Kommentar

Sjølvrealisering via speling

Kva betyr eigentleg dataspel for oss?

Mikkjell ser tilbake på dagen han kjøpte sine første dataspel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg hugsar endå første gongen eg kjøpte eit dataspel sjølv. Året var 2004. Far min hadde nett fått seg ein ny laptop frå jobben, som opna visse moglegheiter for meg. Den gamle skulle vekk. Eg spelte korta mine godt, og fekk snakka meg til ein flunkande ny, brukt Toshiba-maskin med heile 64 MB RAM. Celeron-prosessoren på 700 MHz måtte jo vere midt i blinken for speling?

Mangfaldige timar gjekk med i å studere dette teknologiske underverket. Eg blei hypnotisert av fargespektrumet på sigersskjermen i kabalspelet, og leika med dei fancy WordArt-fontane i WordPerfect 2000. Men noko mangla. Venene mine på skulen hadde PlayStation, Nintendo 64, Xbox, og ymse anna. Eg brukte mykje tid hos naboen, benka framfor ein N64, men det blei ikkje heilt det same. Eg måtte ha noko eige.

Det blei tatt ei avgjerd. Ein tidleg søndagsmorgon sneik eg meg inn på soverommet til foreldra mine, og snappa ut ein hundrelapp frå den slitne lommeboka til far. Det var som reine bankranet på samvita. Eg hadde plukka med meg nokre myntar her og der, det merka han neppe, men ein lapp? Dette var mange pengar for 10 år gamle meg.

Morgonen etter kjende eg det sitra i kroppen. Det var litt som den kjensla du får når du har ein pakke på veg i posten med noko kult. Skuletimane gjekk i sniglefart. Det var som om klokka hadde stoppa opp. Ei eller anna høgare makt hadde sett kva eg hadde gjort, og bestemt for at dette kunne dei ikkje ha noko av. Tida skulle settast på pause. Evig mattetime for ulydige gutungar.

Men klokka fann til slutt ut at den måtte slå to. Eg sprinta ut av klasserommet, og heiv meg på den rustraude tregirssykkelen. Dei vakre Telemarksskogane forsvann bak meg i ei fartståke. Sveitten silte nedover ryggen.

I hjartet av den vesle heimkommunen min låg ei samling av butikkar. På skulen kalla me det for «byen». Det var ikkje sarkastisk, heller. Me hadde matbutikkar, ein leikebutikk, ei og anna sjappe som selde kleder. Og ein elektronikkbutikk, då. Denne forretninga, på toppen av hovudgata, hadde ei lita kasse i det inste hjørnet. Oppi den; skattar. Gamle spel, nye spel. Eg plukka med meg to, og betalte med den stolne hundrelappen.

Turen heim blei krevjande, og skura ned på tolmoda mi. Huset vårt var i motsett retning frå sentrum. Eg måtte forbi skulen, sykle langs ein veg, over ei bru, opp nokre bratte bakkar. Men eg heldt tempoet på topp. Fyrstikkbeina mine gjekk som stempel på pedalane, og bår meg heim på rekordtid.

Eg storma ned trappa til rommet mitt, og sat den første CD-en inn i datamaskinen. Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring frå 2002. Førebels hadde hussjefane lagt forbod mot å sjå desse filmane, så når eg først fekk auge på Frodo på baksida av eit spelcover i rotekassen på elektronikkforretninga, gjorde hjartet mitt eit lite hopp. Likevel; skuffelsen min kom momentant. Eg blei møtt av ein PowerPoint-presentasjon. Me snakkar kanskje tre bilete i sekundet. Maks.

Eg tok ut CD-en frå maskinen. Dette var ingen måte å oppleve eit slikt storverk på. Men alt håp var ikkje ute. Eg tok opp spel nummer to frå utflukta mi, eit rollespel. Ein trollmann omringa av lyn prega framsida av coveret. Nox¸ frå Westwood Studios. Der og då visste eg ingenting om kva dette var for noko, så eg heiv det inn i CD-ROM-stasjonen. PS/2 port-musa med sporeball lèt meg klikke rundt på nokre menyar. Installasjonen tikka og gjekk. Og der. Spelet opna seg. Blikket mitt flakka over ein eksplosjon av fargar, og musepeikaren dryssa alvestøv mens eg flytta på den. Intromusikken var fylt av mystikk, den lokka meg inn for å utforske spelets mange spanande hòler og kjellarområde. Musikken var skummel, men samstundes fekk det meg til å tenke på eventyrfilmar som Indiana Jones, og dei få sekunda eg hadde tort å sjå av Mumien. Dette måtte eg ha meir av. Eg trykte på start, og vipps – eg var hekta.

No som eg sit her 14 år seinare, har eg framleis denne dagen friskt i minne. Eg meiner å hugse at eg tok fem rundar gjennom Nox på nokre få veker.

Dette var den første gongen eg forstod at spel kunne gi meg noko meir enn berre underhaldning. Me snakkar om spel som ein veg vekk frå røynda, eit vis me kan kome oss vekk frå kvardagen. Men det er så mykje meir å hente. Fantastiske forteljingar som kan nå opp til klassisk litteratur, og utvide horisontane våre på nett det same viset.

Bruken av språk i eit interaktivt medium har utan tvil vore den mest effektive måten å lære engelsk for meg på, og har sikra seksarar gjennom heile skulegangen min. Eg er betre til å lese trafikkbiletet frå all tida eg brukt framfor skjermen i spelseriar som Need for Speed og Burnout, og eg har dratt nytte av taktiske ferdigheiter eg har tilnærma meg frå spel som Age of Empires og Civilization. Europa Universalis var ein av dei fremste grunnane til at eg byrja å studere statsvitskap. Kjappare innføring i politikk og historie skal du leite lenge etter.

Som barn lente mi forståing av moral til dels på rollespel. Baldur’s Gate. Nox. Eg var framleis ein jævelunge som dei andre gutane i klassen, men eg likar å tru at tida mi med store rollespel gav meg eit visst forsteg når det kom til bandet mellom handling og konsekvensar deretter.

Spelinga har òg haldt alle mine beste vener nært. No som me er spreidde for alle vindar etter skulegang, er dataspel det som framleis bind oss saman. Me benkar oss framfor skjermen for å spele skytespel, mens me skravlar i veg på Discord.

Dataspel har forma meg til den personen eg er i dag. Me lever i ei tid der denne industrien opplever ein eksplosiv vekst, og me vil få sjå meir og meir av dataspel i kvardagen. Eg har liten tvil om at dataspel i framtida vil vere like viktig for menneske som det litteratur og film er i dag. Fjorårets sjangersprengande opplevingar What Remains of Edith Finch og Hellblade: Senua’s Sacrifice er ein lett forsmak.

Framleis er dataspel eit stigmatisert tema. Jon Cato Lorentzen sa det fint på «Spill ut i verda»-konferansen i Oslo: Det er ein ting å kommentere til ein kollega på jobben at du satt oppe til langt på natt for å fullføre den nye Jo Nesbø-boka, men viss du seier det same om eit spel, får du gjerne eit litt skeptisk blikk i retur.

Eg trur ikkje dette kjem til å vere stoda om nokre år. Me er på veg inn i ein ny tidsalder for kultur – og steike kor spanande det er.

Har du minner om dine første spel, og/eller nokre tankar om kva dataspel har gjort for deg som person? Gi lyd i kommentarfeltet.

Siste fra forsiden