Strategispelet Iron Harvest snur opp ned på verdshistoria

Kva om massive maskineri var ein del av mellomkrigstidas kvardag?

Iron Harvest
KING Art Games

Verdskrigane har vore populære kjelder for inspirasjon i mange spel opp gjennom åra. Felles for mange av desse spela er eit fokus på å gjere spela så historisk korrekte som mogleg. Men kva om dette ikkje var eit tema, og ein heller set seg inn i eit tenkt scenario om kva som kunne skjedd om ting hadde gått ein heilt anna veg?

Det er nettopp det utviklarane hos KING Art Games har tenkt. I ei pressemelding avslører dei Iron Harvet, eit strategispel til PC, Xbox One og PlayStation 4. Iron Harvest sender oss tilbake til mellomkrigstida, nærare bestemt 1920-talet, der menneska har vore svært fascinerte av teknologi, og har bygd massive vandrande maskiner.

Sjølv om maskinene opphaveleg var bygde for krig, har dei no blitt ein del av det daglege livet i eit Europa som skil seg merkbart frå det Europa vi lev i i dag.

Alternativs verdsbilete

Soldatar får hjelp frå mektige kampmaskiner.
KING Art Games

Tre fraksjonar gjer seg gjeldande i spelet. Det Sachsiske imperiet, Polania og Rusviet, medan ei fjerde og skjult makt prøvar å destabilisere kontinentet. Om noko av dette skulle høyrest kjent ut, er det fordi Iron Harvest er basert på World of 1920+, eit univers skapt av den polske kunstnaren Jakub Różalski. World of 1920+ har blitt laga spel av før, i brettspelet Scythe.

Vi veit førebels lite om gameplayet i Iron Harvest, men utviklarane fortel at du vil sende heltar, maskiner og soldatar inn i kamp på store sandkassekart. Krigarane vil kunne legge seg i dekning, og øydeleggjing av bygningar og kulissar vil bli eit viktig element i spelet.

Iron Harvest vil bli lansert ein gong i 2018.

Eit anna strategispel som har gjort ein liknande vri på verdsbiletet er Valkyria Chronicles. I dette suverene spelet leier du ein og ein soldat i kampen mot overmakta.

Siste fra forsiden