Her er det nye VR-flaggskipet til HTC

Skjermen imponerer.

HTC

HTC har ikkje heilt klart å halde følgje med konkurrentane når det kjem til VR-produkt mynta på speling det siste året. No lanserer dei to nye headsett for å ta opp kampen mot selskap som Oculus og Valve.

HTC Vive Pro 2 er det nye flaggskipet deira. Det blir mogleg å førehandsbestille det nye headsettet allereie i dag til 8499 kroner, og det kjem i butikkhyllene frå 4. juni. Dette er sannsynlegvis utan kontrollarar og basestasjonar, så du må nok rekne med å bla opp over 10 000 viss du ikkje har det frå før.

Selskapet lanserer òg eit nytt headsett mynta på næringslivet; HTC Vive Focus 3. Dette kjem i sal 24. juni til 14800 kroner.

Høg oppløysing

Vive 2 Pro får ein synsvinkel på 120 grader, oppdateringsfrekvens på 90 hertz og ei oppløysing på 5K, med 2448x2448 per auge.

– Desse framstega betyr minimalt med «motion blur» og at skjermdøreffekten i praksis er vekke. Det gir folk ei meir naturleg og oppslukande oppleving, melder HTC.

Dei har òg fått med AMD og Nvidia på laget for å implementere støtte for Display Stream Compression, som visstnok sikrar «maksimal visuell kvalitet». Det er ein standard som støttar tilnærma tapsfri biletekomprimering over DisplayPort 1.4.

Vive Pro 2 får elles justerbare linser, justerbar reim og lydelement med 3D-lyd. Sporinga skjer via eksterne basestasjonar, enten første eller andre generasjon frå tidlegare Vive. Det støttar òg det meste av kontrollarløysingar som kan bruke SteamVR.

Svindyr og trådlaus

Vive Focus 3 er ei alt-i-eitt-løysing for næringslivet. HTC har hatt nokre headsett med «innsida ut»-sporing før, utan at det har heilt slått an. No verkar det som dei gir opp satsinga på denne typen VR mot spel fullstendig.

Dette byr tilsynelatande på den same skjermen som Vive Pro 2, med oppløysing i 5K, oppdateringsfrekvens på berre 90 hertz og synsvinkel på 120 grader. Headsettet har fått ei ny reim som skal sørgje for betre komfort, og har ein utskiftbar batteripakke. HTC hevdar at batteriet skal kunne bli lada opp til 50 prosent på berre 30 minutt.

Sjølve batteriet skal halde i stand i opp mot to timar.

HTC presenterer òg nokre nye kontrollarar til Focus 3, som visstnok er marknadens lettaste. Dei skal halde 15 timar på ei lading.

Under panseret finn me ein Snapdragon XR2.

Les også
Test: HTC Vive Pro 2

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Siste fra forsiden