80–90 prosent av PC-spelarane til Battlefield 6 har forsvunne sidan lanseringa i oktober. Det er det gode grunnar til.
Spelet har vore i ei total innhaldstørke, og dei mange problema med Battle Royale-modusen Redsec blir ikkje tatt tak i.
Det er berre oss i den harde kjernen igjen.
Denne veka kjem sesong to i spelet. Den tar med seg nye våpen, modusar og eit nytt kart, og lovar månadlege slepp av nytt innhald framover.
Det er gode nyheiter for oss som vandrar rundt i denne stadig meir forlatne slagmarka.
Men er det nok?
Høgast på ønskelista
Førre veke fekk eg spele to timar av modusane Conquest og Escalation på det nye kartet Contaminated.
Eit av dei største kjeldene til kritikk mot Battlefield 6, har vore mangelen på store kart. Og dette er ikkje svaret på det.
Mellom høge fjell og skogar kjempar soldatane seg fram i bunkrar, skyttargraver og over fjellknausar i eit av spelets meir klassisk-inspirerte kart.
Nede i bunkerane kjenner eg på den gode, gamle Operation Locker-følelsen, der hektiske kampar over fleire etasjar i bunkerane kan bli ein favoritt blant dei mange karta til Battlefield 6.
Battlefield 4-kartet Golmund Railway er som kjend på veg, og vil nok sløkkje tørsten til dei som vil ha større kart, men det er ei stund til. Det er berre to nye kart i sesong to.
For min del verkar Contaminated, trass i det korte opphaldet mitt der, å vere eit av dei betre karta i spelet.
Eg likar meg best i kamp på kloss hald, og då er den nye mekanismen med VL-7-gass eit morosamt tilskott.
På med gassmaska
Sesong to tar med seg ein modus der det ligg eit teppe av oransje gass på punkta.
Gassen er ikkje dødeleg, men gir soldaten din hallusinasjonar om han ikkje har på gassmaske.
Inne i gassen er sikta avgrensa. Det tvingar deg til å lytte etter fiendar og la blikket skanne skjermen frå side til side.
Kampane på punkta er intense affærar. Når du først har klart å snike deg inn på punktet bak fiendens linjer, ser du ikkje meir enn ti-femten meter unna og må lytte til fotstega av fiendane dine.
Her gjeld det å spele smart rundt hjørne og vere kjapp til å meie ned fiendane når dei kjem.
Modusen VL-7 Strike er visstnok midlertidig, men dette kan fort bli eit fast innslag.
Det mest spennande i sesong to kjem i neste fase igjen, som blir eit slags gjensyn med Operations frå Battlefield 1.
Tynt grunnlag
Første runde av sesong to introduserer automatgeværet VCR-2, DMR-våpenet GRT-CPS og maskingeværet M121 A2.
Under testen blei VCR-2 raskt standardvalet for både meg og fiendane mine, men eg mistenker at utviklarane kjem til å justere ned effektiviteten på rifla nokre hakk før lanseringa i morgon.
Det er ikkje akkurat noko mangel på våpen i Battlefield 6, så det spørst om det er her skoen trykker mest.
Eg speler vanlegvis Redsec, men har ikkje fått teste dei to nye midlertidige modusane der, og slik sett er det vanskeleg å levere frå meg eit svar med to strekar under rundt framtida til Battlefield 6 etter to timar med sesong to.
For seint?
Men. Eit par nye våpen og eit nytt kart kjem neppe til å skape interessa som ein såg ved lansering.
Eg har ein stygg mistanke om at toget har gått for Battlefield Studios, og at dei burde ha vore langt tidlegare ute med å dele planane sine for framtida til spelet.
Når ein først køyrer ein "live service"-modell, er ein avhengig av å ha langt meir innhald klart før lansering, som ein kan mate spelarane i jamne mellomrom.
Dette veit dei godt sjølv.
Dei nye endringane er gøy å prøve, men endrar lite med spelopplevinga utover å by på nokre timar ekstra med moro.
Eldre spel som Battlefield 3 og 4 hadde nærmare dobbelt så mange kart og våpen eit halvt år etter lansering, og det er dette spelarane forventar.
Når det gjeld Redsec, er det største behovet finpuss og gjerne modusar for solo, trio og rangert spel, noko som ikkje kjem denne runden.
Eg er optimist, men først og fremst skeptisk. Sesong to av Battlefield 6 kjem for seint, og det gjer for lite.