Anmeldelse

Dungeon Lords

Dungeon Lords svingar sverdet i eit ganske vellukka forsøk på å bevise at hack’n slash-sjangeren er død.

Side 1
Side 2

Eit spel for masochistar
For å gjere vondt verre er områda i spelet heilt håplaust oppbygd. Dei er direkte vanskelege å finne fram i, uansett kor små områda er. Trange gangar er kanskje noko som fungerar i visse spel, men det får vere ei viss grense for kor einsformig og kjedeleg det skal vere. Du spring berre fram og tilbake i eit håplaust forsøk på å finne vegen ut, og undervegs heng fiendane på deg som kleggar. Det er eit mareritt som aldri sluttar. Hadde det i det minste vore pent å sjå på kunne du kanskje hatt ein ørliten motivasjon for å fortsette, men med stygge og kjedelege område blir det heilt omvendt.

Eit lite minikart kunne kanskje gjort ting lettare, sidan du i det minste ville hatt ei lita formeining om kva retning du bevegar deg i. Om Heuristic Park hadde lagt litt større fokus på å få ting til å sjå bra ut, kunne dette ha vore eit problem mindre. Når alle rom og gangar ser heilt like ut, er det klart det er vanskeleg å vite kvar ein er. I tillegg er det eit hav av blindvegar som berre strør salt i såret og får deg til å hate spelet enda meir. Atpåtil er animasjonane livlause og fantastisk lite overbevisande. Skal du hoppe, ser det ut som om karakteren din forbereder seg på å ta tidenes verste mageplask. Vatnet i seg sjølv er ikkje spesielt pent det heller, og reagerar ikkje på kontakt i det heile tatt. Det einaste som eigentleg ikkje luktar kompost av grafikken er karakterane, som trass i dårleg design har visse fine detaljar.

Om du er ein evig optimist kan du tenke deg at spelet blir betre av å gjennomgå torturen i lag med nokon. Du kan ta del i litt kooperativ monsterslakt, men i eit spel som er så elendig frå før, gjer det eigentleg ikkje noko betre. Det endar berre opp som det endelege beviset på kor utruleg einsformig og uinteressant spelet eigentleg er. Kvifor skal to måtte utsette seg for det same, når det faktisk er meir interessant å telle støvkorna på PC-skjermen din? At det ikkje finnest eit einaste spor av musikk i spelet, gir deg ikkje eingong noko å nynne til. Det som finnest av lydeffektar høyrest ut som det du får om du gøymer ein mikrofon under ein stabel med isolasjon.

Dungeon Lords har ei liste av fatale programmeringsfeil som er like lang som eit særdeles vondt år. Det er ikkje berre snakk om slag som aldri treff, fiendar som heng fast i deg sjølv om dei er døde (!), og å henge fast i veggar. Du kan ofte finne deg i ein situasjon der du står høgt over alle fiendane dine, midt i lause lufta, medan du kan plukke ned alt som rører på seg frå trygg avstand. Dette fungerar heilt greit heilt til du har drept alle og gjerne vil bevege deg vidare. Alternativt kan vi gi fiendane den gylne posisjonen, og sørge for at du får eit mål du aldri kan nå.

Konklusjon
Det er ikkje alltid like moro å setje seg ned med eit spel, men at det skal kjennest som ei straff er i meste laget. Det er lett å lure på kva ein har gjort for å fortene dette, når ein slit seg gjennom Dungeon Lords sitt heilt banale univers. Det er uoppfinnsomt, kjedeleg og alt for vanskeleg. Når noko er vanskeleg av heilt feil grunn, er det ikkje så mykje ein kan trekke fram som forsvar. Mest av alt framstår Dungeon Lords som eit fullstendig uferdig spel. Om det var halvvegs i utviklingsprosessen ville det vore mykje tid til å rette opp ting, og kanskje gjere det til ei underhaldande oppleving. Dessverre ligg dette makkverket og hånar deg i butikkhyllene, og ingen patch i verda kan gjere dette spelet verdt å ta i. Ikkje ein gong med vernehanskar og gassmaske.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden