Sniktitt

Red Steel 2

Samurai western

Det er mykje som tyder på at alle gode ting er to.

Red Steel var eit spel eg spelte minst mogleg sidan kontrollsystemet er av den sort eg meiner høyrer heime i ei toalettskål. Dårlege kontrollsystem resulterer som regel i dårleg underhaldning, og med det enda Red Steel opp som eit spel eg aldri vil ta i igjen.

Red Steel 2 er difor svært positivt nytt. Det krev at du har Wii Motion Plus, og dette er ein veldig god ting sidan det let Ubisoft lage eit kontrollsystem som verkeleg fungerer, i staden for å inngå eit kompromiss for å gjere det tilgjengeleg for alle. Du vil umiddelbart merke kor mykje betre dette spelet er. Grafikken er herleg med ein stil som sender tankane ganske kjapt til Borderlands, og kontrollen er så presis at min første tanke var «jøss, no kan vi endeleg snakke førstepersonskyter på Wii».

Dette er ekstremt presist.

Millimeterpresisjon

Det første du gjer i Red Steel 2 er å skyte nokre kuler mot ein idiot som prøvar å drepe deg. Du drep i staden han veldig raskt. Nesten sjokkerande raskt sidan du knapt treng tenkje over kvar du skal peike. Det går av seg sjølv, og siktet på skjermen blir nesten som ei forlenging av armen din. Du kan treffe dei minste punkt utan problem, og det er mykje lettare å plante i kule i eit hovud i Red Steel 2, enn eit tilfeldig skytespel på andre konsollar.

Difor er det samtidig litt synd at fokuset ikkje ligg på skytevåpen. Du har riktig nok tilgang på dei til ei kvar tid, men så langt i testversjonen har spelet vore veldig sparsamt med å gi meg ammunisjon. Du bli regelrett tvinga til å bruke ein katana.

Ikkje at eg skal klage på det. Der katanen heilt i starten er litt keisam sidan du berre svingar fram og tilbake eller opp og ned, utviklar kampsystemet seg raskt til å inkludere mange kule angrep. Du trykkjer inn A-knappen ein eller fleire gongar, svingar med Wiimoten i ein eller anna retning, og utfører dei kulaste angrepa du kan tenkje deg. Du kjem til å høvle over fiendane i eit vanvittig tempo, og du kjem til å nyte det.

I tillegg til kule angrep har du ein del måtar å forsvare deg på. Ved å halde inne A-knappen vil du blokkere både sverd og kuler, og om du trykker inn denne knappen medan du går i ein eller anna retning, kan du hoppe bak fienden. Herifrå er du i perfekt posisjon for å plante sverdet ditt i opptil fleire indre organ samtidig, og det einaste som manglar er ein skikkeleg blodsprut. Ikkje at eg ha blod i spela mine, men når eg sender sverdet gjennom mageregionen på ein såkalla sjakal, og det som kjem ut er sandfarga, då legg eg meir merke til det enn eg hadde gjort om det var mørkt og raudt.

Gjett kvar dette sverdet har tenkt seg.

Sonebasert action

Nokre timar inn i spelet byrjar det å bli veldig tydeleg korleis Red Steel 2 er bygd opp. Du går heile tida inn og ut av små soner, og inne i dei møter du ei handfull fiendar. Når alle har bøta med livet, kan du halde fram. Det heile gir spelet eit veldig sterkt arkade-preg, noko som passar Red Steel 2 bra. Du er ikkje fri til å gå nokon stad eigentleg, sidan du gå der du får beskjed om for å kome vidare i historia. Skulle du likevel ha lyst til å springe dit du vil på eiga hand kan du berre gløyme det. Alle dører som ikkje sender deg i retning målet ditt lyser raudt på kartet, og du kjem ikkje gjennom.

Alle soner er limt saman ved hjelp av dører, og det er eigentleg her det einaste merkbart negative punktet så langt gjer seg kjent. Det tek veldig lang tid å opne ei slik dør. Grafikken i spelet er imponerande god med tanke på kva plattform det er på, så dette har nok noko med lastetida å gjere, men likevel. Dei fleste områda er temmeleg små, og det blir difor litt lenge å vente.

Oppdraga dine går naturleg nok for det meste ut på å drepe ein gjeng med pøblar, men det finnest eit og anna unntak. I eitt oppdrag skulle eg til dømes sprenge nokre lastebilar, medan eg i eit anna presist måtte vri Wiimoten med og mot sola for å stenge ei pumpe. Det er ein del småting som sistnemnde, som let deg bruke den auka presisjonen til Motion Plus på ein artig og kreativt måte.

Mellom alle oppdraga er det tilbake til basen, og her kan du kjøpe nye våpen eller angrep, samt plukke opp nye oppdrag. Det heile er ganske enkelt og gjer ikkje noko nemneverdig nytt, men det at du gjer alt på Wii, med eit fiktivt våpen i handa, samtidig som det heile er uhyre presist, gjer det likevel veldig nytt.

Les også
Anmeldelse: Red Steel 2
Han er berre tøff, sidan NSB har øydelagt toget.

Konklusjon

Sjølv om Red Steel aldri blei den suksessen Ubisoft nok hadde håpa på, er det tydeleg at dei visste dei hadde det i seg til å gjere dette til noko veldig bra. Med Red Steel 2 kan det verkeleg sjå ut som om dei har nådd måla sine. Det er umiddelbart moro, kontrollen sit som støypt, og dei hint eg har sett av ei historie ser ut til å vere engasjerande nok.

Korleis spelet vil utarte seg over meir enn nokre få timar gjenstår å sjå, men det er ingen tvil om at spelet byr på noko nytt. Altså, skyting i førsteperson på Wii. Som fungerer. Har du venta i spaning på Red Steel 2 tvilar eg sterkt på at du blir skuffa. Har du derimot vist spelet null interesse, er det nok på tide å revurdere i god tid før lansering i slutten av månaden.

Red Steel 2 i sal fra 25. mars, kun for Wii.

Siste fra forsiden