Take 2 utset Manhunt 2

Valdsorgia Manhunt 2 er no utsett på ubestemt tid.

Denne veka har ikkje vore den beste for Rockstar Games. Først blei Manhunt 2 bannlyst i Storbritannia, deretter Irland, og kort tid etter fekk det "Adults Only"-aldersmerking i USA. Om dette skjer med eit spel, vil verken Sony, Nintendo eller Microsoft selje det. Realiteten er med andre ord at spelet ditt i praksis er uønska om det får "Adults Only"-merking.

Skjermbilde frå Manhunt 2.

Dette betyr altså at Take 2 ikkje vil få solgt det siste spelet til Rockstar på den største marknaden i verda. Då gjenstår kun dei landa i Europa som ikkje har merka det enda, samt Japan og Australia. Det er sannsynleg at spelet i tillegg vil bli bannlyst i Australia og Tyskland grunna strenge retningslinjer. Tyskland har blant anna bannlyst Dead Rising og Gears of War grunna vald.

I ei pressemelding har Take 2, selskapet som gir ut spela til Rockstar Games dette å sei om situasjonen:

– Take-Two Interactive Software har midlertidig skrinlagt planane om å distribuere Manhunt 2 for Wii og PlayStation 2, medan vi ser over moglegheitene våre etter dei nylege avgjerslene til BBFC og ESRB.

Sjølv om VG i går kunne fortelje at eit forbod i Noreg er uaktuelt, betyr denne avgjersla til Take 2 at spelet er utsatt her òg. Take 2 kan framleis anke avgjerslene til BBFC og ESRB, noko det er sannsynleg at dei vil gjere sidan dei hevdar dei ikkje har gjort noko gale ved å lage spelet.

Dei andre alternativa Take 2 står ovanfor er enten å kansellere spelet, eller å endre innhaldet slik at dei kan nå ei lågare aldersmerking.

Siste fra forsiden