Feature

Teknisk analyse av Call of Duty: WWII på PC

Det er mykje som må ryddast opp i før Call of Duty: WWII kjem i november

Ei helg med betatesten gav oss blanda kjensler.

Enkel GTX 1080TI-benchmark av Call of Duty: WWII i 1920x1080 med alle grafikkinnstillingane på høgaste nivå. Gjer merksam på at det er ein flaskehals med i7-4770k-prosessoren her, så ytinga vil vere betre med ein nyare i7-prosessor.

Call of Duty-serien kjem med eit nytt spel kvart år, og 2017 er ikkje noko unntak. Denne gongen har utviklar Sledgehammer Games tatt oss med til andre verdskrig, tilbake til settinga for første, andre, tredje og femte spel i serien.

Forsøket på å føre Call of Duty: WWII tilbake til seriens røter har hatt varierande suksess så langt. Me skreiv om konsollversjonen tidlegare, og var ikkje nemneverdig imponerte. På same tid har PC-versjonane av spela alltid vore veldig annleis enn konsollutgåvene, så me ville ta ein kikk på dei tekniske aspekta av spelet på PC. Teksten er basert på fire dagar med beta-testing.

Problem med krasjing, yting og juks

Raven Software har vore ansvarleg for å utvikle PC-versjonen i år, som har eit noko varierande rykte. Dei siste åra har dei delutvikla fleire Call of Duty-spel, sist Modern Warfare Remastered i fjor. Det gjekk ikkje spesielt bra, då særs mange brukarar meldte om store tekniske problem.

Skjermmeny i Call of Duty: WWII.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kjernen til PC-versjonane har alltid vore dei solide spelmekanismane for skyting og rørsle. Dei byggjer i stor grad på presis kontrollering av figuren din og høg biletefrekvens. Dei gode gamle spela hadde moglegheit til å skru biletefrekvensen opp til 250, som opna for å kunne hoppe lengre på grunn av ein småfeil i spelmotoren. «Strafe»-hopping er vekke, men Call of Duty: WWII har gått vekk frå å låse biletefrekvensen til 91, slik alle Call of Duty-spel har gjort sidan Call of Duty: Modern Warfare 2. Det er no mogleg å skru heilt opp til 250, slik som i gamle dagar.

For å kunne nærme seg ein slik biletefrekvens, må ein ha maskinvare av ypparste kvalitet. Eg testa spelet med eit NVIDIA GTX 1080Ti-kort, samt ein Intel i7-4770k-prosessor, og såg fort at betaen er veldig avhengig av ein god prosessor. Utan ein nyare prosessor, sleit eg med dropp i biletefrekvensen ned mot 100 i 1920x1080 i War-spelmodusen (den mest krevjande), mens spelet låg rundt 80 i 4K. Det er naturleg å anta av spelet blir langt betre optimalisert før slepp, og ein ny driver frå NVIDIA vil utvilsamt hjelpe.

max3 min3
Alle innstillingane på maks til venstre, alle på lågaste nivå til høgre.

Når eg skrudde ned innstillingane for å få biletefrekvensen over 200, verka det som noko var litt feil. Eg fekk ikkje den jamne kjensla som eg får i til dømes Call of Duty 4: Modern Warfare. Det verkar som spelet enten har høg input-forseinking, eller ein form for museakselerasjon.

Viss ein ser på brukartilbakemeldingar på ulike forum, blir det klart at mange har hatt trøbbel. Spesielt på Steam-foruma er det kome store mengder negative tilbakemeldingar på grunn av dårleg optimalisering og krasjing. Mange klagar på å ikkje kunne starte spelet, og for augeblikket er det langt over dobbelt så mange negative omtalar enn positive på Steam. Spelet er som i tidlegare år basert på «peer-to-peer»-oppkopling («P2P»), med alle problema det fører med seg. Eg hadde nokre kampar med heilt håplaus oppkopling, der alle på serveren andre enn verten hadde oppkopling på ein strek. Dette gir ein urettferdig fordel til den som er vert, og er ikkje heilt det store i PC-spel. Eit lite pluss er at spelet ser ut til å ha implementert eit hybridsystem mellom dedikerte serverar og «P2P», så det er ikkje fult like ille som før.

Det aller største problemet som folk har hatt, verkar å vere juksemakarar. Berre ein knapp dag etter at betatesten gjekk online, hadde nokon lagt ut jukseverktøy. Utviklarane har ikkje laga noko oppdatering som stoppar dette enno, som har øydelagt opplevinga for mange.

Mykje å leike med på innstillingsmenyen

Det første som slår deg når du opnar spelet, er ein imponerande detaljert innstillingsmeny. Synsvinkelen kan skrus heilt opp til 90, og det er støtte for skjermfrekvens på 240hz. Eg blir ein smule irritert av den treige scrollehastigheita i menyen, men dei får pluss for dei små tekstboksane som forklarer kva dei ulike innstillingane gjer.

Les også
Anmeldelse: Call of Duty: WWII
smaa filmic x2 ingen aa
filmic SMAA T2x til venstre, utan kantutjamning til høgre. Merkar forskjell på telefonlinjene.

Kantutjamningsmoglegheitene er dei same som i forgjengarane. Ein kan velje mellom FXAA, SMAA, og «filmic SMAA». Sistnemnde gir noko jamnare kantar (sjå døme her), på kostnad av lågare biletefrekvens. Det skal ganske mykje til for å merke forskjellen mens ein speler, så dette er ein grei måte å få nokre ekstra bilete i sekundet på.

Det er òg innebygd supersampling, som oppskalerer spelet frå oppløysinga til skjermen din. Supersampling opp til 4K ligg over 60 bilete i sekundet med 1080- og 1080Ti-kort, for flaskehalsen på prosessoren forsvinn der. Til kontrast så køyrer PS4 Pro-versjonen berre i 2880x1620, men det er venta at den komande Xbox One X-konsollen vil støtte spelet i full 4K, med «checkerboard rendering».

Grafikkmenyen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den største forskjellen i grafikken kjem i form av skuggelegging og kantutjamning. Viss ein skrur kantutjamninga til FXAA, skuggane på maks, og alt anna ned til det lågaste eller nest lågaste nivået, vil spelet framleis sjå bra ut, og biletefrekvensen vil gå drastisk opp. Men det er ikkje alltid ein merkar så mykje til den ekstra biletefrekvensen. Av og til er forskjellen på maks og lågaste nivå 20 bilete i sekundet, mens i andre augeblikk er det over 100. Betre optimalisering fram mot sleppdatoen vil antakeleg gjere ulikheitene meir konsistente.

Konklusjon

Raven Software har nokre gode idear med PC-versjonen av Call of Duty: WWII, men det er mykje som må ryddast opp i før spelet kjem i november. Biletefrekvens på 250 gir langt jamnare flyt enn det som har vore i nylege Call of Duty-spel, og synsvinkel på 90 er eit velkome tilskot. Likevel er ikkje flyten like god som i dei gamle spela, og tusenvis av spelarar har meldt om problem med yting, krasjing og juks.

Dette er sjølvsagt berre ein betatest, og det er ei stund igjen til slepp enno. Raven Software har allereie gjort nokre endringar i spelet på bakgrunn av tilbakemeldingane. Det lovar godt. På same tid har dei enorme mengdar med arbeid framfor seg, så eg tvilar sterkt på at dei klarer å fikse alt som trengs innan 3. november.

Grafikken er eit monaleg steg fram samanlikna med tidlegare Call of Duty-spel, og gir eit levande bilete av andre verdskrig. Våpena og landskapa er flotte, men dei tekniske aspekta av spelet treng ei solid oppussing viss spelet skal bli ein hit på PC. Eg hadde eigentleg ikkje forventa noko anna. Spelet er kanskje betre på PC, men konsollutgåvene er framleis hovudfokuset for utviklarane.

Les også: Call of Duty: WWII er meir av det same – på både godt og vondt »

Siste fra forsiden