Auto Assault stenger dørene

Knapt eit år etter lansering, er det slutt på futuristisk bilaction.

I onlinespelet Auto Assault veljer du mellom tre rasar; menneske, mutantar eller biomeks, og set deg inn i eit køyrety fullasta med dødelege våpen. Sjølv om Auto Assaults gameplay er mykje meir actionorientert enn dei fleste massive onlinespel, har dette tydelegvis ikkje vore nok for å kapre spelarar.

Det første kvartalet spelet var tilgjengeleg, stod det kun for 0,3 prosent av NCsoft sine inntekter. Det er tydeleg at denne situasjonen ikkje har forbetra seg, for no har NCsoft kunngjort at dei frå og med midnatt den 31. august vil avslutte drifta av serverane.

Spelarar som betalar ein gong i månaden, vil ikkje bli trekt fleire gongar. NCsoft vil inngå ordningar med dei som allereie har betalt for fleire månader.

Om du er blant dei som har teke del i spelet som har blitt beskrive som ei krysning mellom EverQuest og Mad Max, får du bruke den siste tida som er igjen for alt den er verd.

Siste fra forsiden