Anmeldelse

XDefiant

Adrenalinet pumpar når kulene regner

Ubisofts skytespel har potensial, men er ikkje heilt klart enno.

Eg blir skoten i ryggen. Eg blir skoten omtrent før eg er i live. Eg blir skoten frå tre vinklar på likt, eg blir skoten av magnetkuler rundt hjørne og eg blir skoten utan å forstå ein tøddel av kvar fienden min er.

Når eg ved eit mirakel kjem meg ut av krysseld-fella til fiendane mine, er det første eg møter på ei eksploderande mine – før eg så vidt skimtar toppen av eit hovud bak ei eske, som drep meg momentant.

Dette er Call of Duty, ja.

Men det er Call of Duty á la Ubisoft.

Er det noko særleg, då?

Tilbake på slagmarka

XDefiant er Ubisoft sitt nye gratisskytespel. Det slenger deg og fem andre i kamp mot seks fiendar, på små kart i kjend stil.

Det er ikkje overraskande at sentrale skikkelsar frå Infinity Ward har ei hand med på utviklingsroret. For skytinga, kartdesignet og progresjonssystemet er som saksa frå Call of Duty.

Anna enn det teite namnet, er det få originale tankar å spore. Modusane har du sett før i andre skytespel.

Klassesystemet er heller ikkje noko nytt. Når figuren din lastar inn i spelet, kan du velje mellom fem grupperingar.

Alle er frå ulike Ubisoft-spel. Kvar av dei har ei handfull ferdigheiter til rådigheit.

Tank-klassen kan velje mellom eit opprørsskjold eller dette skjoldet, og er nyttig for å låse ned flaskehalsar på kartet.

Splinter Cell-klassen Echelon er den typiske lette, «run-and-gun»-klassen, og kjem ikkje på fiendens radar uansett kva du gjer.

Ser du fienden samle seg ved punktet, kan du gjere deg usynleg og snike deg rundt dei gjennom skuggane.

Vil du heller gå saman med laget ditt, vel du ferdigheita som lar deg sjå nære fiendar gjennom vegger. Du kan nemleg berre ha éin av desse ferdigheitene om gongen.

Klassane har også ein "ultimatferdigheit". Desse får du gjerne bruke eit par gongar i kampen.

Echelon drar fram ein lyddempa pistol og ser alle motstandarane på likt.

Unødvendig vas

Balanseringa mellom dei ulike klassane er litt over alle haugar. Phantoms, som er ein slags tank, har fleire helsepoeng enn dei andre og tilgang til eit skjold. Det er eit openbert val viss du speler aleine.

Då kan du sette deg ned i eit hjørne ved målet, finne fram grillpølsene og sjå fiendane springe til døden.

I praksis verkar klassesystemet meir som ein distraksjon og eit irritasjonsmoment, enn noko anna. Skytekjensla sit, og eg trur spelet hadde vore betre om dei hadde fjerna heile greia.

Fleire av ferdigheitene passar dårleg med det høge tempoet i skytekampane elles.

Echelon har ei digital ghilliedrakt. Du er ikkje heilt usynleg, men fienden må følge med for å få auge på deg.

Eg ventar enno på eit spel som tør å gå tilbake til røtene av Call of Duty, som kan gi ei oppleving i stil av Call of Duty 2 og 4.

Det er faktisk ikkje slik at å ause på med tilfeldige heltesystem gjer spelet ditt betre. Call of Duty har gjort det i snart ti år no, og det trur eg spelarar er ganske lei av.

Hadde det faktisk vore noko nytt her, skulle eg ikkje sagt noko. Men det er det ikkje.

Ubrukelege lagkameratar

Ubisoft har nok tenkt at dei ulike klassane både komplementerer og nullar kvarandre ut, sett at du speler med eit koordinert lag.

Slik blir det sjølvsagt ikkje i praksis.

XDefiant lanserte utan ein skikkeleg rangert modus, som gjer at du berre møter ein drøss neper som spring rundt som hovudlause kyllingar på solo-oppdrag.

No er ikkje dette unikt for XDefiant, og frustrasjonen over ubrukelege lagkameratar er del av Call of Duty-opplevinga. Men fleire av modusane bygger på større grad av samarbeid enn det Call of Duty gjer, som dei aller fleste ignorerer.

Desert Eagle-pistolen er på plass.

Eg skal ikkje avskrive spelet enno, så det er sagt. XDefiant har ein «prøveversjon» av ein rangert modus, der lag på fire spelarar møter kvarandre på dei same karta.

Her verkar det som folk tar oppdraget meir på alvor. Men det er ærleg talt ikkje like gøy når det er færre spelarar på kartet, og slike spel er avhengige av eit kjekt system for rangert speling.

Også er det ein kardinalsynd å lansere eit skytespel som dette utan «Team Deathmatch» og «Search and Destroy». Få det på plass, nuh.

Sit som ei kule

Det aller viktigaste med eit slik spel er karta og skytekjensla. Karta tar meg tilbake til dei eldre Call of Duty-spela, men med færre lange siktlinjer og mindre vertikalitet.

Her bør skarpskyttaren ta beina fatt. Og det er då eg kosar meg mest.

Dei fleste våpena er fullstendig bås frå start, men då eg fekk låst opp ekstrautstyret eg trong, og suste rundt på kartet med skarpskyttarrifla, hadde eg det skikkeleg gøy.

Å sprinte rundt på kartet med skarpskyttarrifle er skikkeleg moro.

Eg har sakna det adrenalinrushet ein får når ein plaffar ned fire fiendar på rappen utan å bomme, eller treff på eit tilfeldig «noscope» på motsett side av kartet.

Då jublar eg inni meg. Av og til utanfor og, til Discord-lagkameratane mine sin store misnøye og følgande høyrsleskade.

Etter kvart som ein får kontrollen på rørslesystemet og reaksjonsevna vaknar opp frå dei døde, byr det høge tempoet i spelet på mykje moro.

Skytinga er likevel ikkje heilt på nivå med det beste av Call of Duty. Tidvis verkar det som kulene mine finn uransakelege vegar vekk frå det eg siktar på, men når nettkoden spelet på lag, er ikkje XDefiant ein dum plass for å drepe eit par timar.

Slik sett har Ubisoft eit solid fundament å bygge vidare på.

Konklusjon

Eg har alltid hatt lyst på eit Rainbow Six Siege i Call of Duty-drakt. Skytekjensla i Siege er noko for seg sjølv, der miksen av enkle ferdigheiter og taktikk ville vore eit godt utgangspunkt for eit meir arkadeaktig spel.

Gratisskytespelet XDefiant er ikkje dette. Dei har heller kasta ut sine eigne fortrinn til fordel for skytemekanismane frå Call of Duty og klassesystemet frå same serie, som resulterer i eit ubalansert rot.

Det er eit underhaldande rot når du først får det rette utstyret, men det er foreløpig for lite kjøt på Call of Duty-beinet til å bruke særleg mykje tid på XDefiant.

Så langt er det eit samansurium av ulike konsept, utan noko særpreg.

Eg trur spelet har godt av eit halvår til i omnen.

Utviklaren kunne med fordel fjerna heile progresjonssystemet og helteelementa, og hatt mot til å lage eit meir klassisk skytespel med e-sportfokus utan unødvendig vas.

Ubisoft går neppe den vegen. Skal dei lukkast med dagens oppskrift, må dei jobbe med balanseringa og få på plass fleire funksjonar for å halde på interessa til spelaren.

Dei er ikkje der, enno.

Så me snakkast til neste år, XDefiant.

6
/10
XDefiant
Grei underhaldning i nokre timar, men er rett og slett ikkje ferdig.

Siste fra forsiden