25

Gjekk konkurs: – Me har jobba for å bygge oss opp

E-sportsatsinga Haven har stengt dørene.

I 2021 grunnla Sondre Madland og Ruben Eggebø e-sportklubben Haven i Stavanger. Målet var å opne e-sportsenter landet rundt.

Denne veka blei selskapet slått konkurs, melder RA Stavanger.

Haven har drive e-sportsenter både i Stavanger og i Oslo.

– Det var ikkje nok aktivitet på sentra. Derfor har vi no meld oppbod, seier Sondre Madland til RA Stavanger.

Rekneskapen for 2024 er ikkje blitt gjort offentleg, men rekneskapen for 2023 viser milliontap. 2023 enda med eit underskott på 1,3 millionar.

Dei tok eit val om å runde av, seier Madland til RA Stavanger. Selskapet fekk ikkje nok inntekter.

– Me har jobba for å bygge oss opp og har hatt ei positiv utvikling, men det heldt ikkje.

Siste fra forsiden