Anmeldelse

Mario Party Superstars

Mario-moro for heile familien

Mario Party Superstars er eit nostalgisk gjensyn med seriens start.

Mario Party-serien har halde det gåande sidan 1998, og i løpet av åra som har gått har serien dukka opp på alt som er av Nintendo-plattformer. I år har Nintendo tenkt at det er på tide med ei feiring. Med Mario Party Superstars får vi det som kort sagt kan kallast ei Best Off-samling der Nintendo har samla favorittane frå dei første spela i serien. Her får vi fem spelebrett basert på brett vi fann i dei originale Nintendo 64-spela, samt ein haug med minispel frå Mario Party-serien opp gjennom åra.

Det er som du kanskje skjønar lite nytt her, men det er heller ikkje poenget. Her skal historia feirast, og det blir raskt tydeleg at ved sidan av nostalgifaktoren som raskt kan bli høg for gamle spelarar, er dette ein spelserie som fann seg sjølv veldig tidleg.

Null kontroll

Skogen byr på vegar som skiftar retningar.
Nintendo

Om du vil kan du sjølvsagt spele Mario Party Superstars aleine, men det er eigentleg heilt meiningslaust. Dette er eit spel som skal spelast saman med andre, enten i sofaen eller over nett. I kjend Mario Party-stil startar vi med å plukke ein figur som skal representere oss på spelebrettet. Allereie her merkast det at dette ikkje er eit heilt nytt spel. Vi får berre ti forskjellige figurar å velje mellom, og det er dei mest opplagde. Vi finn naturlegvis Mario og Luigi, Yoshi og Donkey Kong, samt Prinsesse Peach og resten av den vanlege staben.

Det er litt lite, litt keisamt, og det blir ekstra tafatt av at dei reint bortsett frå det kosmetiske er heilt identiske. I Super Mario Party introduserte Nintendo individuelle terningar for kvar karakter, der nokre gav høge tal mot høg risiko, eller låge tål mot låg risiko og alt inni mellom. I Mario Party Superstar får vi berre ein terning, og den går frå ein til ti. Det er fint å kunne springe langt, men det er òg lett å sakne nye element når dei brått er borte.

Så snart alle har valt ein figur er det berre å setje i gong. Om du ikkje kjenner serien er Mario Party ein serie med spel der du enkelt fortalt spelar brettspel i Marioland. Du vel deg ein figur frå Mario-universet, og trillar terning for å finne ut kor mange plassar du får lov til å flytte kvar tur i di jakt på flest mogleg stjerner, og gullet du treng du å kjøpe dei.

Eit lass med minispel

Horror Land skiftar mellom natt og dag.
Nintendo

Etter tur vil kvar spelar trille terning for å sjå kor langt ein vil kome. Spelet støttar fire spelarar, og om du berre er ein eller to, kan du fylle ut med datastyrte for å halde festen i gong.

Medan du vandrar over brettet kan du lange på ein heil haug med ulike positive eller negativte felt. Nokre gjev deg pengar, andre tek pengar, medan andre igjen gjev deg gjenstandar du kan bruke for å få eit overtak. Dette kan vere alt frå soppar som sender deg lengre av stad, doble terningar, eller moglegheita til betale eit spøkelse for å stele frå andre spelarar.

På slutten av kvar runde må alle deltakarar vere med på eit av hundre forskjellige minispel, og det er her, som i alle Mario Part-spel vi finn mykje av moroa. Hundre små spel er eit solid lass, og det er ein enorm variasjon i dei. Du får bryne deg på alt frå å trekke i kjakane til Bowser, dytte motstandarar av ei plattform, klatre opp ein bakke medan steinar rullar mot deg, til å samle iskuler i beger. Ingen av dei varer lenge, men det er mykje moro i dei, og det er så mykje variasjon i dei at sjøl om ein kanskje ikkje er ein kooridnasjonsmeister vil ein kunne finne noko ein er god i.

Etter dei artige rørslespela i Super Mario Party blir det likevel litt lett å sakne nokre av dei her òg. Sjølv om dette er ei samling gamle ting i ny innpakning, ser eg for meg mange måtar å inkludere rørsle på for dei som ynskjer det, og det er litt synd det ikkje er med her, for om rørsler passar ein plass, så er det i Mario Party.

Minispela er mange og varierte.
Nintendo

Flaks er alt

Dei store stjernene i Mario Party Superstars er absolutt dei fem bretta. Dei er flotte, fargerike verder det er moro å springe rundt i, og dei er alle svært forskjellige. Progresjonen på dei er i tillegg svært god. Dei startar nesten banalt enkelt der du berre treng springe framover for å nå fram til dei stjernene du treng.

Etter kvart kjem derimot større og langt meir innvikla brett. Vi får fleire vegar å gå, og mange fleire måtar å få tak i stjerner på. Vegar kan opne og stenge seg basert på ei rekke ulike faktorar, og spelarane kan verkeleg gjere livet surt for kvarandre berre ved å hamne på ein knapp som stenger ein veg.

Vi finn etter kvart mange metodar vi kan ta i bruk for å legge kjeppar i hjula på dei andre spelarane. Ei bane via temaet skrekk og gru byr til dømes på vegar som berre er opne og natta, ei anna byr på ei tidsinnstilt bombe som kan ta alle pengane dine, og ein og annan stad finn vi spøkjelse som let deg stele stjerner frå motspelarane dine. Dei store bretta byr jamt over på mange fleire måtar å både skaffe seg gull og stjerner på, men og fleire måtar å miste dei på, og det blir vanskelegare og vanskelegare å leggje noko som minnar om planar. Flaks blir raskt den regjerande faktoren.

Underhaldningsfaktoren er likevel høg, og bretta byr på mykje moro, men det er litt i minste laget med berre fem brett. Du har raskt vore gjennom dei, og samanlikna med ein del av bretta i nyare Mario Party-spel er ikkje ambisjonsnivået det aller høgste. Mario Party Superstars endar difor ganske kjapt med å framstå som ei noko skral pakke. Det er innhald her, men ikkje nok. Ti figurar å spele som der alle i praksis er heilt like, og berre fem brett blir hakket for lite å bryne seg på i lengda.

På tide å stele nokre stjerner.
Nintendo

100 minispel er sjølvsagt moro å bryne seg på, og det er eit pluss at ein kan velje å spele dei utan å ta vegen rundt spelebretta, men det er tross alt berre minispel. Det er ei grense for kor lenge ein kan halde på med slike aleine. Spelet prøvar å bøte på dette ved å la deg samle ein haug med dill dall som klistremerker og musikk du kan nyte om du vil. Det er eit fint tilskot for samlaren, men har lite å seie for dei som først og fremst vil spele.

Konklusjon

Mario Party Superstars byr ikkje på ei einaste overrasking. Det er eit Mario Party-spel, og om du har spelt Mario Party før, veit du kva det betyr. Vi får fine brett, artige minispel, og mykje moro ei god stund. Kor artig dette spelet er er fullstendig avhengig av at du har nokon å spele med, og ikkje minst kven du spelar med, og i godt lag kan du lett halde det gåande lenge med dette spelet.

Eg saknar likevel hakket meir variasjon, og inkluderinga av nyare Mario Party-idear. Fleire figurar å velje mellom, fleire brett å spele på, og individuelle terningar hadde gjort veldig mykje for å løfte dette spelet opp eit ekstra hakk, og utvida levetida noko.

I staden sit vi igjen med ei litt skral pakke som trass høg underhaldningsverdi framstår som litt blodfattig, og eg tenker eg heller trekk fram Super Mario Party igjen neste gong Mario Party-kløa melder seg.

7
/10
Mario Party Superstars
Eit artig spel som godt kunne vore litt større.

Siste fra forsiden