Overwatch

Norsk Overwatch-spelar plukka opp av internasjonalt topplag

Stefan «ONIGOD» Fiskerstrand skal spele for REUNITED.

Her er «ONIGOD» under aksjon på Gigacon 2016.
Eivind Von Døhlen/Gamer.no

Ein av Noregs beste spelarar har dei siste dagane vore i Korea, saman med eit av dei fremste Overwatch-laga i verda. Stefan «ONIGOD» Fiskerstrand (19) som har spelt på både Nordic Alpha, nDurance Gaming og det norske landslaget i verdsmeisterskapet, har fått plass på REUNITED.

Fiskerstrand er kjend for sin imponerande treffsikkerheit med heltar som McCree, og har no fått fast plass som DPS på REUNITED. Han tar over for britiske Finley «Kyb» Adisi.

Skal kjempe i toppen på måndag

Laget blei starta i januar av Fnatics Battlefield-lag, og tok andreplass i den fyrste store Overwatch-turneringa på Gamescon i august. Fiskerstrand får bryne seg mot verdseliten allereie på måndag, når OGN Overwatch APEX League går av stabelen i Korea.

«ONIGOD» (andre frå venstre) med sine nye lagkameratar.
REUNITED

– Å få bli med REUNITED er sjansen eg har vore ute etter sidan eg byrja å spele Overwatch. Det har skjedd veldig mykje i det siste og eg kan ikkje tru at eg faktisk er i Korea no. Eg håpar lagets tilhengarar vil ønskje med velkomen til familien, og eg ser fram til å vise evnene mine ved OGN neste veke, seier Stefan «ONIGOD» Fiskerstrand i ei pressemelding frå REUNITED.

I fylgje REUNITED får Fiskerstrand ein månad prøvetid for laget, der han får sjansen til å vise kva han er god for.

Viktig for norsk e-sport

Gamer.no har ikkje fått tak i Fiskerstrand, men me har snakka med lagkameraten hans frå både landslaget og Nordic Alpha, Jonas «AverageJonas» Navarsete. Han fortel at laget er stolte over å ha ein medspelar på eit storlag.

«Onigod» klatra seg opp på femteplass i konkurransemodusen til Overwatch sist veke.
Stefan Fiskerstrand

– Det er utruleg kjekt at Stefan har blitt plukka opp av REUNITED ettersom han har spelt hjå oss heilt sidan me starta Nordic Alpha, heile gjengen ynskjer han alt det beste og me skal heie på REUNITED frå no av. At eit så stort lag har plukka han opp viser at me er på rett spor og at andre organisasjonar der ute fylgjer med på kva vi gjer. Eg håpar også dette er med på å motivere andre nordmenn til å satse på eSport ettersom ein ofte høyre at "Nordmenn er ikkje relevant" når det kjem til eSport. Me trur at den norske eSport-scena i Overwatch tek innpå resten av verda, spesielt sidan miljøet er i so stor vekst i forhold til andre spel og dei andre skandinaviske laga, seier Navarsete.

Kristian «Liesin» Lie inn for «ONIGOD»

Kristian «Liesin» Lie har forlatt Riddle Elektroniske Sportsklubb for Nordic Alpha, og er deira nye DPS. Jonas «AverageJonas» Navarsete ser ei spanande framtid for Nordic Alpha.

– Det blir spanande å spele med Liesin, fordi han liknar veldig på «Invision» når det kjem til spelestil og «hero pool», så no jobbar me med å omstrukturere oppstillinga vår slik at «Liesin» hoppar inn i rolla som Stefan spelte. I starten vil nok dette vere utfordrande, men me er alle motiverte for å jobbe masse saman for å finne ei løysing som er til det beste for laget. Me trur dette er den rette mannen for oss med tanke på vidare satsing, seier kapteinen på Nordic Alpha.

Les også
Anmeldelse: Overwatch

Les også: Nordic Alpha på offensiven etter Gigacon-siger.

Siste fra forsiden