Feature

Difor bør du ikkje kjøpe Hogwarts Legacy heilt enno

Låg yting, krasjing og småfeil skapar trøbbel for PC-versjonen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Storspelet Hogwarts Legacy blir lansert på fredag, men allereie tysdag kveld kunne dei som har førehandsbestilt Deluxe Edition starte utforskinga av gangane på Galtvort.

Gamer.no hadde i utgangspunktet planlagd ei større, teknisk analyse av spelet på PC, men me slenger ut ein kortare artikkel no som ei lita åtvaring.

Det kan nemleg vere lurt å skippe Deluxe Edition. Førebels er det berre Intel som har kome med skjermkortdrivar for spelet, og «dag 1»-oppdateringa kjem først på fredag.

Ytinga er difor ikkje heilt det store. Det er ikkje alle som merker dette, men det er mange nok til at ein bør smøre seg med litt ekstra tolmod, uansett kor mykje ein gleder seg.

Me kjem tilbake med ein ny artikkel om PC-versjonen av Hogwarts Legacy etter oppdateringa i helga.

Oppstartstrøbbel

Etter nokre timar med PC-versjonen er det openbert at spelet treng litt finpuss.

Det er på ingen måte uspelbart, men det er ein fordel å oppleve spelet med så bra flyt som mogleg. Her kan ein òg spare nokre hundrelappar med å vente.

PC-versjonen har ein grei meny, og du får blant anna moglegheit for å justere synsvinkel, låse opp biletefrekvensen og endre eigenskapar på alle knappane, men det er ein del som skurrar.

Til dømes har me ikkje fått til å køyre spelet i fullskjerm. Dette kan vere eit problem hos meg, men litt googling viser at fleire slit med det same.

Det største problemet er likevel ytinga. Me har spelt gjennom opplæringsdelen av spelet med eit RTX 4090, og opplever regelmessig kraftige dropp i bileteflyten.

Det gjeld både med og utan strålesporing på, og problemet blir større når du får utforske utanfor Galtvort.

Testinga over er gjort i Galtvang, og det er droppa i biletefrekvensen som går mest utover kvaliteten på opplevinga.

Snittflyten er grei nok med Nvidia sitt flaggskip, men me har førebels ikkje testa med svakare skjermkort. Ytinga vil nok uansett auke betydeleg på fredag.

Difor bør ein altså skippe førehandsbestilling. Deluxe Edition gir uansett ikkje noko anna enn eit par kosmetiske gjenstand som du har liten bruk for.

Store variasjonar

Det er ingen tvil om at utviklarane har lagt sjela si i å gjenskape Galtvort. Verdsbygginga er det som har imponert underteikna mest frå start, og både skulen, miljøet rundt, magien og figurane er visuelt slåande.

Men her er det òg ein del oppstartsvanskar. Titt og ofte opplever eg at figurar og gjenstandar dukkar opp og forsvinn ut av ingenting. Det er nesten magisk.

Nokre figurar har imponerande mimikk og animasjonar, andre verkar det nesten som om utviklarane har gløymt.

Det å tusle rundt i slottet manar fram mange minne frå barndomen. Og det er her den fremste styrken i spelet ligg så langt for min del.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Biletefrekvensen varierer veldig om ein er ute eller inne, og implementeringa av strålesporing, som syg til seg mykje datakraft, utgjer så liten forskjell at det er null vits i å bruke.

Krasjing

Det finst millionar av maskinvarekonfigurasjonar på PC, og det er – som alltid – ein del som melder om krasjing.

Vår testbenk

Vis mer

På reddit skriv brukarar om krasjing både under speling, etter første filmsekvens og heilt frå start.

Nokon melder at det har vore hjelp i å skru ned innstillingsnivået på grafikkmenyen, andre har fått hjelp av å skru av automatisk overklokking av skjermkorta sine.

Å auke det virtuelle minnet på datamaskinen blir òg peika på som ei løysing.

Det meste av dette blir nok retta opp i av utviklaren etter kvart.

Gamer.no kjem som nemnd tilbake med ein ny versjon av denne artikkelen innan kort tid. Det har ikkje så mykje for seg å gå veldig i djupna på PC-versjonen før dei verste problema er retta opp i.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden