Ubisoft og SpectreVision samarbeidar om VR-thriller

Transference kjem våren 2018.

Me veit førebels lite om kva spelet går ut på, men på E3-konferansen sin presenterte Ubisoft ein live-action teaser for det som ser ut til å vera ein VR-thriller ved namn Transference.

Spelet er eit samarbeidsprosjekt mellom Ubisoft og Elijah Wood sitt filmproduksjonsselskap SpectreVision. Det skal vera ein slags mellomting mellom film og spel, der du får utforska det Ubisoft sjølv skildrar som «gåtene i ein umogeleg heim som skjular ei korrumpert sanning.»

Stort meir enn dette fekk me ikkje i denne omgang, men spelet skal ifølgje teaseren vera klart for VR-headsetta våre til våren 2018.

Alt fra årets E3-messe finner du her »

Siste fra forsiden