Det første av to nye Life is Strange-spel kjem i haust

Life is Strange: Before the Storm er ein forgjengar til tenåringsdramaet.

Etter tre millionar selde kopiar av Life is Strange, var det mange som venta ein oppfølgjar til det gripande tenåringsdramaet. Tidlegare har me høyrt at eit Life is Strange-spel har vore i utvikling sidan januar 2016, og no kjem det enno eit nytt spel.

Deck Nine Games skal gi ut ein forgjengar til Life is Strange, i tre episodar. Første episode kjem allereie 31. august, og tar utgangspunkt i venskapen mellom Chloe Price (ein av hovudpersonane i det første spelet), og bestevenninna hennar Rachel Amber. Plottet tar plass tre år før 2015-spelet. Noko av dette har lekka tidligare.

Life is Strange: Before the Storm blir altså produsert på lik linje med eit anna prosjekt, hos den originale utviklaren Dontnod Entertainment. Me veit ikkje noko om det andre prosjektet enno, men utviklaren har sagt at me skal få meir informasjon seinare.

Ei forteljing om tap og sorg

Utviklar Deck Nine Games fortel om forgjengaren.

Fokuset på tidsreiser er vekke i Life is Strange: Before the Storm. Forgjengaren skal følgje den 16 år gamle Chloe frå ho mistar far sin, og dei destruktive avgjerdene ho tar i etterkant. Utviklaren fortel at spelet vil ta tak i overordna tema som død, tap, venskap og romantikk.

Stemmeskodespelaren hennar frå det første spelet, Ashly Burch (Life is Strange, Horizon Zero Dawn, Fallout 4), har sjølv vore med i skriveprosessen, for å gi liv til rollefiguren. Det er riktig nok ikkje ho som står for stemmen i Before the Storm, men nykomling Rhianna DeVries.

Her er alt me har skreve om E3 »

Siste fra forsiden