Anmeldelse

Sea of Stars

Verdas vakraste pikseleventyr

Sea of Stars er ei sjarmbombe utan like.

I seinare år er det dei mange indiestudioa rundt omkring i verda som har fått ansvaret for å ivareta og vidareutvikle kunstforma som er pikselkunst. Mykje er mogleg når ein er fri for dei tøyler som låg på utviklarar som laga spel for dei første konsollgenerasjonane, og ein kan no gjere så og seie det ein vil innanfor fantasiens grenser.

Sea of Stars er eit glitrande døme på dette. Det er eit spel som ved første augekast ser ut som noko som kunne ha eksistert på 90-talet, men ved nærare ettersyn er det mykje meir enn som så. Det er eit høgt detaljert, polert og nydeleg spel som blandar ny og gammal teknologi på ein overbevisande måte. Det er eit spel så fullt av liv og sjarme at ein kan bli glad berre av å sjå på det.

Saman med eit lydspor som framstår som ein moderne hyllest til dei beste chiptune-låtene frå 90-talet, er det lett å la seg sjarmere.

På gamlemåten

Sea of Stars er veldig sjarmerande.
Øystein Furevik/Gamer.no

Sea of Stars er eit erketradisjonelt rollespel inspirert av aldrande japanske klassikarar. Her finn vi bitar frå Final Fantasy, element frå Chrono Trigger, og ein og annan inspirasjon frå Super Mario RPG. Ikkje minst har vi namnet som utviklarane ha henta frå Star Ocean.

I spelets første minutt møter vi dei unge og aspirerande solkvervkrigarane Valere og Zale. Den eine kan mane fram krefter frå sola, den andre frå månen. Gjennom ein noko treg start med litt for mykje tyting og litt for lite action lærer vi dei å kjenne, men brukar det meste av tida på å benudre den nydelege grafikken.

Verda står sjølvsagt på randen av katastrofe, og det er opp til solkvervkrigarane å få slutt på galskapen. Difor legg Valere og Zale saman med den noko ukvalifiserte krigarkokken Garl ut på ei reise for å redde verda. Naturlegvis går få ting nøyaktig etter planen, og vondt blir verre og eventyret lengre.

Historia er ingen stor attraksjon i Sea of Stars. Den er grei nok, og byr på ei og anna interessant vending, men det er lite som treff med nemneverdig tyngde. Dette er mest grunna underutvikla hovudpersonar. Det er eigentleg ingen grunn til å bry seg, for dei berre er der. Vi kunne like gjerne fått laga våre eigne figurar, og det er litt synd. Det er mykje potensial her. Dei reiser rundt i ei rett og slett magisk verd, men vi får så lite å bite oss fast i.

Det er tidvis mykje snakk i spelet, men lite som relaterer direkte til hovudpersonane og gir oss ein god grunn til å investere i dei. Bifigurane er strengt tatt langt meir utvikla og interessante.

Kister er alltid moro.
Øystein Furevik/Gamer.no

Herleg nivådesign

Den store stjerna er i staden den praktiske gjennomføringa av eventyret, for her er det mykje å glede seg over. Utviklarane har verkeleg skjønt kva som skal til for å gjere det moro å reise frå eitt punkt til eit anna. Spelet er kanskje lineært, men innanfor kvart område er det rikt med vegar å ta og hinder å overkome.

Det kan vere alt frå noko så enkelt som å finne ein skjult veg ned i eit hol der ei kiste ventar, til meir komplekse oppgåver der du må aktivere propellar for å heve eit platå for å opne vegen vidare. Det når aldri eit punkt der det blir vanskeleg eller tidkrevjande, men det held deg gåande, det er alltid noko å sjå, noko å gjere, og du slepp ende opp med å gå lange distansar utan mål og meining.

Etter kvart som timane går opnar spelet seg opp. Du får etter kvart tilgang på eit skip du kan sigle på havet med, og på dette tidspunktet kan du ta turen tilbake til stadar du har vore før for å finne skattar du tidlegare ikkje hadde tilgang på.

Utviklarane krydrar òg spelet med ekstrainnhald som eit ganske spesielt, men passe artig brettspel, samt ein landsby du sjølv må ta ei aktiv hand i å bygge opp og populere med nye innbyggjarar. Det er tydeleg at nokon har skjønt at dei gamle klassikarane ofte handla om meir enn berre det store eventyret.

Langdryge kampar

I sjefskampane viser kampsystemet seg frå si beste side.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spelets svakaste punkt viser seg etter kvart å vere kampane. Det byrjar liikevel bra. Vi får eit tradisjonelt og turbasert kampsystem som har nok idear til at det blir litt annleis enn alle dei andre turbaserte kampsystema der ute, og det er ganske interessant. Med god timing kan du både angripe og forsvare deg betre, og ordinære angrep kan dra ut magisk kraft frå fiendane som kan brukast til å gjere andre angrep sterkare. Det er ikkje frykteleg komplisert, og tek kort tid å meistre.

Diverre er det ikkje så mykje meir å hente her. Etter dei første timane har du eigentleg sett det meste kampsystemet har å by på, og det meiner eg bokstavleg. Du får eit lite knippe angrep tidleg, og desse er med deg gjennom heile spelet. Du får nesten ingenting nytt, og det tek kampane som i starten er artige og engasjerande, og gjer dei ganske så repetitive.

Verre blir det av at spelets utviklarar kanskje har forelska seg litt for mykje i eige produkt. Jaudå, Sea of Stars er eit nydeleg spel. Det er pikselkunst på eit slikt nivå at eg kunne ha råma det inn på veggen og glana på det i timevis, men det er noko som heiter effektivitet og. Sea of Stars er ikkje effektivt. Det byr på langdryge animasjon for simple fiendar du burde vere raskt ferdig med. Kampane dreg ut for kvart einaste vesle angrep der ein fiende skal gjennom alle sine rørsler, og kombinert med at dei fleste fiendar er skadesvampar det tek alt for lang tid å drepe, er det lett å miste piffen.

Høgdepunkta er sjefskampane som ofte framstår som dei einaste godt balanserte kampane i spelet. Her kjem dei lange animasjonane til sin rett, og du får brukt meir av dei ulike elementa til kampsystemet på ein skikkeleg måte.

Konklusjon

Med skipet er du brått firare.
Øystein Furevik/Gamer.no

Sea of Stars er eit sjarmerande spel som har mykje gåande for seg. Det er eit av dei vakraste pikselspela eg nokon gong har sett, og det er rett og slett ein fryd å sjå alle dei artige og fine detaljane som krydrar alt i spelet. Det har verkeleg tatt det som gjorde spela på 90-talet så minneverdige, og brakt det inn i vår tid på ein eksemplarisk måte. Saman med herleg nivådesign er det ikkje bere fint å sjå på, men artig å utforske òg. Med eit livleg og stemningsfullt lydspor attåt er det lett å bli med inn i denne verda.

Historia kunne kanskje hatt meir å by på, men den duger. Vi får eit nytt eventyr om å redde verda, men med nokre artige karakterar her og der gjer den nytta sin.

Det som ikkje fungerer så godt er kampane. Dei startar bra, med fleire gode idear og nok variasjon til at kvar kamp blir si eiga utfordring. Over tid er dette derimot noko som snur seg, og kampane kan blir noko langdryge og keisame. Det er ganske synd, for med betre balanserte kampar kunne Sea of Stars vore eit mykje betre spel.

Sea of Stars er ute på Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One og Xbox Series X/S (testa).

7
/10
Sea of Stars
Veldig sjarmerande eventyr som manglar dei gode kampane.

Siste fra forsiden