Samletest

Berbar gaming-PC til 10 000

Dette er den beste gaming-PCen til studiestart

Me testar korleis tre ulike gamingmaskinar gjer det i studentlivet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Testdata i spel (benchmark)

Det nærmar seg studiestart for hausten, og me i Gamer.no har undersøkt litt om det er mogleg å finne ein berbar datamaskin som er habil både til speling og som verktøy i førelesingssalen til under 10 000 kroner.

Studentar flest har dårleg råd, og har ikkje nødvendigvis moglegheit til å blåse 10 000 på ein studiemaskin. Men me mistenker at spelarane som skal gi seg ut på norske universitet og høgskular uansett finn pengar til å noko å spele med, så kvifor ikkje kombinere?

Den ideelle studie- og gamingmaskinen skal helst vere kraftig nok til å køyre nye spel utan å måtte skru ned for mange innstillingar. Maskinen bør vere grei å skrive på, gjerne ha eit kamera for fjernundervisning og lage lite nok støy til at han ikkje blir sjenerande i klasserommet. Ikkje minst bør maskinen vere liten og lett nok til at ein kan slenge han i sekken.

Det er mykje som skal klaffe. No er me inne i siste periode av Ampere- og RDNA 2-arkitekturane for skjermkort frå Nvidia og AMD, og prisane har gått ned såpass mykje at ein kan gjere nokre gode kjøp.

Gamer.no har difor invitert nokre av dei største nettbutikkane til å sende oss éin maskin kvar. Kven kan gi det beste tilbodet for 10 000 kroner?

Kompromiss

Det å kjøpe ein berbar spelemaskin handlar om å prioritere. Ingen er best på alle kategoriane, og difor må ein velje kva som er mest viktig:

Er det låg støy og lite varmeutvikling? Ergonomi? Er det høgast mogleg biletefrekvens? Eller kanskje vil du ha ein som taklar multitasking utan å henge?

Desse kompromissa gjeld dobbelt for billige modellar.

Komplett, MSI og Power har sendt kvar sin maskin for testen vår. I utgangspunktet hadde MSI lova oss at maskinen skulle koste 10 000 akkurat til me publiserte testen, men Elkjøp ombestemte seg i siste liten og heldt på prisen på 10 495 kroner. Ikkje krise, for så vidt.

Det har vore vanskeleg å avgjere kva maskin som er best, for dei er ganske ulike, og kvar fyller si rolle. Her vil det nok vere enklare for lesaren å bestemme, for du veit om du helst vil ha mest mogleg yting i spel, den minst sjenerande brukaropplevinga i førelesingssalen eller best yting til produktive oppgåver.

Testen vår enda med uavgjort. MSI sin maskin er den kraftigaste, ASUS er valet for dei som treng lang batterilevetid og Lenovo-maskinen er for dei som vil ha noko anonymt til litt mindre pengar.

Me startar med å kikke nærmare på MSI sin maskin.

For gamingentusiasten

Testens største rabatt finn me på denne datamaskinen levert av MSI. Høg prislapp betyr ikkje nødvendigvis at maskinen er best, men denne har definitivt dei mest attraktive spesifikasjonane på papiret.

KRAFTIG: MSI moser konkurrentane når det kjem til yting.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

MSI Katana GF66 måler tre centimeter med lokket nede, og veg rundt 2,4 kilo. Det er framleis lett nok til at maskinen er grei å drasse med til førelesingssalen, men her slepp du nok ikkje unna nerdestempelet når du set han på pulten.

MSI Katana GF66

Vis mer

Skjermkort: Nvidia GeForce RTX 3060

Prosessor: Intel Core i7-11800H (8 kjernar)

RAM: 16 GB DDR4 2666 MHz

Skjerm: 15.6-tommar skjerm, 144 hertz oppdateringsfrekvens, 250 nits lysstyrke, 1920x1080

Lagring: 1 TB NVMe M. 2 SSD

OS: Windows 11 Home

Tilkopling: Wi-Fi 6 og Bluetooth 5.2

Pris: 10 495

Tastaturet har lys i tastane, og brytarar med kort vandring og hard tilbakemelding. Dette lagar meir støy enn dei to andre, men er behageleg å skrive på. Det er mest ei smakssak om kven som har best tastatur av denne og ASUS-maskina under.

Eg syns denne peikeplata har dei beste knappane i testen, men ho er for lita og for langt til venstre på maskinen. Brukaropplevinga med peikeplata er elles heilt grei. Alle testens peikeplater er relativt gode.

Av kontaktar finn me to USB 3.2-inngangar på venstre side. På høgre side er det Ethernet-port, AUX-inngang, USB-C-kontakt og endå ein USB 3.2-inngang.

LITA PEIKEPLATE: MSI skulle spandert på maskinen ei større peikeplate. Det er for øvrig ingen tvil om kva maskin som tar premien for å vere mest støvete.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

15.6"-skjermen er toppa med tjukke rammer og eit 1280x720-webkamera med litt betre kvalitet enn Lenovo-maskinen. Med andre ord er kameraet ganske dårleg.

Skjermpanelet har ein oppdateringsfrekvens på 144 hertz, og fargar og lysstyrke omtrent på linje med ASUS-maskinen. Ikkje veldig imponerande, men godt innanfor.

Det er spelytinga der MSI Katana GF66 verkeleg skin. Her er det nesten ikkje konkurranse ein gong. Den åttekjerna i7-prosessoren gjer at GF66 knuser ASUS-maskinen (som har same skjermkort) i prosessorkrevjande spel.

Prosessoren sikrar òg den beste ytinga i produktive oppgåver. Foto- og filmredigering skal funke greitt med denne og Lenovo-maskinen, men MSI har ei klar leiing her.

Du kan sjå testdata på neste side i artikkelen. Det store minuset er meir støy og elendig batterilevetid. MSI-maskinen produserer i snitt 48 desibel under last, og viftestøyen har ein meir plagsam karakter enn det ASUS-maskinen har. Det er reine hårfønaren når vifta startar.

HEILT NED: MSI-maskinen er den einaste som kan leggje ned skjermen motsett veg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette kjem nok av den høge straumgrensa til prosessoren. På det meste drog i7-prosessoren 95 watt, og då er han oppe på heile 101 grader. Det er i overkant varmt. Skjermeininga klokkar òg tidvis ned under full last, då han treff 91 grader på det meste. Likevel er MSI-maskinen overlegen i spel.

Batteriet er elendig. ASUS-maskinen varar nesten dobbelt så lenge (sjå neste side), og Lenovo-maskinen held halvannan time lenger enn denne.

Totalt sett er MSI-maskinen den mest sjenerande under førelesinga, men det skal litt til for at vifta startar. Det kan gå som studieverktøy, til nauds. Du kjem uansett ikkje til å få tid til å tenkje noko særleg på støyen før batteriet ditt går tomt.

Dette er nok valet for dei som først og fremst vil ha ein kraftig gamingmaskin på kontoret heime. Det gjeld sannsynlegvis dei fleste av våre lesarar. Du kan alltids ta han med på campus om du har tilgang til straum, men elles kjem du til å slite om du har meir enn ein dobbeltime.

7.5
/10
MSI Katana GF66 (11UE-088NEU)
Klar vinnar i rein yting, men neppe heilt det store i førelesingssalen.
Desidert best spelyting
Overlegen på produktive oppgåver takka vere prosessoren
Brukande webkamera
Størst SSD
144 hertz-skjerm
Behageleg tastatur
Elendig batteri
Plagsam viftestøy
Lita peikeplate
Tyngre og større enn dei andre
Sprenger budsjettet

For den pengemedvitne

Testens mest rimelege maskin er levert av Komplett. Lenovo IdeaPad Gaming 3 liknar mest på ein vanleg kontor-berbar, og er eit bra val for dei som ikkje vil avsløre gaming-hobbyen sin for heile førelesingssalen.

Med ei vekt på 2.25 kilo er han litt tyngre enn ASUS-maskinen, men er omtrent nett like tjukk med lokket nede.

BILLIG: Lenovo-maskinen kostar 1500 og 2000 kroner mindre enn dei to andre. Det kjem godt med i studentbudsjettet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Alle tastatura i testen er av respektabel kvalitet, men Lenovo trekk det kortaste strået i testen. Brytarane i tastaturet burde hatt lengre vandring, og har difor ikkje like behageleg tilbakemelding som dei to andre tastatura. Pluss for NumPad, som berre MSI og Lenovo har.

Lenovo IdeaPad Gaming 3

Vis mer

Skjermkort: Nvidia GeForce RTX 3050 Ti

Prosessor: AMD Ryzen 5 5600H (seks kjernar)

RAM: 16 GB DDR4 3200 MHz

Skjerm: 15.6-tommar skjerm, 120 hertz oppdateringsfrekvens, 250 nits lysstyrke, 1920x1080

Lagring: 512 GB NVMe M. 2 SSD

OS: Windows 11 Home

Tilkopling: Wi-Fi 6 og Bluetooth 5.0

Pris: 8490

Peikeplata til Lenovo er testens vinnar.

Av inngangar finn me ein Ethernet-port, ein USB-C-port og ein HDMI-port på venstre side, og to USB 3.2-portar og ein AUX-port på høgre side. Både ASUS-maskinen og denne har ladeinngangen midt på venstre side, som sannsynlegvis vil irritere dei som er venstrehendte. Då må ei eventuell ekstern mus ligge eit stykke vekk for å ikkje ta borti.

Skjermen på denne har ein oppdateringsfrekvens på 120 hertz. Det skal litt til for å merke forskjell på oppdateringsfrekvensen til denne og dei to andre, men fargane er ikkje like nøyaktige på Lenovo sin skjerm. Dette er ikkje valet for dei som driv med bileteredigering eller liknande.

Rammene på skjermen er òg litt tjukkare enn på ASUS sin. Til gjengjeld har Lenovo fått plass til eit webkamera med oppløysing på 1280x720, men kvaliteten er latterleg dårleg.

KONTOR: Det er ingenting gamingpreg ved maskinen til Lenovo.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

RTX 3050 Ti-skjermkortet er veikskapen til denne maskinen opp mot dei andre. Du sparar 1500 kroner, men kan vente deg lågare biletefrekvens i spel som treng meir videominne. Forskjellen er betydeleg i Cyberpunk 2077. Den sekskjerna AMD-prosessoren leverer derimot betre yting enn det Intel-prosessoren i ASUS-maskinen gjer, så ytinga kjem litt an på kva du skal spele.

SOLID: Både peikeplata og tastaturet er sikre val.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Speler du mange AMD-optimaliserte spel eller spel optimalisert for fleirkjerna prosessorar, så vil du kunne gjere eit godt kjøp med denne då han kostar 8500 i skrivande stund (og han har vore 500 kroner billigare før, så her kjem det sikkert Black Friday-tilbod). Men det er liten tvil om at du bør kjøpe MSI-maskinen om rein yting heng høgast. ASUS sin maskin er òg betydeleg kraftigare i spel som får skjermkortet til å sveitte.

Lenovo-maskinen produserer 43 desibel med viftestøy under full last, som er merkbart mindre enn dei to andre. Prosessoren kom opp på 97 grader på det meste, som gir litt underklokking, og skjermkortet klatra opp på 82 grader.

Batterilevetida er så vidt akseptabel. Har du åtte timar med førelesingar kan du berre gløyme å bruke denne heile dagen utan å lade, men denne maskinen er nok den som passar best for den som vektar speling og studering likt.

Forholdsvis lite støy
Anonymt design
Webkamera
Kraftig i produktive oppgåver
Slår ASUS-maskinen i spel som utnyttar prosessoren skikkeleg
Velbygd tastatur og den beste peikeplata
Har den kjappaste SSD-en
Webkameraet er elendig
Middels batterilevetid
Svakt skjermkort
Unøyaktige fargar

For dei med lange dagar utan lading

Power sitt bidrag til testen er ein ASUS TUF Dash F15. Maskinen har eit relativt lett og tynt kabinett med ei vekt på to kilo og ei breidde på 2.3 centimeter med lokket nede.

BATTERIKONGEN: Berbare gamingmaskinar har generelt elendig batterilevetid, men denne maskinen er ikkje så altfor gale.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Alle maskinane i testen har skjermpanel på 15.6 tommar, og tar naturleg nok ein del plass i sekken. For min del er 14-tommaren den rette storleiken for denne typen produkt, men det hjelper å ha ein litt større skjerm når ein skal spele.

ASUS TUF Dash F15

Vis mer

Skjermkort: Nvidia GeForce RTX 3060

Prosessor: Intel Core-i5 11300H (fire kjernar)

RAM: 16 GB DDR4 3200 MHz

Skjerm: 15.6-tommar skjerm, 144 hertz oppdateringsfrekvens, 250 nits lysstyrke, 1920x1080

Lagring: 512 GB NVMe M. 2 SSD

OS: Windows 10 Home

Tilkopling: Wi-Fi 6 og Bluetooth 5.1

Pris: 9999

Kabinettet har eit openbert gamer-preg. Men du kan alltids slå av RGB-lysa i tastane, og det er liten tvil om at denne maskinen er den mest stilige i testen. Mesteparten av materiala rundt tastaturet er av aluminium. Fingeravtrykk og flekkar set seg fort, men byggekvaliteten verkar solid.

Membranbrytarane i tastaturet har kort vandring og ei mjuk tilbakemelding, og gir ei fin tasteoppleving for ein maskin i denne prisklassen. Peikeplata gjer òg jobben, men kunne med fordel vore større. Dei andre to maskinane har betre peikeplater.

Maskinen har rikeleg med inngangar på sida, med ein Ethernet-port i full storleik, ein HDMI-port, ein USB 3.2-port og ein USB-C-port på venstre side. På høgre side er det to USB 3.2-portar til.

Skjermen har ein oppdateringsfrekvens på 144 hertz, og er G-Sync-kompatibel. Adaptive Sync-teknologien gjer at skjermen tilpassar oppdateringsfrekvensen til kva biletefrekvens maskinvaren klarar i ulike spel. Dette har ikkje dei andre maskinane, og løftar spelopplevinga ein del.

DESIGNVINNAR: ASUS sin maskin er moterett.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rammene rundt skjermen er tynne, men det gjer at du ikkje får med noko webkamera. Det er eit lite minus. Mikrofonen og høgtalarane er så vidt brukande.

Lysstyrken på skjermen er ikkje all verda å skryte av, men fargane er nøyaktige og livlege. Generelt får du omtrent det du forventar av prisen når det kjem til byggekvalitet, tilkoplingar og skjermen.

Men kva med ytinga? RTX 3060-skjermkortet i maskinen held biletefrekvensen høg sjølv i Cyberpunk 2077, og vil ha null problem med å køyre dei aller fleste eldre spel på maks innstillingsnivå med biletefrekvens over 60.

Under full last måler støyen frå maskinen i snitt 47 desibel, med nokre periodar der vifta er oppunder 50 desibel. Det er såpass mykje at eg ville brukt eit headsett med støydemping når eg speler, men det gjeld alle maskinane i testen. Ved vanleg skrivebordsbruk måler eg 32 desibel i «Performance»-modus. Du høyrer framleis viftesusen då, men det er ikkje nok til at du får irriterte blikk frå dei andre i klassen.

MYKJE STØY: Dash F15 får eit solid minus for plagsam støy, men du merkar nok ikkje dette under nettsurfing og skriving.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I stillemodusen for vifta forsvinn omtrent all lyd. Det er uansett den eg ville brukt under førelesinga, for temperaturane klatrar sjeldan noko særleg når ein noterer. Ein får berre krysse fingrane for at vifta ikkje går amok.

ASUS TUF Dash F15 er på ingen måte nokon optimal studiemaskin, men han har testens klart beste batteri. Det hjelper på. Så lenge du ikkje skal gjere krevjande oppgåver medan du følgjer førelesingane, så held støyen seg nede. Maskinen har dessverre ikkje webkamera, men leverer grei yting for prisen.

Prosessorytinga er det største minuset. Lenovo-maskinen gir mykje meir for pengane i produktive oppgåver, og det betre skjermkortet må ein nesten vekte opp mot kva type spel ein speler.

7.5
/10
Asus TUF Gaming Dash F15 (FX516PM-HN013T)
Grei yting med forholdsvis lang batterilevetid.
RTX 3060-skjermkortet er meir framtidssikkert enn Lenovo-varianten
Klart best batterilevetid
Behageleg tastatur
Stilig og lett kabinett
144 hertz skjerm med Adaptive Sync
Plagsam støy
Manglar webkamera
Kjem med Windows 10, ikkje 11
Middels peikeplate
1: Test og konklusjon
2: Testdata i spel (benchmark)

Siste fra forsiden