Test

Asus ROG Claymore II

Den ultimate, trådlause gamingopplevinga

Dette er tastaturet for deg med tjukk lommebok.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gamingtastatur har ikkje sett heilt det same utviklingstempoet som til dømes gamingmus har i løpet av dei siste åra. Vår favoritt er framleis eit Razer-tastatur frå 2018, og det er forsvinnande få trådlause val som faktisk er verd pengane.

For ei lita stund sidan fekk me nokre veker med det modulære tastaturet Mountain Everest Max. No har me fått teste endå eit tastatur i litt same stil, men denne gongen utan kabel; årsnye Asus ROG Claymore II.

For rundt 2600 kroner (ja, det er såpass gale) får du eit trådlaust tastatur med optiske brytarar, ei behageleg handleddsstøtte, respektabel batterilevetid, lyssterke RGB-lys og ein modulær NumPad som gjer at du kan velje om du vil bruke tastaturet i fullformat eller som TKL.

Design og komfort

Det finst nok langt finare tastatur enn Asus ROG Claymore II, for her er det gamingpreg frå A til Å. Store delar av konstruksjonen er plast, venstre hjørne er fylt av ein blinkande ROG-logo og eit svært batteriikon, medan tastehettene har størst moglege bokstavar for at RGB-effektane skal kome fram så tydeleg som mogleg.

Glorete, med andre ord. Men så er ikkje dette eit tastatur for den som er opptatt av estetikk. Dette er heller eit produkt for dei som vil ha flest mogleg funksjonar pakka inn i eitt, og der treff ASUS stort sett blink.

På undersida av tastaturet er det endå ein enorm logo, saman med tre føter som gir tastaturet god støtte. Det er òg inngangar for både vanleg USB (PassThrough) og USB-C. Ei skinne på kvar side av tastaturet lar deg kople til NumPaden både til høgre og venstre, og gir deg altså moglegheita til å bruke Claymore II som eit TKL-tastatur. Då går du til gjengjeld glipp av den særs behagelege handleddsstøtta, for den vil i så fall stikke ut der NumPaden skal vere. Det fungerer, men det ser ganske dumt ut.

SMAL STØTTE: Støtta er særs komfortabel i bruk, men litt vel smal. Eg vil gjerne sjå ei større handleddsstøtte til neste gong.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg ser liten grunn til å bruke tastaturet utan NumPaden anna enn for å ta det på farta, for det er òg der ein finn dei fire programmerbare medieknappane og det svære volumrullehjulet. Det einaste ein verkeleg saknar er nokre dedikerte makroknappar, men elles gir dette tastaturet deg omtrent alt du har behov for.

Trådlaus kopling og batteri

Tastaturet koplar seg til eininga di med ein liten USB-sendar. Sendaren har faktisk ei eiga «lomme» på undersida av tastaturet, slik at du slepp at han forsvinn.

MEDIEKNAPPAR: Rullehjulet og dei dedikerte medieknappane sit på NumPaden, som du kan ta av viss du skal på farta.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Asus meiner at tilkoplinga har den same forseinkinga på under eitt millisekund både med kabel (då med USB-C i tastaturet) og med 2.4 GHz-trådlaus tilkopling. Eg merkar i alle fall absolutt ingen forskjell mellom modusane.

USB C-kabelen sikrar effektiv og kjapp lading av batteriet når det trengst, men det gjer det sjeldan. Sjølv med RGB-lysa på halv lysstyrke skal tastaturet halde koken i rundt 40–50 timar. Det er omtrent det same som Logitech sin trådlause toppmodell. Tastaturet går i dvalemodus kort tid etter at du sluttar å bruke det, og sikrar at du slepp å slå det av og på. Du kan òg enkelt justere kor lenge det skal vere slått på i programvara. For meg verka eit minutt å vere ein fin balanse. Det er heller ingen forseinking på tastetrykk når det er i dvale – så det har strengt tatt ikkje noko betydning anna enn at lysa slår seg av.

I praksis betyr det at tastaturet held gjennom ei heil arbeidsveke viss du treng det, eller tre-fire dagar med god, gammaldags maratonspeling.

Brytarar

Asus ROG Claymore II er det første tastaturet frå det svenske selskapet med eigenproduserte optisk-mekaniske brytarar. Det er det fleire og fleire som kjem med for tida. «Optomekaniske» brytarar, som ein kallar dei, brukar lys for å registrere aktuasjonen kjappast mogleg etter eit tastetrykk.

LYSFART: Dei optomekaniske brytarane gir deg gaming i lysfart.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skilnaden til forseinkinga i tradisjonelle brytarar er altfor liten til at me kan måle det, og er ikkje noko du kjem til å merke noko til.

Tasteopplevinga er derimot ganske unik. Det er ikkje snakk om store forskjellane her heller, men RX Red-brytarane til Asus kjenst annleis enn Red-brytarane til Gateron og Cherry. Dette er lineære brytarar med fire millimeter til botnen, og aktuasjon etter 1,5 millimeter – som er nett det same som Cherry MX Red, men det er ein meir tydeleg tilbakemelding når ein treff botnen med desse. Tastaturet kjem òg med klikkbrytaren RX Blue om ein vil. Dette har me ikkje fått testa.

Elles er støynivået på det jamne for ein mekanisk brytar. Det er dessverre eit hint til ein klang når brytarane sprett opp, som kan bli irriterande viss ein fokuserer på det, men eg la eigentleg ikkje merke til det før eg aktivt byrja å jobbe med akkurat dette kapittelet av testen.

Dette er brytarar som leverer ytinga du treng for å vere først i skytespel, samstundes som dei er greie til å skrive på. Men lineære brytarar vil alltid vere best for speling, så dersom skriving er viktigare, ville eg heller gått for Blue-varianten.

Programvare og RGB

Asus har gjort ei betydeleg oppussing i Armory Crate sidan sist gong me prøvde det. Layouten har fått ein stil som passar meir anno 2021, og det er enklare å finne fram til produktet ditt enn før. Aura Sync, RGB-tenesta til Asus, lar deg styre alt av produkt du har på tvers. Det lar meg til dømes synkronisere lyset på hovudkortet mitt, skjermkortet mitt og tastaturet mitt på likt.

UNIK: Det er få trådlause gamingtastatur i norske nettbutikkar, og dette er kanskje det aller beste.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vidare kan du omprogrammere eigenskapane på alle tastane, synkronisere batteri-indikatoren med resten av RGB-lysa og endre på balansen av straumkrevjande funksjonar for å optimalisere batterilevetida.

Det er ikkje den mest omfattande programvara, men det gir deg det du treng. Med ti ulike RGB-modusar er det òg mykje å velje mellom for dei som likar lys og fargar. Her er framleis Razer klart best, men Asus sine RGB-effektar er ikkje så galne.

Konklusjon

Det er ikkje så mykje å trekkje Asus sitt nye flaggskip for. Jau då, handleddsstøtta kunne vore breiare og designet kunne vore litt meir smakfullt, men det har ikkje nemneverdig effekt på bruken av tastaturet.

Prisen er sjølvsagt det store spørsmålet her. 2600 kroner er veldig mykje pengar for eit tastatur, men på same tid finst det lite konkurranse når det kjem til trådlause tastatur av dette kaliberet.

Logitech G915 er nede på rundt 2000 kroner no, men er lågprofil, har heilt andre brytarar og manglar handleddsstøtte. Razer BlackWidow V3 Pro (som me testar snart) har vore på eit par sal under 2000 kroner, og er kanskje den mest samanliknbare konkurrenten, men det har null modulære funksjonar og er eit fast fullformattastatur.

Det er vanskeleg å direkte samanlikne desse produkta, for dei er rekna for heilt ulike brukarar.

Asus ROG Claymore II er slik sett ganske unikt. Kombinasjonen av god byggekvalitet, val mellom fullformat og TKL, medieknappar, rullehjul for volum, PassThrough, lang batterilevetid, ei behageleg handleddsstøtte og låg forseinking er det ingen andre produsentar som har klart å lage enno. Eg syns likevel at prisnivået har tatt litt av for denne typen produkt.

Det einaste du eigentleg manglar her er dedikerte makroknappar og ei litt større handleddsstøtte, men elles byr Asus ROG Claymore II no på den ultimate, trådlause gamingopplevinga.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
8.5
/10
Asus ROG Claymore II
For deg som vil ha (nesten) alt.
Solid byggekvalitet
RGB-lys med masse førehandsinnstillingar
Modulær NumPad
Eige rullehjul for volum
Dedikerte medieknappar
Trådlaus kopling med lang batterilevetid
Kjappe og gode optomekaniske brytarar
Svært høg pris
Smal handleddsstøtte
Kjem berre med nordisk, ikkje norsk, tasteoppsett
Klanglyd i brytar

Siste fra forsiden