Dette kan bli svært dyrt

MSI meiner prisane på minne vil bli langt høgare i komande generasjon.

GALAX sine DDR5-brikkar med legodesign er blant dei første som kjem på marknaden.
GALAX

Ein ny generasjon med Intel-prosessorar med ny sokkel er på veg. Det betyr nye hovudkort for dei som skal oppgradere, og dei store produsentane som Gigabyte, MSI, ASUS har alle saman vist fram hovudkort med DDR5-støtte.

Den neste generasjonen av minne skal erstatte DDR4. Minne har vore ganske dyrt dei siste åra, og ifølgje MSI kjem det til å bli endå verre med DDR5.

Det melder Overclock3d.net.

– Historisk sett har ny minneteknologi alltid kosta 30–40 prosent meir enn den førre generasjonen. Denne gongen inkluderer DDR5 nye komponentar som har pressa prisane endå høgare. Resultatet av dette er at me ventar at prisen aukar med 50–60 prosent samanlikna med DDR4 ved lansering, skreiv MSI i ein bloggpost denne veka.

Dei skriv vidare at det er vanleg at det tar rundt to år før ein når same prisnivå som førre generasjon.

– Me ventar at den trenden blir lik for DDR5-modulane òg, meiner MSI.

Lynraskt minne

Det store løftet mot førre generasjon minne kjem i rein hastigheit og bandbreidde. Dei kjappaste DDR4-brikkene har hatt hastigheiter rundt 5000 MT/s, men med DDR5 kan ein fort sjå godt over dobbelt så høge hastigheiter etter kvart.

Ei rekkje produsentar har vist fram sine DDR5-brikker, der til dømes XPG har annonsert at dei utviklar brikker som kan nå 12 600 MT/s med overklokking. Men det er uvisst når desse eventuelt kjem på marknaden.

For speling har minneforseinking òg store effekt på ytinga, så det er ikkje berre hastigheit som betyr noko. Mange av dei første brikkene som har blitt annonsert har større forseinking enn det dei kjappaste DDR4-brikkene har, men det er umogleg å seie kva dette vil bety for biletefrekvens før me får sjå faktiske testar i spel.

Hardware

Les også

Siste fra forsiden