Anmeldelse

Fallout 4 VR

– Dette gjer meg optimistisk for framtida til VR

Fallout 4 VR er ei stemningsfull reise inn i eit gripande spelunivers.

Bethesda Softworks

Eg var ikkje spesielt imponert over Fallout 4 då det kom ut i 2015. Samanlikna med forgjengaren var det eit svakt spel – eg syns verda var tom og forteljinga uinteressant. Eg var difor spent på kva som venta meg då eg endeleg tok fatt på spelet i VR. Sjølv om forteljinga ikkje blir noko betre, fungerer spelmekanismane på eit heilt anna vis i VR, og moglegheita til å bli oppslukt av det omfattande universet er monaleg større.

I motsetning til Doom VFR, er heile Fallout 4 overført til VR. Overgangen til den nye plattforma har gitt oss ein nærleik til The Commonwealth som ein ikkje har sjans til å få i det vanleg spelet. Med ein gong du tar på HTC Vive-headsettet, kan du bokstaveleg talt tusle rundt i det postapokalyptiske USA – og det fungerer faktisk ganske godt. Det gjer meg optimistisk for framtida til VR.

Innlevingskjensla er på topp

Etter ein overraskande kort lasteskjerm vaknar eg opp framfor dei to potensielle protagonistane. Eg veljer kven eg skal spele, og tar steget ut frå det vesle baderommet. I same sekund blir eg slått av kor mykje betre grafikken er enn i Doom VFR. Det førre Bethesda-spelet hadde ein alt for mørk og uklar utsjånad, men Fallout 4 er noko heilt anna. Dei ljose og klare fargane gir meg kjensla av å gå rundt i ein teiknefilm. Eg merkar litt til maskeeffekten, men ikkje i nærleiken av kva eg gjorde i Doom VFR. Det er framleis eit langt steg fram til den vanlege versjonen av spelet, men viss eg skrur opp supersamplinga til maks, er det visuelle på linje med VR-spel som Robo Recall.

Det kjenst godt å bli presentert ei verd som verkar såpass realistisk. I Doom sleit eg med å leve meg inn skikkeleg på grunn av grafikken. Det er heilt annleis i Fallout 4. I alle fall inne i bygningar, der ein ikkje ser så veldig langt. Det er litt verre når ein kjem ut i det opne, for det er veldig vanskeleg å sjå detaljar i distansen. Ikkje at det er sjeldan i VR-spel, men litt irriterande er det.

Ein frisk fargepallett gir det visuelle nytt liv, samanlikna med Doom VFR. Likevel, spelet ser ein del verre ut i VR enn på bileta.
Bethesda Softworks

Det er noko heilt spesielt med å kome ut av Vault 111 i VR. Teiknedistansen er igjen heilt håplaus, men stemninga er strålande i VR. Musikken, spelmekanismane, terrenget – alt får ein heilt ny smak for meg. Det er som å bli kasta inn i eit nytt univers. Det å utforske Commonwealth om natta, høyre den avslappande musikken, suset i trea, og kave seg gjennom mørke kratt og buskas, er kult. Veldig kult. Det er ein grad av innleving du ikkje kan oppnå i det vanlege spelet.

Spelverda er i seg sjølv Fallout 4 VRs fremste styrke. Den er glimrande. Dette er utan tvil det største VR-spelet som finst, og den enorme opne verda ligg for dine føter. Hiv på deg støvlane, seier no eg. Men dessverre er det ein del problem som legg ein dempar på opplevinga, av teknisk natur.

Takk for skikkeleg rørslesystem, Bethesda!

Etter teleporteringa i Doom VFR, er eg takksam for at eg får bruke vanleg rørsle. Å gå rundt kjenst mykje meir naturleg, sjølv om det er litt meir effektivt med teleportering. Eg testa dei ulike rørslevariantane, og vanleg rørsle gir meg ein monaleg høgare grad av innleving. Til tross for at eg skrudde supersampling opp så mykje at biletefrekvensen gjekk ned til 45, merka eg aldri noko til kvalme. Det har vore mitt største problem med slik rørsle i andre spel, men Fallout 4 VR verkar alltid jamt og roleg.

Mens eg tuslar rundt i verda, prøver eg meg på dei ulike spelmekanismane. Det første eg må rynke på augebryna mine av, er at utviklaren har gått for ei løysing der figuren min ikkje har hender. Eg ser berre våpenet og Pip-boyen som svevar rundt i lufta når eg beveger på Vive-staven. Det er ein smule unaturleg. I og med at eg ikkje har hender, kan eg heller ikkje ta på ting. Kontrolleren min forsvinn berre gjennom dei andre figurane, eller tinga. Det verkar som ein tapt moglegheit, for interaksjon er ein veldig viktig del av VR. Berre små element som å kunne få motstand når ein tar borti noko, er viktige for å gjere opplevinga meir verkeleg. Eg saknar meir merksemd til detaljane, det vesle som gir liv til verda.

Klossete implementering av kontrollering i menysystemet legg ein dempar på rytmen til spelet.
Bethesda

For å få fram menyen med lagringssystem, kart og liknande, må eg løfte Pip-boyen opp til hovudet mitt. Menyen er kanskje det som er verst implementert. Av ein eller annan grunn må ein bruke touchpadden til å navigere seg rundt, som er særs upraktisk. Det tok meg fleire timar før eg konsekvent fekk til å flytte meg rundt i menyen utan å trykke på feil knapp, som er spesielt irriterande når ein står midt i kamp. Gjekk eg tom for ammunisjon, og ville ha eit våpen som ikkje var på hurtigmenyen, var eg avhengig av flaks for å byte i tide. Stort sett endar du på feil plass i menyen, og må fikle i ei stund for å finne det du vil ha. Det øydelegg litt for rytmen i spelet.

Eg hadde litt av det same problemet med settlement-bygging på grunn av den upresise touchpadden, men det var heldigvis ikkje fullt like ille. Så lenge ein berre må bevege touchpadden opp og ned, går det stort sett greitt. Trøbbelet oppstår når ein flyttar i alle fire retningar, for då blir det fort surr.

Engasjerande nærkamp

Kampsystemet er naturlegvis veldig annleis enn i det vanlege spelet. Skyting er ein av favorittdelane mine av VR-spel, og grunnmekanismane verkar solide i Fallout 4 VR. På nært hald har eg ingen problem med å treffe hovudet til fiendane, og siktinga verkar relativt presis. På lengre hald blir det verre, men ein må berre snike seg opp, og ta dei ut i nærleiken. Det verkar litt meir klossete enn det gjer med ei mus, men til gjengjeld er det mykje meir tilfredsstillande å drepe fiendane her. Dei er definitivt meir skremmande på nært hald enn dei er på ein PC-skjerm, og det å sjå hovudet til ein fiende eksplodere mens du står ein halv meter unna får deg til å trekkje godt på smilebandet. Fallout 4s blodige drapsanimasjonar er rein kos i VR. Fleire gongar tok eg meg sjølv i å gå tilbake til fallne fiendar, berre for å skyte av nokre lem her og der.

Alle våpena i standardversjonen er tilgjengelege i VR, men det varierer litt kor godt dei fungerer. Hagler og pistolar var mest moro å spele med, mens nokre av dei større våpena blei litt for lite realistiske til at dei gav meg ei tilfredsstillande kjensle når eg brukte dei. Til dømes var mitraljøsa du får med Power Armor veldig merkeleg å halde. Det å vifte rundt med eit våpen som er større enn meg sjølv utan at det veg noko ting, var ei rar oppleving. Akkurat det er det ikkje så mykje å gjere med for utviklaren, men eg merka at dei aller største våpena òg var veldig vanskeleg å handtere. For å kunne vere treffsikker må ein nesten berre byrje å skyte, og så justere siktet etter der du ser kulene går. Sjølve optikken blir relativt ubrukeleg.

V.A.T.S. er som skapt for VR.
Bethesda Softworks

V.A.T.S.-systemet var det eg likte best ved sidan av å skyte med pistol og hagle – sjølv om eg ikkje brukte det spesielt ofte. Alt du treng å gjere er å trykke på ein knapp, så får du høyre den karakteristiske lyden. Du siktar mot dei ulike kroppsdelane til folk, og får opp eit tal som viser kor sannsynleg det er for at du treff. V.A.T.S er teknisk sett ein slags type VR frå før, så overgangen fungerer veldig godt.

Konklusjon

I ny og ne gløymer eg fullstendig at eg har på meg eit tungt VR-headset, og berre lar spelet ta meg med på ei reise. Eg blir slukt opp av den glitrande stemninga. Aller best er det når eg får gå rundt for meg sjølv, utan å kjempe. Berre nyte utsikta, og utforske det flotte landskapet.

Problemet mitt med Fallout 4 då det kom ut, var at eg syns spelet var overflatisk, og til tider keisamt. Det er til dels vekke i VR for meg. Utforskinga er plutseleg langt meir engasjerande enn før. Dette er i det heile eit legitimt alternativ til å spele på PC eller konsoll. Det var ikkje Doom VFR.

Fallout 4 VR er ein langt betre versjon, som verkar jamt og tilfredsstillande nok til at ein faktisk kan kome seg gjennom heile forteljinga. Spelet er imponerande og skuffande på same tid. Det er fleire spelmekaniske fulltreffarar, men òg nokre sentrale bom.

Les også: DOOM VFR når ikkje heilt opp til Fallout 4-adaptasjonen »

Siste fra forsiden