Anmeldelse

Monster Hunter Rise: Sunbreak

Monsterjakt for eliten

Nye utfordringar ventar når Capcom inviterer til monsterdans.

Capcom

Om eg har eit ankepunkt ved Monster Hunter Rise: Sunbreak, er det at Capcom tek seg lovleg god tid med å verkeleg fore oss det nye. Det tok meg mange timar før eg fekk ta turen til det andre av dei to nye områda, og enda fleire timar før det dukka opp nye jaktoppdrag i same område.

Spelet er jamt over nøyaktig det same spelet som blei lansert i fjor, berre med meir å gjere, fleire monster å ta knekken på, og eit ørlite mylder med små justeringar rett under overflata. Samanlagt sit vi igjen med ei oppleving som både er smidigare, men òg til tider både lettare og meir utfordrande enn spelet i utgangspunkt var.

Er du klar?

ER du uforsiktig får du pryl av dette beistet.
Capcom

For å spele Sunbreak må du først ha gjort unna alt det viktigaste i Monster Hunter Rise, så om du ikkje har nådd jaktrank 7 kan du eigentleg berre legge Sunbreak på hylla til det er gjort. Du må bevise at du er verd det for å få lov til å bryne deg på dei nye utfordringane og meisterranken utvidinga byr på.

Vi blir tidleg tekne med til eit nytt baseområde der vi får bli kjende med eit knippe nye folk som alle har noko dei vil prate om, og noko dei vil du skal gjere. Om du, som meg, hadde vore borte frå Monster Hunter Rise ei god stund før du plukka det opp igjen, er det nesten makelaust kor rusten ein raskt kan bli. Eg måtte nesten lære meg alt bortsett frå dei primære mekanikkane (dei er litt som sykling) på ny.

Monster Hunter-serien er i ein ganske unik posisjon der den glir i to ulike retningar på ei og same tid. Med kvar nye utgåve blir spelet meir tilgjengeleg og lettare å kome i gong med, men samstundes stappar Capcom inn fleire og fleire nye element som etter kvart har skapt eit detaljnivå så komplekst at det nesten skal godt gjerast å ha kontroll på alt.

Ikkje berre skal du ut på jakt i farlege område med eitt av 14 våpen som alle byr på ganske så ulike spelestilar. Du skal ha deg rustning tilpassa spelestilen din frå eit mylder av valmoglegheiter, du skal pynte på utstyret ditt med gjenstandar med bonusar, ete riktig mat før kamp, og ein drøss med andre små og store ting som samanlagt gjer deg betre rusta til å møte monsetra. Eg skal ikkje nekte for at eg byrja å lure på om eg verkeleg orka setje meg inn i alt dette då eg først fyrte opp Sunbreak.

Nokon har lest Dracula det siste året.
Capcom

Er det nok?

Det er eit enormt spekter av detaljar under panseret på Monster Hunter Rise: Sunbreak, og eg vil tippe mykje av det vil gå mange spelarar hus forbi. For andre vil dei små, og tidvis store endringare Sunbreak fører med seg få mykje å seie. Navigering i terrenget har fått seg eit løft der du no kan springe friare opp fleire fjellveggar, og bruken av wirebugs er hakket forbetra. I tillegg får vi fleire nye silkbind-angrep med Sunbreak, samt moglegheita for å byte oppsett midt i kampens hete.

Det er mykje å halde styr på, men det kanskje aller viktigaste som følgjer med Sunbreak er dei nye monstera og karta. Som ein etter kvart har lært seg å forvente er det nokre vanvittige monster som dukkar opp. Viltre, energiske, fulle av livsfarlege anrep, og alle er klare til å gi deg eit formidabelt spark bak. Heilt nye er derimot ikkje alle. Nokre av dei returnerer frå tidlegare spel, og for å vere heilt ærleg så er ikkje nye monster den heilt store hendinga all den tid Capcom har pumpa inn nye beist regelmessige sidan lanseringa av Monster Hunter Rise.

Av langt større interesse er to nye kart, med eit tredje på veg seinare i sommar. Det første kartet, Jungle, byr som namnet tilseier på ein ganske så kompelsk jungel med vakkar strandsone, og diverse terreng i innlandet. Det andre kartet heiter Citadel og byr på eit gammalt slott omringa av eit variert og hakket meir nordleg naturlandskap enn kva jungelen har å tilby.

Eit ganske så erketypisk jaktlag.
Capcom

Som med alle Monster Hunter-kart sidan Capcom opna opp verdene sine i Monster Hunter World, byr begge dei nye karta på svære, omfattande område det er overraskande lett å gå seg vill i. Dei er fulle av omvegar, avstikkarar, snarvegar og gøymde skattar. Dei kan framstå forvirrande dei fyrste gongane ein spelar, men etter kvart som ein har vore gjennom desse områda fleire gongar og har blitt kjende med dei, viser det smarte designet seg for alvor. Å jakte på monster i desse landskapa er ei jakt både med og mot naturen, og det er ei fantastisk oppleving å sjå desse tidvis massive monstra boltre seg gjennom det levande landskapet.

Det må òg poengterast kor lett det er å gløyme at ein spelar på Switch. Monster Hunter Rise: Sunbreak er mykje penare enn det har nokon rett til å vere, og det heile seier svært mykje om jobben Capcom har gjort med RE Engine.

Meir mekking

Nye område og nye monster betyr sjølvsagt nye ressursar, og nye ressursar betyr nytt utstyr. Monster Hunter Rise: Sunbreak introduserer meisterrank-utstyr, og dette gjev alt du drassar på eit velkoment løft. Når ein brått både tåler meir skade, og serverer meir skade merkast det kjapt, og sjølv om ein sjølvsagt har eit firspann med monster klare til å lage graut av deg, er det noko eige ved å kunne gå tilbake til tidlegare trugslar og pryle dei utan større problem.

Ei mindre godkjensle får eg frå inventaret i Sunbreak, og korleis denne serien etter så mange år byr på eit inventar mest likt eit gigantisk kaos på veg mot randen. Spelet manglar ein god måte å sortere ut det som ikkje lenger er brukandes på, og du endar opp med side opp og side ned med råvarer du skal ha tolmod og ork for å sortere gjennom.

Jungelen byr på vakker utsikt mellom slaga.
Capcom

Eg har ikkje det, så eg lar det ligge og ta opp plass og himlar heller med auga over at Capcom enno ikkje har gjort noko med dette rotet, som å til dømes late oss selje alt som er under ein viss terskel.

Eit anna problem, om ein kan kalle det det, er den dramatiske skilnaden på å spele dette spelet aleine, eller saman med andre. Om du skulle vere i det isolerande humør og helst vil gjere noko på eiga hand må du førebu deg på ein langrdryg seanse. Monstera er kulesvampar utan like når ein spelar aleine, og det er ganske dramatisk kor mykje lenger tid ting tar på einmanshand.

Interessant nok byr Sunbreak på ein ny type oppdrag der du kan ta med deg diverse datastyrte personar på tur for å jakte monster. Det er ein slags simulert fleirspelar, og det fungerer heilt greit, men det er litt vanskeleg å sjå kva poenget eigentleg er, all den tid Monster Hunter strengt tatt er ein serie spel laga for at fire spelarar skal gå til kamp mot massive monster.

Konklusjon

Capcom leverer igjen, og i seinare år kan det nesten sjå ut til at den japanske giganten ikkje er i stand til å trå feil. Dei pumpar ut lekre spel i høg kvalitet i eit latterleg tempo, og Monster Hunter Rise: Sunbreak føyer seg lett inn i den rekka.

KRabber er best når dei er små.
Capcom

Dette er ei utviding som byr på ei rekke små, men merkbare justeringar som gjer livet som jegar om ikkje lettare å overleve, så i alle fall lettare å handskast med. Vi får nye monster, nye område, og mykje nytt utstyr å leike oss med. Jamt over ei solid pakke med nytt innhald.

Det er likvel litt vanskeleg å riste av seg kjensla av at dette berre er meir av det same. Sjølv med nye område vil dei fleste jaktoppdrag utspelet seg i dei same områda du har trava rundt i i eit år allereie, mot stort sett dei same beista du har jakta i eit år. Slikt sett er det litt vanskeleg å finne den same entusiasmen no som for eit år sidan, men for den lidenskaplege jegar er det likevel nok å setje tenna i her.

7
/10
Monster Hunter Rise: Sunbreak
Ei solid utviding som byr på meir av det same.

Siste fra forsiden