Sniktitt

Playerunknown's Battlegrounds

Elendig optimalisert skytemoro

Battlegrounds er god underhaldning, men har ein lang veg å gå.

Bluehole

Survivalskytespelet Playerunknown’s Battlegrounds har vore ein braksuksess for utviklar Bluehole. Berre på dei tre første dagane etter slepp, tente spelet over 100 millionar kroner på Steam. Kreativ regissør hos Bluehole, Playerunknown, har jobba med både «Battle Royale»-modifikasjonen til ArmA og H1Z1: King of the Kill, så han har vore involvert i alle dei største suksessane i den noko metta sjangeren.

Ei godt brukt oppskrift

Battlegrounds byrjar på nett det same viset som H1Z1: King of the Kill. Du og ein drøss med andre spelarar startar i eit ope hubområde, der du kan springe rundt for å prøve nokre av spelets våpen, og høyre på ymse rasistiske utrop frå tilfeldig forbipasserande.

Etter eit minutts tid blir ein flytta inn i eit fly – komplimentert med ein absurd dårleg biletefrekvens – der du må velje kor lenge du vil vente med å hoppe ut av flyet for å finne deg våpen og utstyr. Er du ute etter action frå første sekund hopper du kanskje tidleg slik at du møter fiendar med ein gong, eller så kan du vente til flyet kjem til den andre sida av øya, for å gi deg litt tid til å finne gjenstandar i fred og ro.

Dei første minutta etter at du landar er hektisk, adrenalinpumpande og nervepirrande action – så lenge du faktisk møter ein fiende, då. Eg skvetter til så eg får vondt i magen dei gongane eg blir drepen av ein snikande motstandar, og får eit smil om munnen kvar gong eg får has på den som sniker opp til meg. Battlegrounds er utan tvil god underhaldning. Spørsmålet ein må stille seg her er kva det har å by på i forhold til spel som H1Z1: King og the Kill, The Culling og dei ulike Arma-modifikasjonane, og svaret er noko skuffande.

Det er mykje dødtid i Battlegrounds. Finn ein ikkje andre spelarar, kan det bli ei keisam affære.
Bluehole

Utviklaren har prøvd å kome med nokre få endringar her og der, som eit litt meir habilt kampsystem, god nivådesign og eit ryddigare system for å finne kampar saman med vener, men i det heile er ikkje forskjellane all verda. Kva for «The Hunger Games»-inspirert spel ein likar best vil antakeleg kome an på personleg smak. Battlegrounds har definitivt betre spelmekanikkar enn til dømes H1Z1, men til gjengjeld er ytinga vesentleg verre (som er ganske imponerande med tanke på kor elendig ytinga i H1Z1 er).

Eg saknar noko verkeleg nytt i denne spelsjangeren. Kunne eit spel som faktisk er ferdig vore ein ide? Alle dei mest populære «Battle Royale»-survivalskytespela er i Early Access, og det verkar som dei konkurrerer om kven som kan kopiere flest mekanikkar frå dei andre. Er det nokon som faktisk kjem med ein ny ide, tar det ikkje lang tid før det dukkar opp i eit par av dei andre spela.

Teknisk katastrofe

Det er med dei tekniske sidene av spelet at Battlegrounds verkeleg slit. Sjølv med det beste skjermkortet ein kan få tak i, får eg dropp i biletefrekvens ned mot 15 med alle innstillingane på «very low» i 1080p, noko som blir monaleg verre med svakare kort.

Kanskje greitt å roe ned hårvoks-forbruket litt. (Bilete: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Med alt unntatt teiknedistanse på den lågaste innstillinga ser spelet strengt tatt frykteleg stygt ut, og ærleg talt så er det ikkje så mykje betre på den høgaste innstillinga. Eg skal vere einig i at grafikk ikkje har så mykje innverknad på eit skytespel i seg sjølv, men når ytinga er så monumentalt dårleg at eg må skru alt ned på «very low» og klusse med spelets konfigurasjonsfiler, må det vere lov å kome med litt kritikk. Utviklaren har vore effektiv med optimaliseringsarbeid, det skal dei ha, men det er ikkje på langt nær nok til at eg ville brukt pengane mine på spelet slik det er no.

Serverane har òg store problem med høg responstid, der rundt 10 av dei 40 kampane eg har spelt har hatt håplaus «strikkeffekt». For det meste har eg berre gått ut av serveren når det har skjedd, noko som er ganske irriterande når rundane kan ta over ein halvtime å gjennomføre. Og som ikkje det skulle vere nok, er nettkoden til spelet av særs varierande kvalitet. Nokre skot registrerer ikkje i det heile, sjølv om dei går tvers gjennom fiendane dine. Lite er så irriterande som å døy på grunn av at skota dine ikkje gjer skade.

Konklusjon

Les også
Anmeldelse: Playerunknown's Battlegrounds

Det er ingen tvil om at Battlegrounds kan vere moro. Spesielt med tre vener kan det bli ganske intenst når ein tar spelet seriøst, og speler for å vinne. Snikande rundt kvart hushjørne med blikket flakkande mellom dei mange vindauga rundt deg fell du ned i djup konsentrasjon, varsam på sjølv den minste rørsle. Det er ikkje mindre moro aleine heller, der kjensla av å stå igjen som den siste spelaren er utruleg tilfredsstillande.

Det blir litt betre på «ultra» – men ikkje så mykje. (Bilete: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

På same tid er det latterleg mange problem med spelet. Optimaliseringa er ikkje kome i nærleiken av å vere akseptabel, og serverane taklar ikkje stor pågang. I rundt ein av fire kampar eg har spelt, har eg og venene mine berre kopla frå serveren, på grunn av enorm «strikkeffekt».

Med tanke på kor lenge spel som H1Z1 og The Culling har vore i Early Access, er det lite håp om at spelet får slepp med det første. Det lovar godt at utviklaren har kome med jamlege oppdateringar, men det er ein lang veg fram til det er verdt to gongar prisen til H1Z1: King of the Kill.

Dei som koser seg med dei andre «The Hunger Games»-kopiane kjem til å like spelet, det er eg ikkje i tvil om – men tenk deg litt om før du gir utviklaren 260 kroner for eit produkt som knapt kan seiast å vere i alfafasen.

Les også: Early Access-modellen har fleire ulemper enn fordelar »

Siste fra forsiden