Anmeldelse

Shin Megami Tensei V

Pokémon for vaksne

Det blir søt musikk når tradisjonelle rollespel gjer det dei kan best.

Om du skulle vere av den oppfatning av at japanske rollespel dei siste åra jamt over har fokusert hakket for mykje på dårlege historier med melodramatiske tenåringar og hårreisande dårleg dialog, og hakket for lite på å berre slå deg i bakken no og då, er Shin Megami Tensei V spelet for deg.

Det som er av historie kjem sakte, sjeldant, og berre som ein liten grunn til å forklare nøyaktig kor beksvart verda er i dette spelet eigentleg er. Her finn vi englar og demonar, samt folka som ofrar sjelene sine til dei for å få sleppe livets smerte berre eit sekund til. Ikkje at det er der fokuset ligg, men det er eit bakteppe som smeltar ganske elegant saman med ei dystopisk og livlaus verd ein nesten bli tørr i kjeften berre av å sjå på. Ein kan praktisk talt lukte dei giftige gassane i lufta, og den nervepirrande og sjelsettande musikken gjer marerittet komplett.

Livet etter livet

Den namnlause hovudpersonen.
Atlus

Som det ofte går i Shin Megami Tensei, går det gale. Tokyo blir igjen utsett for kataklysmiske katastrofer og før historia har rukke i kome i gong blir vi kasta inn i ein øydelagd og ugjenkjenneled versjon av den japanske storbyen.

Alt som er igjen er ruinane av gamle bruer, bygningar og eit og anna bilvrak. Folk er borte, og er erstatta med demonar i så godt som alle tenkjelege og utenkjelege former. Har du spelt eit Shin Megami Tensei-spel, eller Persona for den saks skuld, veit du kva du har i vente. Det er for det meste det same monstergalleriet, det same designet, men kanskje hakket kvassare enn før.

Dette er ikkje eit spel for dei minste, det kan vere greit å konstatere først som sist. Her finn vi demonar med horn stikkande ut av skrittet, eit gigantisk penismonster, og ei zombiedame som har fått overkroppen separert frå underlivet, men likevel poserar som ein pinup-modell med innvollar flakkande rundt seg som lystne tunger.

Det bør ikkje kome som noko overrasking på fans av serien, og sjølv om eitt og anna design har sett ei endring, ser det ikkje ut til å vere noko fare for at Shin Megami Tensi-serien har ambisjonar om å bli politisk korrekt med det aller første.

Dunkelheit

Pass deg, elles kjem fuglen og tek deg.
Atlus

Shin Megami Tensei V kastar ikkje bort mykje tid på å fortelje ei historie. I staden handlar dette spelet som å la deg utforske det øydelagde Tokyo og kjempe mot det som finnest av demonar. Vi får eit spel som er opnare og større enn noko før det i serien, og det er noko spelet tener stort på. Du blir ikkje send gjennom tronge korridorar fulle av tilfeldige kampar som kjem både når du vil og ikkje vil det.

I staden får du faktisk noko å sjå på her, noko å ta inn, og trass kor daudt alt er, er det likevel levande. Det støvdekte landskapet er variert og allsidig, og byr på mange ting å finne, oppdrag å løyse, og ikkje minst fiendar å kjempe mot.

Som er blitt standard i nyare tid ser du no alle fiendar vandre rundt i landskapet, og du må på ingen måte kjempe mot alle. Tvert imot vil eg råde deg til å styre unna mange av dei. Demonane er overalt, og står ofte i digre klynger, men kvart individ i den klynge kan by på ein kamp mot fire-fem demonar, og det blir såleis rikeleg å ta av. Om du får det føre deg at du skal kjempe mot alt du ser, vil du bruke mykje tid på noko som i mange høve er bortkasta, og vil kunne ende opp med å bli ganske keisamt.

Å bygge erfaringsnivå er viktig i Shin Megami Tensei V, men ikkje så viktig som i mange andre spel. Her er det mykje viktigare å kjenne fienden, og agere basert på dens sterke og svake sider. Det spelar inga rolle kor sterk du er, om fienden fyrer laus sitt sterkaste angrep, og det angrepet treff ditt svake punkt, kan eitt angrep vere nok til å drepe deg og sende deg til Game Over-skjermen.

Kampsystemet er eit av spelets absolutte høgdepunkt.
Atlus

Demon-Pokèmon

Når du møter demonar har du to val. Du kan angripe dei, eller du kan prate med dei for å prøve å overtale dei til å bli med deg. Svarar du riktig på nokre spørsmål, og gjev dei det dei vil ha, vil du raskt bygge deg opp eit stort lag med demoniske beist. Desse byr alle på sine unike spesialitetar. Nokre diggar is, andre eld, andre igjen frydar seg når dei kasta giftig gass i trynet på deg. Felles for dei er at alle fiendane du møte ri kamp, vil du òg kunne ha med på laget ditt, og det er i klok bruk av desse at du vinn fram med stil og klasse.

Ditt første møte med ein fiende vil alltid handle om å finne ut kva den er svak mot. Er den svak mot lyn, peprar du den med lyn, og om du er i eit område dominert av fiendar allergiske mot lyn, passar du på å ta med deg demonar i kamp som er flinke med lyn. Dette handlar ikkje berre om å gjere mest mogleg skade, det er ein essensiell del av effektiv krigføring.

Press Turn-systemet frå tidlegare spel i serien vender tilbake, og det er kort forklart eit system som gjev deg ein ekstra tur om du utnyttar eit svakt punkt eller gjer kritisk skade. Der du i utgangspunktet har med deg fire krigarar i kamp og har fire turar, kan du med Press Turn ende opp med totalt åtte turar på ei runde. Fiendane kan nytte seg av nøyaktig det same systemet og det burde difor raskt bli tydeleg kvifor ein må halde orden på sterke og svake sider.

I møte med ekstra sterke demonar som gjerne stenger deg for vidare passasje blir dette spesielt viktig. Dei byr naturlegvis på ei høgre utfordring, og du må som regel vere førebudd på eit nederlag i første omgang. Utfordringa varierer frå triviell til brutal, men kan òg endrast etter smak. Spelet kan bli frustrerande til tider, men berre i den grad det gjer kjensla av å sigre enda betre.

Shin Megami Tensei V demonstrerer på meisterleg vis kor bra eit turbasert kampsystem kan vere. Det engasjerer og dreg deg inn. Det får deg til å tenkje og heile tida aktivt bruke hovudet. Om du skulle hamne i autopilotmodus der du gjer det same om igjen heile tida, er det utelukkande eit teikn på at det er tid for å kom seg vidare. Du har gjort alt du kan gjere her.

Spelet for kontrollfreaken

Det er ei rekke ulike område i spelet, alle er nokså utrivelege,
Atlus

Det er sjeldan vi får spel som lar deg velje så mykje om korleis spelopplevinga skal vere. Ikkje berre kan du ta med deg demonar i kamp, men du kan spleise dei saman for å lage nye, og sjølv velje kva eigenskapar dei skal ta med seg. Er du ikkje nøgd med resultatet kan du hente inn nye eigenskapar frå andre demonar for å fylle ut tomrom, og dette kan du gjere både med demonar og hovudpersonen.

Måten å vinne på i dette spelet er ved å fullt ut forstå korleis fiendane fungerer, og skru og endre på teamet ditt for å møte utfordringa. Det er noko heilt spesielt med å brutalt bli slått i bakken av ein ny fiende, berre for å kome tilbake etter nokre justeringar og fullstendig snu alt på hovudet. Det viser at det nyttar å følgje med, og å tenkje gjennom kva ein gjer.

Spelet er òg veldig tydeleg på kva du kan gjere, det er lett å forstå korleis ein skal tenkje for å oppnå det ein vil.

Eg skulle derimot ynskje det var kanskje hakket færre fiendar rundt om i verda. Som regel kan du berre springe forbi dei om du vil, medan andre gongar er det så mange av dei, og nokre kan vere flygande og vanskelege å få auge på, at ein ikkje kjem utanom. Det er ikkje alltid ein vil slåst. Av og til er ein berre på skattejakt og ser på kamp som ein irriterande distrasksjon, då blir det litt keisamt å bli tvinga inn i det av eit mylder fiendar.

Eit lite sjekkpunktsystem hadde òg gjort seg. Det er sjeldan du vil hamne i risiko for å døy frå ordinære fiendar, og ein kan lett teleportere til ein stad å lagre, men i enkelte område er det langt mellom lagringspunkta. Eg har med åra fått svært lite tolmod med spel som tvingar meg til å spele lengre delar om att fordi eg hadde litt uflaks, og i det minste hadde det vore triveleg om spelet gav oss valet om å prøve igjen før det kasta oss tilbake til hovudmenyen.

Konklusjon

Shin Megami Tensei V er kaldt og dystert.
Atlus

Om du har venta lenge på eit nytt spel i Shin Megami Tensei-serien, har du ikkje venta forgjeves. Shin Megami Tensei V byr på velkjent og tradisjonstungt gameplay som har blitt modernisert og friska opp akurat der det passa seg best. Det er eit engasjerande spel med eit fascinerande og fengaslande univers det er lett å drive rundt i, nesten som i ei transe der ein berre må ta nokre steg til.

Kampsystemet er elegant, effektivt og viser deg på brutalt, men rettferdig vis at den beste måten å vinne på er ved å setje seg inn i korleis spelet fungerer, og gå strategisk til verks. Det er ikkje mykje historie å spore, men det er eigentleg like greit. Magien her handlar om å springe rundt i den aude verda, krige mot demonar og byggje opp og utvide arsenalet ditt.

8
/10
Shin Megami Tensei V
Viser at turbaserte kampar kan vere like engasjerande som alternativet.

Siste fra forsiden