E3 2021 – Zelda Game & Watch

Nintendo feirar Zelda med eigen Game & Watch

Tre klassiske Zelda-spel kjem i retropakke til hausten.

Under Nintendo Direct tysdag kveld avslørte Nintendo eit lite samleobjekt for Zelda-fans. Installert på ein liten konsoll inspirert av gamle Game & Watch-maskiner frå 80-talet kjem tre av dei første spela i The Legend of Zelda-serien. Konsollen får lansering 12. oktober.

Nintendo kom med ei liknande kunngjering i fjor. Då lanserte dei ein Game & Watch i samband med 35-årsfeiringa til Super Mario. I år er det The Legend of Zelda som fyller 35.

Tru mot originalen

Det har skjedd mykje sidan det første The Legend of Zelda-spelet.
Nintendo

Den vesle konsollen har blitt designa for å sjå ut som ein gammal Game & Watch-konsoll, men innmaten blir noko annleis. På plass i maskina vinn vi det aller første The Legend of Zelda, oppfølgjaren Zelda 2: The Adventure of Link, samt GameBoy-spelet The Legend of Zelda: Link's Awakening. Sistnemnde fekk ein fantastisk nyversjon på Switch for eit par år sidan.

Game & Watch er forgjengaren til GameBoy og var ein primitiv versjon av TV-spel slik vi kjenner dei i dag. Nintendo produserte Game & Watch konsollar heilt frå 1980 til 1991, og kjende Nintendo-maskottar som Super Mario og Donkey Kong var innom.

Som tidlegare Game & Watch-modellar vil denne òg kunne brukast som klokke. I tillegg kjem det med ein eigen Zelda-variant av Mr. Game & Watch.

Siste fra forsiden