Feature

The Witcher 3: Wild Hunt – Next-gen

Gratisoppdatering gjer klassikaren betre enn nokosinne

Det eminente rollespelet er tilbake i ny drakt. Utviklaren gjer ein haug med endringar i The Witcher 3: Wild Hunt som løftar opplevinga.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ellevilt at det har gått sju år sidan The Witcher 3: Wild Hunt tok spelverda med storm. Meisterverket til polske CD Projekt Red er personlege favorittar for fleire her på bruket, meg inkludert, og held seg framleis godt med 2022-auge.

I dag lanserte utviklaren ei etterlengta gratisoverhaling av spelet. Forskjellen er størst på konsollar som endeleg får spele i 4K, men òg PC-spelarar kan kose seg med ny teknologi.

Me har undersøkt litt om korleis den nye utgåva fungerer på nettopp PC.

Genialt initiativ

Oppdateringa tar med seg ein heil haug med større og mindre endringar. Det du kjem til å merke mest til er dei brukarskapte modifikasjonane som utviklarane har vald å ta med inn i det offisielle spelet.

The Witcher 3 HD Reworked Project-modifikasjonen, av HalkHogan, burde vere obligatorisk for alle spelarar på PC, og no får faktisk alle nyte av dei absurde arbeidsmengdene moddaren har brukt på dette prosjektet gjennom mange år.

Det er fantastisk at fleire utviklarar løftar brukarskapt innhald på denne måten. Slike grep bidrar til å auke interessa for moddesamfunna – som igjen gjer at endå fleire kjem til å lage modifikasjonar.

TEKSTUROPPGRADERING: HalkHogans gigantiske modifikasjon er det som viser mest igjen når du går gjennom gatene i Novigrad. Men det er ikkje alle stadar at forskjellane er like openberre. Her er det bjelkane som har blitt betre. Original til venstre, nyversjon til høgre. 1080p, strålesporing på.

Det er nettopp HalkHogan sine teksturmodifikasjonar som utgjer den største endringa i oppussinga av The Witcher 3: Wild Hunt. Spesielt i byane, der vegar, hus og gjenstandar har fått nytt liv.

Utviklarane har òg tatt med seg modifikasjonen Full Combat Rebalance 3, med nokre endringar, for å overhale kampsystemet i spelet. Det er på tide, for kampsystemet ber preg av at det har gått nokre år sidan spelet blei laga.

Grafikkporno

Lista over endringar er lang.

Spelet har fått både nytt kamerasystem, små kvalitetsforbetringar som at ein kan bruke magi kjappare og til og med eit nytt oppdrag inspirert av Netflix-serien.

Grafikknerds som meg kan juble over at CD Projekt Red har lagt til ein drøss med nye alternativ i menyane.

Det er implementert støtte for AI-oppskaleringsteknologiane FSR og DLSS, og ein kan no få både strålesporte refleksjonar og global lyssetting.

STRÅLESPORING: Implementeringa av strålesporing utgjer ikkje den store visuelle skilnaden her, men gjer lyset meir realistisk. Oppdatert utgåve i 4K, utan strålesporing til venstre, med til høgre.

Vidare er det lagt til støtte for Nvidia sin Reflex-teknologi. Denne bidrar til å minske forseinking.

Grafikkmenyen har òg fått eit nytt innstillingsnivå over Ultra, Ultra+.

Det er framleis mogleg å få betre grafikk gjennom modifikasjonar, men det tar nok ikkje lang tid før desse blir oppgradert til å fungere med oppdateringa – som vil gi endå betre resultat igjen.

Irritasjonsmoment med vidare

Dei to aller største tekniske problema med The Witcher 3: Wild Hunt har vore korte, små dropp i biletefrekvens og såkalla «pop-inn», altså at objekt dukkar opp av ingenting viss ein kjem innan ein viss avstand.

Biletefrekvensen verkar noko meir stabil denne gongen, men i testinga vår har det vore kraftige dropp i snitt-FPS ned på tusendelane – nett som før.

IDYLL: Morgonstund ved Fyresdal, Skellige, ikkje Telemark. Her med strålesporing i 4K.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Teiknedistansen er låg samanlikna med til dømes Cyberpunk 2077, men det verkar som det er mindre «pop-inn» enn tidlegare.

Her ser me variasjonar mellom ulike oppløysingar, som får meg til å mistenke at dette kan bli betre med oppdateringar. Dette må vere ein feil av noko slag.

Eg syns heller ikkje det nye kamerasystemet gjer spelet betre. Heller motsett.

No ligg kameraet tettare på skuldra til Geralt, som kjenst ein smule klaustrofobisk mot den større synsvinkelen i førre utgåve. Men dette kan ein kjapt endre med modifikasjonar.

Meir krevjande

The Witcher 3: Wild Hunt er framleis blant spela me testar skjermkort i. Spelet imponerer stadig både visuelt og kunstnarisk, og har blitt endå betre med den nye oppdateringa.

Rett nok snakkar me ikkje om noko kvantesprang i visuell kvalitet. Forskjellen blir enormt mykje større for konsollspelarar som har måtte takle låg biletefrekvens og oppløysing på spelet fram til no.

Paradoksalt nok vil det bli motsett for mange PC-spelarar. Biletefrekvensen vår treff ein solid flaskehals i 1080p i den nye versjonen.

Med RTX 4090 er biletefrekvensen nesten halvert frå førre versjon av spelet i 1080p.

Det er mogleg å køyre spelet i både DirectX11 og DirectX12 no, og det kan hende førstnemnde gjer at biletefrekvensen blir høgare igjen. Det har me ikkje fått tid til å teste enno.

Viss du først har eit kraftig skjermkort, og speler i 4K, kjem du ikkje til å merke så mykje til dei visuelle endringane, heller.

Reduksjonen er mindre for skjermkort som ikkje klarar å treffe terskelen på rundt 120–130 FPS i 1080p, men vårt RTX 3060 fekk likevel ytinga redusert med 22 prosent frå den gamle til den nye utgåva. Det har nok litt med modifikasjonane og andre endringar under panseret.

I 4K yter RTX 4090 34 prosent dårlegare med oppdateringa enn før. Då er me framleis på høgt nok nivå til å dra nytte av ein 144-hertz-skjerm, så dei pengesterke treng neppe klage så mykje.

Strålesporing myrdar biletefrekvensen

Det er alltid greitt å tenke over kor låg biletefrekvens ein toler for å få best mogleg grafikk.

Ultra-innstillingar gir mindre auke i visuell kvalitet samanlikna med nivået under, men krev langt meir ressursar frå datamaskinen. Ofte er det ein eller to enkeltinnstillingar som stel ressursar, om det så er kraftig kantutjamning eller HairWorks.

I The Witcher 3: Wild Hunt er det liten tvil om kva innstilling ein bør endre for å auke biletefrekvensen. Det er strålesporinga.

Som de ser godt her:

Det er ein visuell forskjell med strålesporing, men det er så krevjande at utviklaren må gjere nokre seriøse grep med optimaliseringa før det er vits i å bruke.

No er det fullstendig bortkasta.

STRÅLESPORING: I nokre av scenane ser spelet nesten betre ut utan strålesporing. Her utan strålesporing til venstre, med strålesporing til høgre. Andre stadar bidrar strålesporing med eit skikkeleg løft, men biletefrekvensen blir altså meir enn halvert.

Unntaket er Nvidia sin 4000-serie og siste generasjon med DLSS. Med DLSS og «frame generation» hoppar biletefrekvensen til RTX 4090 frå 36 til 89 i 4K med strålesporing aktivert.

Samstundes slit oppskaleringsteknologien med dei same barnesjukdomane frå «frame generation» som ved lansering. Tekst i spelet blir fragmentert og skurrete i rørsle. Det irriterer viss ein brukar undertekstar til dialogar.

Konklusjon

Vår testbenk

  • Prosessor: Intel Core i9-13900k
  • Kjølar: Asus Rog Strix LC II 360mm
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z790 Hero
  • Minnebrikker: G.Skill Trident Z5 6800-DDR5 32 GB
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor II 1200 watt
  • Kabinett: NZXT H7 Elite
  • Operativsystem: Windows 11 Pro

Det er altså konsollspelarane som kan juble høgast for gratisoppdateringa av The Witcher 3: Wild Hunt i første runde.

Skilnadane på PC er ikkje like store, men det er mykje å like. Og vel, det er gratis. Me takkar ikkje nei til det.

Strålesporinga er det berre å gløyme, men det har kome eit hav av små og store endringar som gjer spelet endå betre.

Det aller mest viktige er at oppdateringa vil legge grunnlaget for eit meir aktivt modifikasjonssamfunn på PC – som igjen vil forlenge levetida til spelet med mange år.

Det er glitrande nyheiter.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden