Anmeldelse

Unicorn Overlord

Ei suveren taktikkperle

Vanillaware gjer det på sin måte når dei lagar taktisk krigføring.

Om ein først skal lage retroinspirerte spel som vekker minne frå tider som for lengst er forbi er det slik det bør gjerast. Det er greit nok med pikselgrafikk med fancy effekter på i 2024, men det er lov å gjere noko litt annleis no og då, er det ikkje?

Berre sjå på Unicorn Overlord, eit fascinerande nytt spel frå gjengen bak Dragon's Crown og Odin Sphere, og eit spel som om ein myser berre litt ser ut som om det var laga på den første PlayStation-konsollen. Litt synsbedrag der altså, for Unicorn Overlord er eit skarpt teikna og lekkert spel som leikar seg litt med tanken om kva som skjer om ein sluttar å tenkje at 16-bit er noko å jage etter, og i staden spekulerer i kva som hadde skjedd om pikselgrafikken hadde utvikla seg i takt med kraftigare maskinvare.

Resultatet er eit uvanleg lekkert spel. Uvanleg fordi det er lekkert, men ikkje på ein måte vi er vande med. Her er det ikkje fancy effekter og massetettleik av objekt som står i fokus, men i staden kunstnerisk visjon med utruleg mange karismatiske og fascinerande folk som dukkar opp på skjermen. Ikkje minst blir vi dratt inn i ei verd som er uhyre sjarmerande, sjølv om alt handlar om krig og elende.

Vi møter ei lang rekke soldatar i alle tenkjelege kategoriar som er alt frå store menn i tunge rustningar til slanke hekser i minimal påkledning, men med avansert puppefysikk på plass. Dette er eit Vanillaware-spel, eg veit ikkje kvifor nokon forventa noko anna. Viktigast av alt er eigentleg kor unik stilen deira er. Ein ser umiddelbart at det er eit Vanillaware-spel, og er både stemningsfullt, variert og vakkert der mange andre anime-inspirerte spel ser ut som om dei prøvar å vere einegga tvillingar.

Det er frykteleg pent til tider.
Øystein Furevik/Gamer.no

Annleis strategi

Unicorn Overlord gjer det meste annleis, ikkje berre på den visuelle fronten. Spelet er eit slags taktisk rollespel inspirert av gamle slagerar som Ogre Battle og Tactics Ogre, men det er berre på utsida. I staden for å flytte figurar rundt på rutenett og angripe det som er rundt deg, lagar du her små hærer med soldatar. Du set saman infanteri med bogeskytarar, kanskje ein hoplitt for å halde dei skjøre krigarane trygge. Andre grupper har kanskje ein flygande griff med magikarar i bakhand, medan ein annan har ein tjuv som hoppar unna alle angrep medan han bak seg har soldatar som høvlar over fiendane med alskens forskjellige metodar.

Korleis ein set saman ei slik hær er alfa omega, for kampane går av seg sjølve, og du treng ikkje sjå kvar kamp heller sidan det ikkje er nødvendig på nokon måte. Du kan spole gjennom dei eller hoppe over dei om du vil. Det er ein grunn til det. Dette spelet handlar ikkje om å utkjempe kampar på mikronivå, men i staden om å lage eit godt olja maskineri. Av og til er det likevel verdt å sjå desse kampane utspele seg, ikkje berre fordi dei byr på mange herlege animasjonar, men sidan du får ein sjanse til å sjå betre kva som fungerer, og kva du kanskje bør gjere noko med.

For å detaljstyre korleis soldatane oppfører seg nyttar spelet eit kontrollsystem veldig likt Gambit-systemet i Final Fantasy XII. Du vel ein soldat, ein eigenskap, eit angrep, og så kva som må skje for at det skal nyttast. Ved å setje saman gode soldatgrupper, og skru oppførselen deira kan ein lage militære einingar som høvlar over all motstand. Du er ingen aktiv krigar, men hærføraren som styrer dei.

På verdskartet kan du finne både folk og gjenstandar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit godt, gammaldags kart

På verdskartet skjer alt i sanntid, og det heile er delt i to delear. Vi følgjer tronarvingen Alain som prøvar å ta tilbake sitt rettmessige rike, og i rolla som han spring vi rundt på verdskartet og plukkar opp gjenstandar i terrenget, pratar med folk, og vitjar byar og fort for å byggje dei opp igjen slik at ein kan kjøpe ekstra medisin, nye gjenstandar og ferske våpen til soldatar som treng noko nytt.

Unicorn Overlord er eit spel som kler kortare økter veldig godt. Det passar heilt perfekt til å springe rundt litt, utforske, finne nye ting, og så gå inn i nye område du enno ikkje har kontroll over. Då låser du opp eit nytt kampscenario, og det er her vi kjem til den andre delen av verdskartet.

I kamp skjer òg alt i sanntid, men du kan når som helst pause tida for å gi nye beskjedar til soldatane dine. Når ein startar tida igjen byrjar dei å vandre. Det same gjer fienden, og det heile minnar akkurat her litt om The Diofield Chronicle.

Det er mykje å halde oversikt over. Kvar soldatgruppe har eigenskapar dei kan ta i bruk ved å bruke poeng tent gjennom slaget. Ein kan knuse barrikadar, vekke døde soldatar til live, eller utføre mektige angrep. Her og der kan ein òg finne ein ballista eller katapult som kan nyttast så lenge ammunisjonen er til stades. Minst like viktig er å la gruppe med ulike styrker gå saman. Har du til dømes ei gruppe med bogeskytarar eller magikarar med helsemagi, kan soldatar som krigar nær desse nytte godt av det. Ein volley med piler før kampen startar, eller litt medisin når den er over kan kome veldig godt med.

Kampane går av seg sjølv, men er artige å sjå på.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Unicorn Overlord er ei sjeldan perle. Kor ofte får vi eigentleg leike med spel som gjer noko heilt unikt? Klart Unicorn Overlord hentar inspirasjon frå andre spel, men eg har aldri spelt noko heilt som dette. Det er eit taktisk spel som gjer ting på sin heilt eigen måte, og det med stort hell. Det Vanillaware har skapt er både annleis og utruleg engasjerande.

Eg elskar å bygge opp soldatgrupper, prøve nye kombinasjonar, og framgangsmåtar. Skru og vri på taktikkane til dei individuelle soldatane, og sjå korleis det heile fungerer i praksis. Unicorn Overlord er eit spel med mange lag, mange små detaljar, og stadig nye ting å oppdage.

Om du likar taktiske spel og er open for å prøve noko annleis, er Unicorn Overlord sjølvsagt. Vanillaware har strengt tatt gjort dette veldig lett for oss. På alle plattformer ligg ein nesten sju (!) timar lang demo der framgangen kan overførast til det fulle spelet. Eg veit eigentleg ikkje kva du ventar på.

Unicorn Overlord er ute til Nintendo Switch, PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox Series X (testa) og Series S.

9
/10
Unicorn Overlord
Om du likar taktiske spel og er open for å prøve noko annleis, er Unicorn Overlord sjølvsagt

Siste fra forsiden