Anmeldelse

Voice of cards: The Isle Dragon Roars

Ei annleis og eventyrleg reise

Nier-skaparan byr på eit uvanleg jordnært eventyr der kort og terningar står i fokus.

Sjå føre deg følgjande. Ei gruppe vener sit rundt eit bord, på kortsida av bordet sit ein utvald person med god fantasi halvvegs gøymd bak ein skjerm og studerer venene sine godt før han byrjar å fortelje ei historie om små folk som gjer store ting, mannevonde drakar, og store ulukker som skjer med små folk.

Har du spelt rollespel før, og når eg seier rollespel meiner eg den typen penn og papir-rollespel som blei popularisert av Gary gygax på slutten av 70-talet, kjenner du deg nok igjen no.

Voice of Cards er eit spel som heilt tydeleg er laga av folk som har spelt rollespel nokre gongar i sitt liv. I staden for å prøve å putte oss inn i ei anna verd slik BioWare gjorde med Baldur's Gate på slutten av 90-talet, prøvar i staden Nier-skapaer Yoko Taro og eit knippe trufaste samarbeidspartnarar å gjenskape den unike stemninga som oppstår når ein spelar rollespel. Det har ført til eit digitalt kortspel heilt utanom normalen.

Ut på tur, alltid sur

Verda brettar seg ut ved å snu korta rundt deg.
Square Enix

Det første som møter oss i Voice of Cards er forteljaren. Stemma hans følgjer oss gjennom heile spelet, og skildrar kva som skjer, kjem med små kommentarar her og der, og tek på seg rolla som alle personar du møter rundt om kring i verda. Det skapar ei heilt spesiell stemning, og minnar kanskje litt om den stemninga forteljarstemma skapte i actioneventyret Bastion.

Forteljaren legg seg som eit grovt og varmt bakteppe over eit spel som er bygd opp av kort. Dei ligg strødd utover, og i form av ei spelarbrikke hoppar vi frå det eine kortet til det neste. Etter tur snur vi nye kort for å sjå kva som skjuler seg bak dei. Nokre viser berre bilete av kva landskap du er i, medan andre avslører at noko skjer, eller at nokre monster hoppar på deg.

Det går ikkje an å snakke om desse korta utan å snakke om teikningane til Kimihiko Fujisaka. Fujisaka har jobba med Yoko Taro heilt sidan Drakengard, og byr her noko av sitt mest leikne og fantasifulle arbeide. Han har teikna alt frå heltar og monster til landsbyfolk og bygningar, og skapar eine og aleine i dette vesle spelet figurar med meir sjarme og utstråling enn det dei fleste stortitlar med budsjett som får dette til å sjå ut som lommerusk, kan skilte med.

Sjølv om han skapar ei fortryllande stemning med kunsten sin, er det nesten til å bli litt trist av. Eg skulle ynskje figurane i andre, og meir påkosta spel brukte – og heldt seg tru mot – teikningane til Fujisaka. Square Enix burde alvorleg talt bruke denne mannen meir, og gjerne i storproduksjonar som treng noko meir enn streken til Tetsuya Nomura.

Over det heile ligg den herlege musikken til Nier-komponist Keiichi Okabe. Han komponerer her noko heilt anna enn vi plar høyre frå han, og han byter ut eteriske pg rytmiske tonar til fordel for noko langt meir jordnært, og sterkt inspiert av europeisk middelalder. Harper og strykarar bygger gode stemningar, og eg blir slått av kor mykje eg skulle ynskje at dette spelet, trass sine kvalitetar, heller hadde vore eit fullblods rollespel med eit budsjett til å matche talenta som ligg bak.

Moralen er i alle fall klar.
Square Enix

Helt eller antihelt?

Som ein kanskje kan forvente frå Yoko Taro får vi ei historie som ikkje heilt følgjer tradisjonelle japanske retningslinjer. Joda, vi får ein ung mann som skal ut på eventyr, men dette er eit befriande lettbeint eventyr. Det er ikkje snakk om å redde verda frå metafysisk snikksnakk. Ein drake herjar, og draken må døy, så enkelt og gammaldags er det. Vår helt legg difor ut på ei reise for å ta knekken på denne draken. Ikkje fordi hjartet hans blør for stakkarane som blir grilla levande, men fordi han søker heder, ære og mykje gull.

På reisa får han med seg nokre svært ulike personar, og sjølv om dialog og handling mellom karakterane ikkje skjer for ofte, klarar likevel spelet å kommunisere dei tydelege forskjellane på dei. Hovudpersonen er ein ganske egoistisk tosk som tenkjer berre på pengane, medan det er dei rundt som kanskje byr på hakket meir empatiske innslag.

Historia tek uansett ikkje så mykje plass i dette spelet. Utviklarane formidlar meir ideen av ei verd, enn verda i seg sjølv. Du kjem ikkje til å gå deg vill i folk og dialog, og spelets fornuftige lengde gjer at det aldri blir for mykje av det gode.

Kort om terningar

Ein og annan tettstad med eit knippe folk å prate med dukkar opp.
Square Enix

Spelet sender oss gjennom grøne marker til fortrylla skogar der vi finn skattekister og merkelege folk, samt mange monster å kjempe mot. Kampsystemet i Voice of Cards er visualisert som eit kortspel på eit gammalt og slite bord med både lys og terningar liggande rundt, men utartar seg i praksis som eit ganske tradisjonelt turbasert kampsystem.

Frå ei lita liste med kort får du tenkje over kva du skal gjere, før du vel eit kort, trillar ein eventuell terning, og gyv laus på fiendane. Mellom slaga låser du opp nye kort, kjøpe betre utstyr, og vel kven du vil skal vere med i kamp. Det heile er lettvindt og fornøyeleg, men byr aldri på dei heilt store utfordringane.

Ein glir raskt inn i eit mønster der ein utfører dei same to-tre vala kvar gong fordi ein veit det funkar, og så snart ein har funne ut kva element dei fleste fiendane i eit område er svake mot, har ein eigentleg lagt løypa vidare ganske godt.

No og då dukkar det opp sterkare fiendar som krev litt av deg som spelar, men det er ganske sjeldan. Ein annan ting som trekk ned litt er at spelet er ganske tregt. Kvar handling tek hakket meir tid enn kva som burde vere nødvendig, og det at ein ikkje kan få dialog til å rulle av seg sjølv, men at du må klikke deg vidare heile tida er slike små irritasjonar som trekk ned over tid.

Konklusjon

Kampane skapar ei kjensla av å sitje på eit gammalt vertshus.
Square Enix

Voice of Cards: The Isle Dragon Roars er mest av alt ei triveleg oppleving. Det er eit spel i eit avslappa tempo som aldri forhastar seg, og aldri vil pumpe opp adrenalinet ditt, men i staden vil få deg til å slappe av med sin nydelege musikk og si innbydande verd.

Det er presentasjonen som er vinnaren her. Musikken, dei flotte teikningane, og den tradisjonelle forteljinga som byr på nokre sleivspark i kjend Yoko Taro-stil.

Det er først og fremst kampane som kunne hatt godt av litt meir ettertanke. I seg sjølve er kampsystemet artig nok, og eg blei aldri lei av å krige mot monster, men spelet er litt for lett og byr på for få ting til å gjere spelet verkeleg spanande. Det er mange tilfeldige kampar i spelet, og eg hadde mykje heller tatt få, men utfordrande kampar, enn mange som ikkje utfordrar. Når det er sagt er likevel Voice of Cards ei unik og minneverdig oppleving eg er glad eg har fått med meg.

Voice of Cards: The Isle Dragon Roars blei lansert på Windows, Nintendo Switch og PlayStation 4 (testet) 28. oktober.

7
Voice of Cards: The Isle Dragon Roars
Ei unik og minneverdig oppleving.
Voice of Cards: The Isle Dragon Roars

Les også

Siste fra forsiden