førebels smøre seg med tolmod, for spelet kjem ikkje før til neste år. Kickstarter-kampanjen lova ein slepp i slutten av 2015, men me må no vente heilt til 13. februar 2018. Spelet kjem på PC, Xbox One og PlayStation 4 på likt.

Det skal ikkje så mykje til for å køyre spelet.
Skjermdump Steam

Den nye traileren viser fram fleire av spelets områder, storslåtte kampar og ei hemn-dreven forteljing. Det vaklande stemmeskodespelet og dei klønete animasjonane frå dei tidlegare videoane er stort sett vekke, og grafikken har blitt enno betre. Utviklar Warhorse Studios har nyleg henta inn den kjende britiske skodespelaren Brian Blessed til spelet, saman med Tom McKay som protagonisten Henry, som me høyrer i videoen.

Kingdom Come: Deliverance blei òg lagt ut på Steam i forbinding med traileren, der ein kan sjå midlertidige krav til maskinvare. Krava er overraskande låge med tanke på den imponerande grafikken, men utviklaren gjer merksam på at dei kan endre seg over tid.

Les også: Kickstarters største spelsuksessar og -kontroversar »

Siste fra forsiden