Anmeldelse

Fire Emblem Warriors: Three Hopes

Litt mykje av det gode

På sitt beste er Fire Emblem Warriors: Three Hopes suverent, men noko skurrar.

Har du spelt eit Mosou/Warriors-spel, veit du nøyaktig kva du har i vente med Fire Emblem Warriors: Three Hopes. Her handlar det lite om meistring. Stort sett held det å hamre på dei trauste angrepsknappane, og fyre laus eit spesialangrep når sjansen byr seg.

Det er ein uhyre enkel formel Omega Force har køyrt hardt på i ei årrekke, men det er vitterleg ein grunn til det. Den fungerer, den er fantastisk moro når alt sit som det skal, og den stadig aukande populariteten til desse spela burde vere eit temmeleg godt vitnesbyrd for akkurat det.

Nokre steg i feil retning

Spelet byr på ein haug ulike klassar og våpen.
Nintendo

Der Fire Emblem Warriors: Three Hopes feilar er i alt det som ligg rundt kampane vi er her for å kose oss med. Dette er og skal vere ganske hjernedaud underhaldning der du ikkje treng tenkje meir enn å gå dit for å knuse det før du går til neste post og knuser det du finn der.

I Three Hopes har derimot Omega Force og Nintendo funne ut at det må inn hakket meir substans enn som så. Resultatet er eit spel som for eit Warriors-spel er uvanleg tungt å kome inn i. Dei første øktene mine var korte, svært korte, fordi eg blei akutt lei. Eit masete fokus på ei historie som i dei første timane ikkje bydde på noko av interesse, samt ei overveldande mengde hjelpeskjermar som fortel deg alt frå essensiell informasjon til trivielt tøv som seier seg sjølv, gjorde spelet uhyre slitsamt.

Verre blir det av at du blir pumpa full av enormt mykje informasjon på kort tid, etterfulgt av tid der du ikkje får brukt noko av det du nett har blitt informert om. Når ein omsider kjem til eit punkt der ein treng det ein har blitt fortalt har ein gløymt det i mylderet av kunnskap ein blir tvangsfora, og må inn i menyane for å finne hjelpehinta der.

Det er jamt over ei oppskrift på korleis ein ikkje skal starte eit spel. For lite action, for mykje prating, for mange tekstlinjer om ting ein enno ikkje har eit handfast knutepunkt til. Gi meg action, få meg inn i moroa, og deretter kan du drysse historia over meg.

Politiske intriger

Frå verdskartet vel du kva slag du vil bryne deg på.
Nintendo

Når det er sagt, etter kvart som spelet kjem skikkeleg i gong blir historia ganske interessant. Three Hopes hentar sin inspirasjon frå Fire Emblem Three Houses, og introduserer oss for mykje av dei same folka vi møtte der. Du må derimot på ingen måte ha spelt Fire Emblem Three Houses for å kunne kose deg med Three Hopes.

Utviklarane gjer mykje riktig i å gjere Three Hopes til eit hakket meir interaktivt og historietungt spel enn dei fleste andre Warriors-spel. Vi følgjer ei lineær historie etter å ha valt eitt av tre hus, og får delta i krigføringa til ein gjeng krigarar med ulike motiverande faktorar.

Hiostoria er langt meir interessant enn dei første timane hintar om, og spelet gir deg sjansen til å bli betre kjend med dei ulike personane, og gjer eit hederleg forsøk i å gjere spelet rundt kampane meir interaktivt enn vanleg for sjangeren. Mellom slaga får du rusle rundt i ein leir der du får snakke med dine allierte, ta turen til ulike sjapper og lokasjonar for å oppgradere krigarane dine, snakke med, dei eller på ulikt vis byggje relasjonar og kampand.

Det blir diverre litt mykje av det gode. Mange japanske spel har eit litt absurd behov for å stappe kunstige venskap mellom digitale figurar ned halsen vår, og det same er gjeldande for Three Hopes. Relasjonar mellom krigarane kan få positivt utslag i kamp, så difor må vi bygge desse opp gjennom eit mylder av lange, og totalt uinteressant samtaler om drit og gulvvask som mest av alt fungerer som ei anledning til å gå på do eller ein sjanse til å lage seg litt mat utan å gå glipp av noko viktig.

Det er alltid deileg å samle ein haug med fiendar berre for å knuse dei alle med eit spesialangrep.
Nintendo

Stødig progresjon

Leiren byr likevel på mange viktige stoppepunkt for ein kvar krigar. Det er her du trenar opp krigarar i nye klassar som opnar opp for nye våpen og enda heftigare angrep, samt låser opp diverse passive og aktive kampeigenskapar som både er med på a differansiere krigarane frå kvarandre, samt å fokusere litt på korleis du sjølv likar å spele.

Sistnemnde er eit tema som er meir gjeldande i Three Hopes enn vi stort sett ser i Warriors-spela. Her kan alle krigarar ta på seg alle klassar, og med det alle våpen. Slik sett kan du spele nøyaktig den karakteren du vil, nøyaktig som du vil. Har du funne din favorittfigur blir det i tillegg veldig lett å handtere spelets stein-saks-papir-prinsipp. Som i alle Fire Emblem-spel har vi eit våpenhjul der sverd er svakt mot stakevåpen, stakevåpen er svakt mot øks, og øks er svak mot sverd.

Før kvar kamp får du studere kartet og sjå kva våpen fiendane har, og du kan såleis enten velje krigarar som er sterke mot det du møter, eller skifte klasse og/eller våpen på den eller dei krigarane du vil. Kartet vil bli flittig brukt medan du spelar òg. Du har med deg ei gruppe krigarar av varierande storleik, og medan du alltid berre styrer ein krigar direkte, kan fritt hoppe mellom dei, eller flekke fram kartet for å sende dei resterande krigarane mot andre mål. Det er ikkje mykje, men det gjev spelet eit ørlite snev av taktikk som løftar den totale opplevinga.

Som vanleg er det forrykande moro i aksjon, og det er noko med Fire Emblem-formelen som kler Warriors-sjangeren uhyre bra. Stein-saks-papir-prinsippet er alfa omega i dette spelet, og når ein nyttar det riktig går det unna. Tempoet er høgt, og dei fleste slag er over på mellom fem og ti minutt, noko som gjer det veldig lett å berre ta seg ei kjapp runde her og der, eller ta berre eit slag til før ein legg spelet frå seg.

I basen får du oppgradere soldatar, våpen, og slå av ein prat for mange.
Nintendo

Det er berre ein liten ting som etter kvart veks og gneg til det blir ein massiv irritasjon av apokalyptiske proporsjonar. Spelet avbryt deg heile tida. Det er konstant, og frykteleg irriterande. Enten så har nokon på laget ditt gått opp eit erfaringsnivå – og dette må spelet pausast for å fortelje deg – elles så er det eit nytt mål og ein ny krigar dukkar opp, og spelet stoppar opp og må trykkast vidare opptil fleire gongar på få sekund. Det finnest ikkje noko verre enn å bli stoppa medan du er midt i sona, igjen. Den som tenkte dette var ein god ìde bør sjå seg om etter nytt arbeide.

Konklusjon

Fire Emblem Warriors: Three Hopes bringer ikkje mykje nytt til sjangeren, men finsliper det utviklarane allereie er frykteleg gode på. Spesielt godt likar eg korleis du kan finjustere krigarane og utruste dei med ulike våpen og eigenskapar før du går til kamp med dei. Slaga går i eit enormt tempo og byr på stor underhaldningsverdi. Akkurat her er kanskje serien på sitt aller, aller beste i Fire Emblem Warriors: Three Hopes.

Der spelet fell, er i dei mindre tinga. Dei som eigentleg ikkje er naudsynte, men som er her likevel. Det er for mykje fokus på pjatt. Uinteressante og tøvete samtaler om blomster og gulvvask som eksisterer berre fordi nokon innbiller seg dette er det folk vil ha. Det er for mykje fyllstoff her, i eit spel som ikkje på nokon måte treng fyllstoff.

Det mest irriterande er likevel alle dei forferdelegg irriterande avbrytingane medan du spelar. Å få spelet pausa kvart tiande sekund fordi spelet ser på det som essensielt å stoppe spelet for å fortelje deg at nokon har gått opp i nivå, eller ein av tjue krigarar har entra manesjen, har ingenting her å gjere.

7
/10
Fire Emblem Warriors: Three Hopes
Stor moro som blir dyssa ned av små irritasjonar.

Siste fra forsiden