Anmeldelse

Maneater

Grand Theft Haisommar

Spelet for deg som hatar badeturistar.

Maneater er på papiret noko ein ikkje er heilt sikker på om ein kan ta seriøst. Du er ein fersk liten hai, mora di blei drepen av ein jaktmann, og du skal no ut på ei lang og farefull ferd for å ta ein blodig hemn. På din veg får du utforske ei rekke ulike undervannslandskap, jakte på både store og små havskapningar, og ikkje minst stupe ut av vatnet med ein badande turist mellom tenna.

Sjølv om det heile er forfriskande vågalt i både form og faktor byggjer det på svær lett gjenkjennelege fundament. Du symjer rundt i meir eller mindre opne område, og eit oversiktleg kart viser deg kjapt kvar du er og kvar du skal. Ein praktisk sonar let deg finne alt av interesse i nærområdet, og etter kvart som du susar framover mellom fiskane dukkar det til stadig opp nye ting å finne. Det er litt som ein bittelitt eldre og mindre ambisiøs versjon av Grand Theft Auto, berre med ein hai i hovudrolla.

Nokre stader byr på oppdrag av diverse sortar, andre på skattar du kan plukke opp. Jamt over er spelet proppa med grunnar til å vitje kvar krok, og slik blir det etter kvart nesten litt vanskeleg å ikkje finne alt spelet har å by på. Mykje er valfritt, men kvart av dei samanlenka områda på ei rekke oppdrag som må utførast før ein får ta knekken på apex-rovdyret i området, og får dytte historia vidare.

Eit liv under havet

Maneater byr på mange ulike område.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er ingenting her som er spesielt originalt eller kreativt. Oppdraga går for det meste ut på det samt. Svøm hit for å ete opp ti badande turistar, svøm dit for å ete opp ti selar. Det meste handlar berre om å farte til ein stad for å drepe noko, før ein fartar vidare igjen. Og det er heilt greit, det er enkelt, men moro, og spelet byggjer opp ein god driv der du heile tida har noko nytt å gjere, noko nytt å sjå.

Maneater er eit spel som ikkje handlar så mykje om det du gjer der kog då, som det handlar om å bli stor, farleg, mektig. Og her briljerer Maneater. Tempoet er skyhøgt, og du føler heile tida på kroppen at alt du gjer er med på å gjere deg sterkare. Du samlar inn poeng, går opp i erfaringsnivå, får tilgang på oppgraderingar, oppgraderer oppgraderingane og gjer deg sjølv stadig større, farlegare og fælare.

Du kan til dømes utvikle beinhud der knoklar kler utsida av haien din. Dette gjer deg naturlegvis sterkare og samstundes svært effektiv mot båtar. Båtar blir det etter kvart mykje av, for pelet nyttar eit GTA-inspirert system der du blir ein større og større trugsel for kvart mennese du drep og før du veit ordet av det er jegarane på veg for å ta deg. Å vere kledd i bein er i så måte ein god ìde sidan beinrustning gjer lar deg flerre opp båtar som om dei var laga av pinneved.

Eit anna alternativt er å bli ein skyggehai som sprer gift på alt levande rundt deg medan kvart bitt gjev deg helse. Det siste alternativet er ein elektrisk hai som sender sjokk i alle retningar. Som du kanskje skjøner er ikkje Maneater spelet du spelar for å lære noko fagleg om haiens levesett, sjølv om forteljarstemma til Chris Parnell gjer sitt for å dytte inn litt sakleg info om hai her og der.

Drep, et, gjenta

Av og til er det nok å berre utforske djupet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Rollespelsystema i Maneater er det som nesten styrer spelet. Har du nokon gong spelt eit spel der du praktisk talt kan smake korleis utviklarane har gjeve deg ei amputert utgåve av det du eigentleg vil ha fordi dei ikkje vil spelet skal bli for lett? Slik er det ikkje her. Maneater er eit spel som gjev deg akkurat det du vil ha, og gjer det lett å utvikle seg. Du er overmektig, og det er sjeldan du møter dei heilt store farane, men det er akkurat slik ein vil ha det. Ein gedigen hai skal ikkje ha mange turgslar, og det har du ikkje heller.

Moroa i Maneater kjem i all hovudsak gjennom to ting. Det eine er å stadig byggje opp haien sin og bli stadig meir brutal mot alt som står i din veg, det andrte er å utforske havet og plukke opp alt som kan plukkast. Utover det byr ikkje spelet på så frykteleg mykje spanande. Dette merkast svært godt når ein etter kvart byrjar å kome nær slutten på spelet og har plukka opp det meste spelet har å by på. Det kanskje kjipaste med Maneater er at du vil nå maksnivå fleire timar før du er ferdig med spelet. Når jakta på å bli større og sterkare er borte, er mykje av underhaldningsverdien borte. Du er låst til at avslutninga skal vere nøyaktig så utfordrande som utviklarane vil, noko spelet taper på sidan utfordringa ikkje er så frykteleg stor uansett.

Kaotisk oppstart

Folk og hai kjem ikkje godt overeins i dette spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Den kanskje aller største utfordringa i Maneater er å fullt ut få taket på korleis du skal styre haien din. Forklaringane på korleis kontrollsystemet fungerer er for så vidt greie nok, men det er ikkje alltid heilt optimalt, og spelet byr på ein del utfordringar av rimeleg banal natur. Her og der må du til dømes hoppe over hindringar for å kome vidare, og det å hoppe er tidvis ei traumatisk oppleving som krev presisjon og timing og aksept for eit kamera som aktivt jobbar mot deg.

Ta til dømes oppdraga du får der du må opp på land for å ete folk som vandrar gatelangs. Ikkje berre er det å hoppe opp på land frykteleg vanskeleg før du har bygd opp haien din, men det første som skjer når du er oppe på land er at kameraet får panikk fordi haiar skal vere i vatn, og umiddelbart roterer 180 grader for å sende deg ut i havet igjen, noko det stort sett alltid får til. Ta mitt råd, vent med landkrabbene til du har blitt diger.

Kameraet kan her og der bli eit skikkeleg problem, og spesielt i dei trange områda i byrjinga av spelet. Å kjempe mot fiendar er like mykje ein kamp mot kameraet og ein kamp for å finne kvar fienden er, som det er ein kamp mot noko som vil ta deg.

Utover det handlar kampar for det meste om at du og eit anna havmonster måler kvarandre opp og går laus på kvarandre. Du bit tak, ristar, og slår med halen og til ei viss grad må du lære fiendar å kjenne, men stort sett handlar mest om å denge laus. Dei ulike områda i spelet byr på alt frå alligatorar til hammerhai og spekkhoggar som potensielle rivalar, det er ganske moro å sjå kor små tidlegare gigantar blir etter kvart som du veks og blir ei enorm drapsmaskin.

Du finn mykje rart under havet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det vakre djupet

Maneaters sterkaste side den rytmiske jakta på ting å plukke opp i stadig nye område. Spelet er overraskande lekkert å sjå på. Utviklarane har gjort ein imponerande jobb med å gjenskape forskjellige undervannsklima. Vi finn alt frå grumsete sumper til kvalmande forsøpla turistparadis der havbotnen er strødd med søppel og skit, lort og ølboksar flyt i vatnet.

Kom deg forbi desse områda og du får reise ut på djupt hav der du kan finne alt frå sunkne skip til enorme statuer som framstår nesten magiske i det filtrerte lyset frå sola som kjempar seg gjennom vatnet. Det er ein grunn til at folk dreg på seg våtdrakta og finn fram oksygentanken, og det er for å sjå slike ting på nært hald.

Eg har hatt det like moro med å berre symje rundt for å sjå på livet under overflata som å gjere diverse oppdrag, og det skjer ikkje ofte.

Konklusjon

Nokre gongar blir spelet riktig pent.
Øystein Furevik/Gamer.no

Maneater er eit moro og herleg avbrekk frå superambisiøse spel som vil ete all tida di. Det er eit opa verd-spel som byr på ei så pass sympatisk speletid at ein gjerne vil meir når ein er ferdig, i staden for potensielt kaste inn handkledet lenge før det eigentleg er over. Spelet byr på både mykje artig å sjå og gjere, samt ein del humor i eit spel som av og til kanskje prøvar å vere litt for kult for sitt eige beste. Skarpe kantar er heilt ok, men når ein slipar dei med industriell slipemaskin blir det kanskje litt vel påtatt.

Vi har likevel med eit artig spel med ei underhaldande historie om hemn som trass nokre skavankar her og der er vanskeleg å leggje frå seg. Det har eit problem med kameraet som burde ha vore fiksa på, og kontrollsystemet kunne godt ha blitt raffinert hakket meir, men for det aller meste er det berre å nyt å vere eit digert rovdyr i havet.

Hakket meir innhald hadde derimot gjort seg. Fleire oppgraderingar, fleire nivå, fleire ting å drepe. Eg vil ha meir.

7
/10
Maneater
Eg vil ha meir.

Siste fra forsiden