Test

Mountain Everest Max

Skyhøge ambisjonar til skyhøge prisar

Me testar tastaturet som alle snakkar om.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mountain er eit nytt merke som siktar mot å lage dei beste gamingtastatura på marknaden. Det har vore mykje snakk om Everest Max-tastaturet deira det siste året, og i sommar kom det endeleg til Noreg.

Visjonen deira byggjer på at det beste kan bety forskjellige ting for ulike folk. Tastaturet Everest Max er difor basert på modulære løysingar. NumPad, mediedokk, handleddsstøtte og brytarar kan alt saman skiftast ut med enkle grep, slik at brukaren har moglegheit til å finne oppsettet som passar best for dei.

Modulære løysingar er òg tilsynelatande dyrt å få til. I skrivande stund kostar tastaturet 2900 kroner, noko som gjer dette til eit av dei desidert mest kostbare produkta på marknaden.

Design og komfort

Mountain Everest Max er eit stilig, lett, kompakt og solid tastatur i fullformat. Konstruksjonen er laga i hardplast, og kjem definitivt til å tole ein støyt eller to. Overflata er dekkja av børsta metall i grått, der den vesle Mountain-logoen på toppen fungerer som prikken over i-en.

Dette er blant dei mest tiltalande tastatura me har hatt på pulten her på ei god stund.

Eg har eit par problem med tastaturet som eg må løfte fram først. Tastehettene (av typen ABS) lever ikkje opp til prislappen i det heile. Dei er tynne og for glatte, og kjem berre i nordisk, ikkje norsk oppsett. Mountain gir deg moglegheit til å kjøpe dyrare tastehetter, men prisen er stiv nok frå før.

SPENSTIG DESIGN: Mountain Everest Max er blant dei mest visuelt slåande tastatura me har testa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Handleddsstøtta er heller ikkje heilt det store. Festet til tastaturet er vanskeleg å få på plass første gongen, og sjølve støtta er smal og hard. Det er langt opp til kvaliteten på til dømes HyperX eller Razer sine beste.

Men der stoppar dei klare veikskapane. Essensen til Everest Max er dei modulære komponentane, og desse er relativt unike.

Tastaturet har fire USB C-portar rundt for å la deg kople til Numpad og mediedokk på enten venstre eller høgre side. Det er kanskje ikkje livsviktig, men for dei som har knapt med plass på pulten kan dette vere ei god løysing – eller om ein er venstrehendt.

Sjølve NumPaden har ei rad av fire programmerbare knappar, som frå start er kopla til oppgåvebehandling, dvalemodus, nettlesar og filutforskaren. Eg må innrømme at eg ikkje har brukt dei så veldig mykje sjølv, men viss du først venner deg til det, så kan det nok auke produktiviteten din ein smule. Knappane har òg eigne ikon som du kan endre, slik at du veit kva dei gjer.

RULLEHJUL: Mountain Everest Max utmerkar seg med det unike rullehjulet, sjølv om det kanskje er mest gimmick.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mediedokken har ei rekkje med medieknappar for å skifte spor, pause og dempe lyden, saman med eit multifunksjonelt rullehjul. Skjermen på rullehjulet blir kontrollert av knappen ved sida, og kan vise fram og endre på ei klokke, skifte mellom profilar for tastaturet, lysmodus, volum, lysstyrke, maskinvarestatistikk og «actions per minute» til RTS-spel og liknande. Du kan til og med sette opp ein eigen skjermsparar på rullehjulet, for å skreddarsy utsjånaden endå meir.

Det er ganske kult. Samstundes er det ingen tvil om at det ber preg av å vere ein gimmick. Eg har først og fremst brukt det som rullehjul for volum, og då må eg faktisk trykke inn knappen på sida først for å velje volum på menyen, og så skru på rullehjulet. Det er mogleg å deaktivere alle dei andre menyvala, men eg må framleis trykke på knappen først. Då er det like greitt å berre skru ned lyden i Windows.

Mediedokken har, som på nokre Corsair-tastatur, moglegheit for integrering med OBS. Det kan bidra til å gjere kvardagen litt enklare for dei som driv med strøyming.

Elles har tastaturet støtte for USB 3.0-passthrough, og du får med åtte ulike magnetiske føter i eska for å finne den rette høgda for deg. Her det altså mykje å like.

Brytarar

Tastaturet kjem med enten Cherry MX Red eller Cherry MX Brown-brytarar i norske nettbutikkar. Det er mogleg å få fleire variantar om ein kjøper direkte frå merket si nettside.

KJAPT OG ENKELT: Det tar deg ikkje lange tida å skifte ut alle brytarane på tastaturet om du vil det.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har testa Brown-versjonen, og kan melde om at dei yter nett som dei skal gjere. MX Red vil sikkert vere det føretrekte valet for dei som skal bruke tastaturet til speling.

Men tastaturet opnar altså for at du kan skifte ut brytarane med nokre enkle grep. Mountain inkluderer eit verktøy for å ta av tastehettene og brytarane, og dette gjer du på fem sekund per tast. Det er berre å trekkje dei rett ut og poppe inn dei nye brytarane. Då kan du bruke kva som helst mekanisk brytar med tre pinnar frå merker som Cherry, Gateron og Kailh.

Med tanke på at byggekvaliteten er så imponerande som han er, betyr dette at du i praksis kan erstatte heile tasteopplevinga etter nokre år utan å kjøpe nytt tastatur.

Programvare og RGB

Programvara Base Camp er litt treig og rotete, men tilbyr ei rekkje funksjonar for å få mest ut av tastaturet ditt. Du kan endre eigenskapane på kvar einaste tast, sette opp makrosnarvegar og justere på kva dei ulike medieknappane skal gjere.

STOR FRIDOM: Mountain Everest Max legg vekt på fridomen til å gjere det du vil. Med i eska får du til dømes desse magnetiske føtene.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara lar deg skru av det du ikkje treng av funksjonar i rullehjulet, noko eg gjorde ganske kjapt. Etter dei første dagane har eg berre brukt volumfunksjonen – for det er trass alt den ein har mest bruk for. Ved å slå av dei andre er det kjappare å navigere inn til der ein skrur på volumet.

Det er kjekt å kunne til dømes endre lysmodus i farta, men der har konkurrentane meir å by på. Du får ein statisk modus, ei fargebølgje, ein «tornado», ein pusteeffekt, ein som lyser opp enkelttastar når du trykkjer på dei, ein inspirert av teksten frå The Matrix og eit verktøy for å lage ein eigen modus. Det er omtrent på det jamne av kva RGB-tastatur byr på. Sjølve fargane og lysstyrken er òg ganske middels.

Konklusjon

Mountain Everest Max er eit friskt pust. Det er kjekt å sjå at nokon prøver å ta gamingtastatur til nye høgder, og eg trur nok fleire av dei andre produsentane kjem til å kopiere ein del av løysingane her. Spesielt når det kjem til den modulære NumPaden og mediedokken.

Utskiftbare brytarar er ikkje nytt, men det er heilskapen her som verkar nyskapande. Kombinert med ein glimrande byggekvalitet, ein flott utsjånad og ei behageleg tasteoppleving, er dette eit produkt det er lett å anbefale. Men prisen gjer dessverre at det er reservert for dei med djupe lommer.

Dette er heller ikkje førstevalet mitt i prisklassen over 2000 kroner. Og for nesten 3000 burde Mountain inkludert ei betydeleg meir behageleg handleddsstøtte og PBT-tastehetter. Viss dei får på plass det til neste utgåve med ein lågare pris, då snakkar me om ei vinnande oppskrift som kan gå rett til topps.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

8
/10
Mountain Everest Max
Mountain Everest Max er eit friskt pust på marknaden.
Dedikerte makrotastar (med ikon)
Eigne medieknappar
Svært, multifunksjonelt rullehjul
Utskiftbare brytarar
Modulær NumPad og mediedokk
Modulære føter
3.0 passthrough
Imponerande byggekvalitet
Avtakbar kabel med USB C-kopling
Billige tastehetter
Heftig prislapp
Middels handleddsstøtte
Litt treig programvare
RGB-lysa når ikkje opp til konkurrentane

Siste fra forsiden