Ny lekkasje om Assassin's Creed Origins

GameInformer-feature kjem med masse ny informasjon.

GameInformer

2016 var det første året utan eit fullverdig Assassin’s Creed-spel sidan 2009. Grunnen til dette er at Ubisoft har brukt lengre tid på å utvikle sitt komande spel, som antakeleg er sett til Egypt. Assassin's Creed Origins er ikkje offisielt annonsert enno, men det har vore ei rekkje lekkasjar om spelet i det siste. Blant anna har me sett skjermbilete frå spelet, logoen, og namnet til protagonisten («Bayek»). Den siste lekkasjen i rekkja kjem med sleppdatoen til spelet, saman med omfattande informasjon om setting og spelmekanikkar.

Kan kome allereie i oktober

Bilete frå eit komande nummer av spelmagasinet GameInformer tyder på at sleppdato for Origins blir 27. oktober i haust.

Utdrag frå GameInformer-magasinet.
GameInformer

I følgje lekkasjen er oppdraget «Secrets of the first pyramids» tilgjengeleg eksklusivt for dei som førehandsbestiller spelet. Førebels er ikkje noko av denne informasjonen bekrefta av Ubisoft, men det er venta at dei annonserer spelet på måndag, ved Ubisofts E3-konferanse.

Enno ein lekkasje frå 8. juni viser det same oppdraget, på eit PlayStation 4-reservasjonskort. Med tanke på alle dei ulike lekkasjane verkar det høgst sannsynleg at Origins vil bli sett i Egypt, og at spelet kjem allereie i oktober.

GameInformer-artikkelen kjem òg med mykje konkret informasjon om korleis spelet blir. Assassin's Creed Origins skal visstnok ha eit level-system inspirert av Final Fantasy X, med eit maksnivå på 40. Spelaren kan drive med gravrøving, ri på kamelar, bruke skjold, og kjempe med fleire nye typar våpen. Bilete av sjølve artikkelen her.

Les alt om E3 2017 »

Siste fra forsiden