Ny klasse og nye våpen til gratisskytespelet

Ubisofts XDefiant får meir innhald.

XDefiant, Ubisoft sitt svar på Call of Duty, lanserte 21. mai til ganske lunkne kritikkar.

På konferansen Ubisoft Forward viste utviklaren fram neste steg for spelet. Første sesong av spelet lanserer 2. juli.

Ubisoft byr på tre nye våpen, eit nytt kart kvar månad og klassen GSK.

«Capture the flag» blir introdusert som ein ny spelmodus, og sjølvsagt er det nye «skins» du kan opne lommeboka for.

Siste fra forsiden