Sniktitt

Horizon: Zero Dawn

Dette spelet får fråden til å renne

Horizon Zero Dawn er eit ope verden-spel for deg som elskar fantasy, dinosaurar og robotar.

Guerilla Games

LOS ANGELES (Gamer.no): Eg skal vere ærleg og innrømme at Guerilla Games ikkje er eit namn som inspirerer tillit hos meg. Killzone-spela er pene, og ikkje stort meir. Stil over substans, og Hellghast er så skamlaust og pinleg inspirert av anime-filmen Jin-Roh at det eigentleg er litt flaut.

Eit nytt spel frå Guerilla Games er altså ikkje det som får meg til å trippe ivrig. Det var derimot inntil eg blei vitne til ein presentasjon som fekk deira nye spel Horizon Zero Dawn til å sigle opp på toppen av lista over spela eg ser fram til i både nær og fjern framtid.

Mange spørsmål, få svar

Aloy har robotjakt som levebrød, kva kan du skryte av?
Guerilla Games

Under E3-messa i Los Angeles var det ein tanke som stod i hovudet på Mathijs De Jonge og Jan Dart Van Beek frå Guerilla Games; gameplay. Det var to tydeleg ivrige karar som svært gjerne ville vise fram kva dei har laga, og alle spørsmål om verda, mytologi og handling blei skotne ned med det kjappe og kontante svaret: – Vi vi vil du skal finne det ut sjølv når du spelar.

Men det er ikkje rart ein får mange spørsmål i hovudet når ein ser eit spel der ei dame henta ut av steinalderen jaktar svære robotdinosaurar i ei fargerik audemark. Korleis lev menneska her? Er det praktisk for robotar å imitere dyr? Hadde det ikkje vore meir praktisk om alle robotane flaug? Har robotane ein agenda? Har dei samfunn? Og vidare kom spørsmål etter spørsmål som aldri fekk svar.

I staden fekk vi sjå. Og det vi fekk sjå er eit spel som bryggjar opp til å bli noko heilt utanom det vanlege. Horizon Zero Dawn er på sett og vis eit rollespel, men ikkje eit ordinært rollespel med vekt på å byggje opp heltinna Aloy med nye eigenskapar og styrker. I staden er det utstyret hennar du utviklar for å lettare kunne hanskast dei mekaniske beista som travar gjennom terrenget.

Horizon Zero Dawn legg fokus på å gje deg ei stor og heilt ope verd du kan utforske slik du sjølv vil. Vi blir sendt mange tusen år inn i framtida der skyskraparar frå notida er monument frå ei svunnen tid like langt tilbake som pyramidane er for oss. Verda ligg for dine føter, og vi blir fortalt du kan gå til alt du kan sjå. Om det er trygt, er derimot ei heilt anna sak.

Om det er nokon som har gjort seg fortent til sitt namn, er det Thunderjaw.
Guerilla Games

I Horizon Zero Dawn har maskinene teke fullstendig over. Dei kjem i alle former og fasongar, og dei har ein merkeleg tendens til å imitere dyr. Vi finn maskinantiloper, maskingiraffar, og massive maskindinosaurar med tordenkjevar. I rolla som Aloy har du som jobb å jakte desse maskinene, og det er nettopp denne biten som får meg til å nesten fråde rundt kjeften.

Eit mekanisk økosystem

Det startar roleg. Aloy kryp gjennom høge planter for å ta ut vaktbikkjeroboten som vaktar ein flokk med tilsynelatande fredelege maskiner. Feilar du i det kan flokken med antiloperobotar finne på å stikke av som ein typisk flokk med beitedyr, eller vaktbikkja kan ende opp med å tilkalle forsterkningar.

Postapokalypsen er sjeldan så fargerik som dette.

Aloy jaktar desse robotane for å få tak i maskindelar ho kan bruke for å lage betre våpen og utstyr. Våpenet hennar er ein boge, og ei rekke ulike piler kan nyttast. Vi finn ordinære piler, eksplosive piler, og piler som sender ut sjokkbølgjer, for å nemne noko. I tillegg kan ein bruke piler med tau for å tjore ein robot fast i bakken. Å sløse med desse pilene er ikkje lurt, sidan dei kan vere vanskelege å få tak i. Du må jakte robotar for å få tak i delane du treng, og kvaliteten på materiale stig med styrka til maskina du fekk dei frå.

Les også
Anmeldelse: Horizon Zero Dawn

Fram til punktet der utviklarane frå Guerilla Games jakta robotantilober såg eg strengt tatt ikkje mykje som verkeleg imponerte meg. Det var først då T-Rex-roboten Thunderjaw kasta seg inn i runddansen at blodet byrja å bruse.

Desse massive beista dundrar over skjermen med rå villskap. Aloy må springe og hoppe unna medan ho fyrer laus piler for å ta ned utysket. Men det er langt frå nok å berre skyte piler til helsebøtta er tom. Strategi og kløkt blir viktig i Horizon Zero Dawn, og mykje av målet til utviklarane er at du sjølv skal studere den mekaniske faunaen for å utvikle eigne måtar å skape motorhavari på.

Ein av fleire metodar for å ta ned ein Thunderjaw fekk vi demonstrert i det Aloy byrja å fyre laus piler med tau på mot det massive beistet. Desse tjora ho fast i bakken, slik at beistet etter kvart fekk redusert mobilitet. Dette gav Aloy sjansen til å springe opp på sida av maskina for å fyre laus ei eksplosiv pil som fekk ein diger kanon til å dette frå monstermaskina. Elektrosjokkpiler blei brukte for å svimeslå beistet ei lita stund, medan Aloy sakte men sikkert demonterte utysket, og til slutt kunne sjå den kollidere mot den harde bakken.

Plantene har tatt tilbake det som ein gong var våre heimar.

Eg har i mi tid sett mange svært godt regisserte presentasjonar som kanskje gjev eit litt vel optimistisk bilete av kva vi har i vente, men dette såg på alle måtar reelt og ekte ut. Det var ein reaksjonsbasert demonstrasjon som såg ut til å kunne gå gale opptil fleire gongar.

Konklusjon

Eg elskar fantasy. Eg elskar dinosaurar enda meir. Robotar kan eg i større grad styre entusiasmen for, men når eg får servert ei forfriskande fargerik og post-apokalytisk verd full av middelalderdesign og dinosaurar laga av metall, då er eg ikkje vond å be.

Guerilla Games ser ut til å byggje eit i aller høgste grad unikt spel. Det hentar klart mykje inspirasjon frå andre ope verd-spel som har kome tidlegare, men det ser likevel ut til at dei har funne ei eiga nisje dei kan byggje opp til å bli noko heilt spesielt.

Alt vi har sett er eigentleg lekker grafikk og nokre fantastiske kampar, og det er naturlegvis ikkje nok å dømme eit heilt spel på. Spørsmåla er mange, og korleis Guerilla Games vil fylle ut resten av denne fascinerande framtidsvisjonen gjenstår å sjå. Eg ser uansett for min del svært fram til å få vite meir om Aloys eventyr i Horizon Zero Dawn.

Se spillscener fra Horizon Zero Dawn.

Siste fra forsiden