TEST: SteelSeries Rival 600
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Blant marknadens beste

SteelSeries nye flaggskip er ei formidabel mus.

Danske SteelSeries har hatt eit godt rykte på seg dei siste åra, og har levert ei rekkje framifrå mus til spel og kontorbruk. Førre veke fekk eg stadfesta at selskapet held fram denne tradisjonen med sitt nye flaggskip, Rival 600. Og jaggu trur eg at dei har klart å toppe kransekaka så det held.

Med eit stilreint og kult design, stort fokus på komfort og ein sylkvass presisjon, er SteelSeries Rival 600 noko av det aller beste du kan få tak i på marknaden i dag.

Dobbel sensor

Rival 600 er ei relativt stor mus for høgrehendte, som skal kunne passe for alle dei tre ulike grepa. Den tar bruk av den optiske TrueMove 3+-sensoren (modifisert PWM3360), og støttar CPI (punkt per lineære tomme) opp til 12 000. Sensoren byr på presisjonen du kan forvente av ei mus i toppsjiktet, med skikkeleg 1:1-sporing av korleis du flyttar handa di. Ytinga har vore aldeles ypparleg i alle dei ulike spela eg testa den i, og det gjeld alt frå rollespel, skytespel, strategispel til MOBA. Eg merka derimot at musa er ein smule kresen på underlaget, slik at den slitte Roccat Taito-musematta mi måtte vike for eit nytt underlag utan ujamne områder.

SteelSeries Rival 600 har ein presisjon utan like. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eit av trekkplastera i marknadsføringa er den doble sensoren, derav TrueMove 3+. Musa er utstyrt med ein eigen djupnesensor, som skal sørge for at du slepp at peikaren rører på seg viss du løftar opp musa. Eg har alltid brukt låg følsemd på musa mi, til dømes 0.8 i Counter-Strike: Global Offensive kombinert med låg CPI, som gjer at eg ofte treng å løfte musa opp frå underlaget viss eg skal snu figuren min heilt rundt. Vanlegvis fører dette til at siktet mitt gjer nokre uventa rørsler når eg set musa ned igjen, som i nokre få tilfelle kan få deg drepen i spelet. Djupnesensoren klarar ikkje heilt å fjerne dette problemet, men det vil vere noko mindre uventa rørsler enn før viss du tar musa av matta.

Eg trur ikkje det er mange som kjem til å merke noko stor forskjell på dette, men for dei som speler med låg følsemd vil det i det minste vere litt meir enn ein gimmick.

Design

Det første som slår meg med musa er kor bra den ser ut. Vanlegvis er eg ikkje nokon stor fan av RGB-lys fordi det fort blir litt harry og glorete, men Rival 600 har ein stilig utsjånad med vakre fargar, som du enkelt kan endre på i programvara.

Vektlodda klikkast enkelt på plass. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa har ei vekt på 96 gram, men kjem med åtte lodd slik at du kan skreddarsy vekta til dine behov. Kvart lodd er på fire gram, som gjer at du kan få musa opp i 128 gram (utan den avtakbare kabelen) viss du ønskjer. Sidepanela på musa kan enkelt takast av, og klikkast på plass utan at du treng å bruke noko makt. Lodda er ganske små, så det er litt styr å sette dei inn viss du har store fingrar, men med mindre du kjem til å byte lodd fleire gongar i timen for ulike spel, trur eg ikkje det kjem til å vere noko problem.

Musa har totalt sju knappar, samt eit herleg hjul. CPI-knappen er godt plassert, og gjer det enkelt å skifte CPI dersom du treng litt meir (eller mindre) fart på musa. Eg har brukt knappen til å byte CPI mellom 800 og 1200 for ekstra presisjon når eg held på med videoredigering, som kan vere milimeterarbeid til tider. 

Alle knappane gir frå seg ein tilfredsstillande klakk­-lyd, utan at det er så høgt at det slår inn på mikrofonen min på Discord. Høgre- og venstre museklikk er rett og slett upåklageleg, og er kanskje det beste eg har prøvd på ei mus nokosinne. To av dei tre sideknappane er plassert slik at eg ikkje treng å flytte fingrane mine mens eg speler, og tommelen kvilar naturleg på gummibelegget under. Den siste knappen er litt for langt framme, men den fungerer fint som mute-knapp til stemmekommunikasjon i spel.

Sidene er dekkja av eit glatt silikonbelegg, men eg merka aldri at fingrane mine glei av, sjølv om dei blei litt fuktige i kampens hete. I det heile er Rival 600 laga for mest mogleg komfort, og eg hadde ingen problem med å bruke den i åtte-ti timar i strekk. Eg tenkte eigentleg aldri over at den var der i det heile, og det bør vel seie sitt.

Sideknappane er godt plasserte. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det einaste verkelege bekymringa eg har med musa er kvaliteten på saumane til nettopp desse silikonbelegga. Belegget på venstresida sit litt laust i kanten, og eg har ein mistanke om at det kan kome til å falle av etter kvart. Moglegvis har eg vore uheldig med testproduktet, men dette har vore eit problem med SteelSeries-mus tidlegare òg. Ein dash med lim bør kunne fikse problemet viss den ryk, men at dette skjer etter berre ei veke er urovekkande for byggekvaliteten. 

Eg kjem til å oppdatere denne omtalen etter ein månads tid med bruk, og gi lyd om silikonbelegget held seg på plass eller ikkje.

Programvaren

Med mange knappar er god programvare viktig. SteelSeries Engine 3 er ikkje heilt på linje med det Razer og Logitech kan tilby, men det er i det heile oversiktleg og enkelt. Du får det du forventar – og meir til. Alle knappane kan omprogrammerast, og det er ein rekkje funksjonar som enkelt kan endrast, slik som CPI, løftedistanse på musa, museakselerasjon, rapporteringsrate og så vidare.

Enkelt og greitt. Foto: Skjermdump SteelSeries Engine 3

Styring av RGB-lys skjer gjennom ein eigen meny, der du kan velje mellom 4 ulike grunninnstillingar, og skreddarsy desse innstillingane med kva fargar du vil ha. Musa har heile åtte forskjellege fargesonar, slik at du kan fyre opp full diskolys-modus i alle regnbogens fargar dersom du ønskjer. Programvaren har òg moglegheit til å lage eigne profilar for ulike program, slik at fargane på musa kan reagere på kva du gjer i dette programmet. Til dømes har eg lagt til ein funksjon som endrar fargen på RBG-lyset på toppen av musa når eg får ein beskjed på Discord.

Det same kan overførast til ei handfull spel, med «Gamesense»-funksjonen. Denne lar musa kommunisere med spel, som eg merka første gong eg døydde i Counter-Strike: Global Offensive, då RBG-lyset slo seg av. Du kjem ikkje til å legge merke til endringa med mindre du flyttar handa di, så det er mest ein gimmick, men kult er det.  

Konklusjon

Gamesense er morosamt – men ikkje spesielt nyttig. Foto: Skjermdump SteelSeries Engine 3

Etter ei knapp veke med mangfaldige timar monsterslakting i Warhammer: Vermintide 2, dominering av «noobs» i Counter-Strike: Global Offensive og PlayerUnknown’s Battlegrounds samt alt for mange rundar i Divinity: Original Sin 2 saman med ei kompis, – alt spelt på den nye SteelSeries-musa – har eg veldig lite negativt å peike på. Dette er moglegvis den beste spelmusa eg har brukt nokosinne, og utklasserar alle mine personlege favorittar (Razer Deathadder Elite, Logitech G403 og Zowie FK2) i skytespel.

Sjølv til vanleg kontorbruk er musa glimrande. Surfing på nett, bilde- og videoredigering eller kva det måtte vere går unna i ein fei når du har slik presisjon og ein fantastisk komfort. Det er ingen tvil om kva som kjem til å bli «go-to»-musa her i huset framover, i alle fall. Eg trur heller ikkje det er lenge til me ser SteelSeries Rival 600 som ein utøvarfavoritt innan e-sport. 

Vi i Gamer.no har lyst til å skrive mer om spillutstyr i tiden fremover, og tar gjerne imot tilbakemeldinger om artikkelformen og hva vi bør dekke. 

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering

9/10
Fantastisk
"SteelSeries Rival 600 byr på fantastisk komfort, flott design og ekstrem presisjon. "

Pluss

  • Fantastisk komfort
  • Fiffig vektjustering
  • Gripande utsjånad
  • Dobbel sensor, med ekstrem presisjon
  • Like god til kontorbruk som til spel
  • Enkel programvare

Minus

  • Mistar sporing på nokre underlag
  • Svak saum på silikonbelegg

Beste priser

På lager 779,-
På lager 789,-
På lager 790,-
På lager 799,-

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen