Sniktitt

Darkwatch

Action-eventyr i ville vesten møter vampyrar i Capcom sitt siste action-spel.

Darkwatch er eit litt morbid western-spel med zombier og vampyrar. Spelet er utvikla av High Moon Studios. High Moon Studios gikk tidlegare under namnet Sammy Studios, og var eit underselskap av Sammy Corporation of Tokyo Japan, før dei kjøpte seg ut. Capcom kunne mandag kunngjere at dei har sikra seg rettigheitane til å publisere det. Kva gjer Darkwatch til noko utanom det vanlege, reint bortsett frå at ei av damene i spelet dukka opp i Playboy? Kombinasjonen av kruttrøyken frå den ville vesten, og moglegheita for å ta i bruk vampyrkrefter bør by på noko litt spesielt.

Darkwatch set deg inn i rolla som Jericho Cross, ein litt uheldig banditt. Ved noko som ikkje kan beskrivast som anna enn eit beklageleg feiltrinn, bestemmer han seg for å robbe eit siste tog før han trekk seg tilbake. Det han finn i dette toget er eit syn få kan unne han. Rotnande kroppar og stanken av død er meir enn dei fleste er i stand til å tåle. Snart befinn han seg i ein kamp for liv og død der han må kjempe mot vampyrar, demonar og andre skapningar som aldri burde ha eksistert.

Kult våpenarsenal
I utgangspunktet er Darkwatch eit ganske tradisjonelt skytespel. Har du spelt Halo vil du raskt kjenne deg igjen i kontrollsystemet, noko som for dei fleste burde vere nok til å forstå at det er lett å handtere. Du har eit stort utval av våpen å velje mellom, som hagle, armbrøst med eksploderande piler, og revolver. I tillegg kan du bruke to våpen samtidig, forutsett at våpena er små nok. Ein artig vri på revolveren er at tida mellom kvart skot gradvis blir høgre om du held inne skyteknappen. Du kan trykke for kvart skot, men om du held knappen inne vil Jericho slå på hanen i ekte cowboy-stil. Det er ein av mange små detaljar som er med på å skade og god (ekkel, alt ettersom) atmosfære.

I tillegg til eit assortert utval med våpen, har Jericho ein del vampyrkrefter han kan ta i bruk. Til dømes kan Jericho bruke vampyrsyn for å sjå ting som elles kan vere vanskeleg å sjå, ta eit vampyrhopp for å nå fram til område utanfor rekkevidde for normale menneske, og mange andre ting vi ikkje fekk sjå i dag. Samtidig er spelet absolutt konkurransedyktig på det visuelle. Spesielt røykeffektene er svært bra.

Førsteinntrykket av Darkwatch er at dette kjem til å bli ein svært underhaldande tittel. Det er ikkje på nokon måte noko som er spesielt nyskapande eller revolusjonerande, men det er ei kul setting det er moro å stige inn i. For Xbox vil du kunne spele over Xbox Live, noko du ikkje kan gjere på PlayStation 2. På PlayStation 2 kan du derimot samarbeide med ein ven for å runde spelet. På spørsmål om kvifor du ikkje kan samarbeide på Xbox, var svaret enkelt og greit: - Fordi der har du Xbox Live, og sidan du ikkje kan spele online med PlayStation 2-versjonen, ville vi gi dei noko eksklusivt. Personleg seier eg "ja takk, begge deler", og det reknar eg med du gjer og.

Siste fra forsiden