Early Access-inntrykk

PlayerUnknown's Battlegrounds

– Eg har fullstendig endra meining om Battlegrounds

Skribenten vår meiner han tok feil om det populære spelet.

Nokre høgdepunkt frå dei første 100 timane mine med spelet (åtvarer om frisk banning).

Det er alltid litt irriterande å måtte seie at ein har tatt feil, men rett skal vere rett: Eg bomma, folkens. Fullstendig.

I førsteinntrykket mitt gjekk eg hardt ut mot Playerunknown’s Battlegrounds på grunn av ytinga, og sa generelt sett veldig lite positivt om spelet. Ytinga er dessverre framleis udiskutabelt elendig. Heilt håplaus, faktisk. Men eg bryr meg ikkje. Det er lenge sidan eg har hatt så mykje moro med eit spel som Playerunknown’s Battlegrounds, og eg trur aldri eg har fullstendig endra meining om eit spel på dette viset før.

Betre enn H1Z1: King of the Kill på alle måtar

Battle Royale-sjangeren er i vinden, og det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor. Spel som Battlegrounds og H1Z1: King of the Kill gir ein moglegheita til å kome rett inn i action, med moro frå første sekund. Du investerer mykje tid i kvar runde, risikoen for å døy er der heile tida, og du må vege prioriteringane dine varsamt. Går du for å drepe så mange som mogleg, eller gøymer du deg til slutten av spelet? Konsekvensen av å døy er mykje alvorlegare enn til dømes i «Search and Destroy»-liknande modusar i andre skytespel, og det gjer det enno meir givande viss ein klarar seg godt. Å stå igjen som siste mann/lag i Battlegrounds verkar som ei skikkeleg bragd.

Klar for eit nytt eventyr.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Battlegrounds har eksplodert i popularitet i det siste, og har hatt dagar med over 300,000 aktive spelarar på Steam, samtidig. Det er fleire liknande spel som har gjort det særs godt på salslistene det siste året, og den mest naturlege samanlikninga til spelet er H1Z1: King of the Kill.

Når eg tenkjer meg om, må eg innrømme at eg ikkje kan kome på noko som H1Z1 gjer betre enn Battlegrounds, anna enn at det har litt færre tekniske problem. Skytemekanikkane verkar meir presise (sjølv om «lag-kompensasjon» må jobbast med), køyringa er mykje meir morosam, det er omtrent null ventetid for å finne kamp, og det er vesentleg fleire våpen og våpentilbehør ein kan velje mellom.

Det kriblar godt i magen mot slutten av ein slik kamp.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Smak har sjølvsagt mykje å seie i ei slik samanlikning. I mine første 20-30 timar med spelet var eg framleis større fan av H1Z1, noko eg trur heng saman med omlegging av spelestil, at det er litt som å gå frå Dota 2 til League of Legends (eller motsett). Det eg såg etter kvart, var at valmoglegheitene i Battlegrounds er eit stort pluss. Det er så mykje meir ein kan gjere med våpena i Battlegrounds, så mange fleire alternativ. Har du lyst til å skyte fiendar frå 300 meter, men har ikkje noko skarpskytarrifle? Vel, sett på 4x- eller 8x-optikk, og skyt i veg. Berre det å legge til lyddempar i spelet lar ein få mange fleire måtar å takle fiendane på. Sit du ein halv kilometer unna med lyddempa AWM-rifle er det fint lite dei andre kan gjere mot deg – om dei i det heile finn ut kvar du er. Snikinga i H1Z1 er morosam viss ein har Ghillie-drakt, men det blir noko heilt anna når fiendane ikkje høyrer skota dine.

Når alt klaffar

Dei magiske augeblikka kjem ofte i Battlegrounds. Kanskje sit du nettopp med AWM-rifla og plukkar ein fiende med eit skot i hovudet ein halv kilometer unna, eller du tar knekken på ein skarpskytar med M9-pistolen din. Reaksjonen lar ikkje på vente på seg, i alle fall. Lite anna får meg til å glise så bredt som når eg får til noko eksepsjonelt, noko kult. Noko eg kan skryte til venane mine om, noko eg legg ut på YouTube. Det er dei vesle sekvensane av rein spelmagi.

Slike augeblikk kjem hyppigare enn ein skulle tru, og dei kjem alltid uventa. Eg samla nokre av mine favorittar i videoen på toppen, og har du prøvd spelet, veit du kva eg meiner. Av og til, så er det berre noko som klikkar på plass. Du er på den rette staden til rett tid, og du har dei rette føresetnadene. Du plaffar i veg, og vipps – der meia du ned eit heilt lag. Adrenalinet kokar i blodet ditt, og du smiler.

Alltid kjekt å møte dårlege fiendar (Film: Mikkjell Lønning/Gamer.no).

Det å ha med seg nokre vener vil gjerne føre til fleire slike opplevingar. Småfeil med køyretøya i spelet har vore ei endelaus latterkjelde for oss, i alle fall. Det er direkte imponerande kor mykje tull som skjer når ein køyrer bil eller motorsykkel i Battlegrounds. Berre du ser eit hint av ein småstein på vegen framfor deg, kan du vere sikker på at bilen kjem til å ta ein tredobbel baklengs salto, og eksplodere midt i lufta. Klarer du å ta knekken på heile laget ditt blir du kanskje ikkje så veldig populær, men steike så mykje moro det kan vere.

Les også
Anmeldelse: Playerunknown's Battlegrounds

Som med alle andre samarbeidsspel, kjem opplevinga an på kven du speler med. Eg har spelt rundt 140 rundar med solokamp til no, men det er ikkje i nærleiken av å vere like givande som lagkamp. Tomannsmodusen er kjekk, men «Squad»-kamp er den desidert mest underhaldande spelmodusen – sett at ein ikkje speler «custom games», då. Ein god, gamaldags 50-mot-50 boksekamp kan vere hysterisk morosam.

Valuta for pengane

Early Access-modellen er ein populær plattform for spelutviklarar. Det kan vere vanskeleg å finne nok midlar til ein lang utviklingsprosess, og då må ein ty til alternative finansieringsmåtar. Litt av poenget med Early Access-inntrykka våre er å vurdere om spela er verdt pengane slik dei er (og då vender me oss hovudsakleg mot dei som ikkje eig spelet frå før), eller om det er ein glorifisert versjon av folkefinansiering – at spelet er så uferdig at pengane dine blir meir som eit tilskot til utviklaren enn betaling for eit spelbart produkt med såpass få feil at du kan oversjå dei. For å illustrere dette vender eg blikket tilbake til Battlegrounds-konkurrenten H1Z1: King of the Kill.

Hanekam må til.
Bluehole

King of the Kill har eit noko så-som-så rykte, då Daybreak Game Company har brukt alt for lang tid på utviklingsprosessen (det skulle i utgangspunktet forlate Early Access i fjor). Mens Battlegrounds-utviklar Bluehole har vore tydelege i media på at spelet skal ut av Early Access i løpet av året, har det vore noko meir lunken framgang for dei andre store «Battle Royale»-spela. Spelarane har fatta dette, og eg trur nettopp den effektive utviklingsprossesen er ein viktig del av kvifor mange har hoppa over til Battlegrounds. Omdømmet til spelet er klart betre. Det kjem gjerne jamlege oppdateringar til liknande spel (utviklarane bak Rust er spesielt dyktige her), men utan noko lys i enden av tunnelen kan ein bli litt frustrert.

Bluehole har klart å gjere begge deler. Dei har gitt beskjed om at spelet kjem ut i år, på same tid som dei gir oss eit detaljert innblikk i kva som kjem framover. Spelets omfattande tekniske problem har blitt færre og færre, sjølv om utviklaren antakeleg ikkje vil fokusere noko særskild på optimalisering og retting av småfeil før utpå hausten, når det nærmar seg sleppdato. Battlegrounds verkar i det heile å vere mykje meir lovande som Early Access-tittel enn konkurrentane. Det hjelper jo òg på at det (etter mi meining) er det desidert mest morosame spelet i sjangeren, med klart overlegne spelmekanikkar. Eg brukte ei stund før eg såg kor bra spelet eigentleg er, men eg trur det kjem mest an på overgangen frå H1Z1 og at eg var dårleg i byrjinga. Tolmod er nok ikkje mi fremste styrke, så eg blir fort irritert viss eg ikkje gjer det bra i skytespel. Den siste månaden har eg ikkje spelt noko anna spel enn Battlegrounds, og eg er fullstendig hekta.

Konklusjon

Eg syns eigentleg det er merkeleg at ikkje fleire store utviklarar kjem på banen med «Battle Royale»-spel. Det er ein ekstremt populær sjanger, men førebels har me berre sett spel frå små- og mellomstore utviklarar. Bluehole er ikkje noko mastodont dei heller, men dei har openbert forstått kva som fungerer med sjangeren. Dei har tatt dei beste elementa frå spel som The Culling, H1Z1, ymse Arma-mods og Last Man Standing, og samla det i ein givande pakke. Det er meir action, omtrent null ventetid for kampar, eit mangfald av våpen og våpentilbehør, samt faktisk framgang i utviklingsprosessen.

Eg veit framleis ikkje kvifor me prøvde å krysse elva med motorsykkel, men morosamt var det i alle fall.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Okay, så la oss ta eit steg tilbake her. Dei tekniske problema til Battlegrounds er omfattande. Det har blitt mykje betre sidan spelet først kom ut, men det er framleis særs mange spelarar som ikkje ein gong kan kome seg inn i spelet på grunn av krasjing eller horribelt dårleg yting. Speler ein på PC, vil det alltid vere visse maskinvarekombinasjonar som skapar problem, og det kan vere litt lotto-fordeling av kven som opplever trøbbel. Sjølv har eg irritert meg så til dei grader over at spelet krasjar kvar einaste runde eg viss eg skrur grafikkinnstillingane over det lågaste nivået (sjølv med GTX 1080Ti-kort), men på den andre sida er spelet fantastisk underhaldande. Difor meiner eg at dei som syns spelet ser interessant ut bør gi det eit forsøk. Steam har moglegheit til å refundere kjøpet ditt viss du speler mindre enn to timar, så ein har nok med tid til å teste ut yting og om det blir noko eventuell krasjing. Dei aller fleste vil ikkje merke noko særleg av det, men nokon kan vere uheldige – og det er ikkje spesielt kjekt.

Har du «back-loggen» full av spel, så er kanskje ikkje Battlegrounds det eg ville gått for først. Det er òg ein stor fordel å ha nokre vener med, for det blir mykje meir moro med fleire folk. Men har du både tid og vener, så er det ingen tvil: løp og kjøp! Playerunknown's Battlegrounds er eit glimrande spel, og det kjem berre til å bli betre framover. Ein klar kandidat til å vere Steam sitt mest lovande Early Access-spel.

Les også: Battlegrounds-lanseringa utsettast »

Siste fra forsiden