Anmeldelse

Conker: Live and Reloaded

Conker var kanskje vår tids mest kontroversielle helt, då han i 2001 introduserte seg sjølv i eit spel som gjorde banning til ei kunstform. Det var fire år sidan.

Side 1
Side 2

Det har skjedd veldig mykje sidan då. Sjokkfaktoren som Conker praktisk talt levde på er historie. Grensene for kva folk er villige til å akseptere blei ganske enkelt knust med spel som til dømes Grand Theft Auto. Om du trudde ingen hadde høyrt humor av dette kaliberet, ordna Larry med det i sin eigen kalkun tidlegare i høst. Det er ærleg talt veldig få terriotorier igjen for Conker å kontrollere. Det er kanskje derfor Rare har bestemt seg for å ikkje lage eit nytt spel i det heile tatt, men heller pusse opp grafikken på Nintendo 64-spelet, og slenge på ein fleirspelar-modus.

Møt Conker, vår helt
Medan Conker er på ein pub og drikk seg sørpefull, innser kongen i landet at han treng eit nytt bein til bordet sitt. Den "geniale" vitenskapsmannen på slottet til kongen finn ut at det einaste som kan erstatte bordbeinet, er eit raudt ekorn. Eit raudt ekorn som Conker. Der har du det eigentleg, heile historia levert på eit stort og nypolert sølvfat. Conker sjølv veit sjølvsagt ikkje om dette, men han forvillar seg heller inn i ganske sære situasjonar for å finne vegen heim att etter gårsdagens fyllekule. Eventyret som følger, kastar deg inn i nærkontakt med kåte bier, biller frå ei nærliggande søppeldynge, og eksploderande kyr.

Det sterkaste kortet til Conker er humoren. Heile spelet er gjenomsyra av vulgær toaletthumor, og det er lett å sjå at nokon hadde det ekstremt moro medan dei laga dette spelet. Det er ganske morsomt også, gjerne i byrjinga, spesielt om du aldri har spelt Conker’s Bad Fur Day til Nintendo 64. Har du opplev det heile før, eller har kome deg eit stykke ut i spelet, blir det dessverre for mykje av det gode. Humoren blir raskt gammal, og når spelet ikkje har nok å by på mellom filmsekvensane, blir det ikkje heilt det spelet ein gjerne skulle ønske at det var. Det blir som å skjule ein bataljon kviser med pudder. Dei er der, du berre ser dei ikkje med ein gong.

Verda Conker spring rundt i er i praksis ei stor sone med forskjellige avgreiningar, og store delar av spelet brukar du på å springe i dine eigne fotspor. Kvar du enn skal, må du gjerne gå gjennnom område du har gått gjennom uttallige gongar før, og dette er ikkje god underhaldning. Har du først vore i eit område, er det ingenting meir å gjere der. Det blir raskt eit pent, men dødt, mellomstadie for å kome til neste område. Eit anna ledd som dreg ned den generelle gleda Conker burde by på, er at du ofte ikkje veit kvar du skal. Om du gjer noko riktig, opnar det seg kanskje eit nytt område ein stad, og då må du springe tilbake til eit tidlegare område igjen. Problemet er at du ikkje veit kvar det nye området opna seg, og du spring gjerne i sikksakk over heile verda for å finne ut kvar du eigentleg skal.

Dette blir ikkje forbetra av spelmekanikk som høyrer heime i eit av områda i Conker: Live and Reloaded som foregår i steinalderen. Conker kan springe, hoppe, snurre med halen, og banke visse fiendar med eit balltre. Kamp i seg sjølv er noko du heldigvis ikkje vil bli konstant utsatt for. Stort sett er det dei same kjedelege fiendane du møter på, uansett kvar du er, og når dei treng fem slag for å dø (inkludert litt springing fram og tilbake for å unngå piggane deira), blir ein raskt lei. Det er så monotont og kjedeleg at det er vanskeleg å forstå kva som held dette spelet unna billigkassa på nærmaste bokhandel. Kameraet kan også gjere sitt for å plage livet av deg. Om du brått spring feil veg fordi kameraet tok ein søt liten piruett, bør du ikkje bli overraska.

Repetisjon er nøkkelordet
Det blir ikkje betre av sjefskampane du blir utsatt for med relativt jamne mellomrom. Dei er generiske og uoppfinnsome, og har du først funne mønsteret dei opererar etter (noko som ikkje burde ta mange sekund), har du ein enkel formel for å vinne. Det kan likevel ta ei stund å slå dei. Ting må gjærast mange gongar, og det er ikkje spesielt engasjerande. Ein diger klump med bæsj er det einaste hederlege unntaket. Ikkje fordi han bryt med mønsteret på nokon måte, men fordi den er eit av eksempla på at Conker: Live and Reloaded av og til kan vere veldig, veldig morosamt. Han syng ein sang som henta rett ut frå ein Disney-film, og byr på sjansen til å oppleve noko anna enn springing fram og tilbake for å slå eller skyte noko på rett stad til rett tid.

Godt over første halvdel av spelet går med på å springe rundt med eit balltre, og gjerne utføre små oppdrag for dei bisarre skapningane du møter. Etter ein fabelaktig parodi på Redd Menig Ryan, skiftar spelet gir, og endar opp som eit actionspel i staden. Dette er riktignok ikkje første gong du får ta i eit skytevåpen, sidan du får leike Van Helsing i ein ganske kjedeleg versjon av Transylvania, men det blir noko heilt anna med maskingevær. Tempoet blir skrudd opp atskillige hakk, og naturleg nok blir det lettare å la seg engasjere.

I og med at dette i hovudsak berre er eit gammalt spel i ny innpakning, er det ikkje så mykje nytt. Det er likevel to ting som skiljer seg drastisk ut frå originalen frå 2001. For det første har grafikken fått seg eit seriøst løft, og i tillegg kan du knerte andre kosedyr i infernalske kampar over Xbox Live. Det er ikkje å overdrive når eg seier at Conker: Live and Reloaded er eit av dei definitivt penaste spela tilgjengeleg i dag, uansett plattform. Bildet er krystallklart, og klarheita i fargane er noko du aldri har sett makan til før. Variasjonen i dei forskjellige områda er også enormt god. Du bevegar deg gjennom idylliske skogar, til stinkande søppeldynger og mørke grotter under fjellet. Gode lydeffekter gjer også sitt til å framheve kvar du er.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden