Test

HyperX x Ducky One 2 Mini

Eit av dei flottaste tastatura me har testa har verken NumPad eller piltastar

Me testar det vakre 60%-tastaturet til HyperX og Ducky.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg har høyrt mykje skryt om såkalla 60%-tastatur, som kuttar både NumPad og piltastar. I byte mot litt færre tastar får du meir plass på skrivepulten, og gjerne eit tastatur som ser flottare ut. Og det skal ein ikkje nekte for at HyperX x Ducky One 2 Mini gjer.

Samarbeidet mellom gamingprodusent HyperX og tastaturprodusent Ducky har resultert i eit gamingtastatur som berre kan kjøpast i ein viss periode – og som allereie er ganske vanskeleg å få tak i. Men så er det i praksis identisk til Ducky sitt vanlege One 2 Mini-tastatur, berre med nokre litt andre brytarar. Så tapet er ikkje stort om du går for deira modell i staden.

Uansett. Me dukkar ned i kva som gjer dette til eit interessant produkt for den som vil ha litt ekstra rom til andre ting på bordet.

Design og komfort

Til 1500 kroner er tastaturet av det dyre slaget med tanke på kor lite funksjonalitet/utstyr ein får, men det er mykje å like her. Først av alt er det skikkeleg kult. Du får med ein del ulike tastehetter i eska, og kan velje korleis dei skal sjå ut. Eg likar designet på den alternative mellomromtasten, som blir ganske så kjekk å sjå på når RGB-lyset leikar seg i mønsteret.

Eg har òg fått betydeleg meir plass til å ha andre ting ved sia av tastaturet mitt no. Om det så er ein tallerken, eit nettbrett eller ei bok, så er det veldig greitt å ha eit tastatur som ikkje dekkjer halve pulten min.

Men så er det dette med balansegangen her. Jo, det tar mindre plass, men det kjem i byte med at eg no manglar ein drøss med tastar som eg elles brukar ofte. Piltastane brukar eg trass alt omtrent heile tida, og som rekneskapsførar på sida er NumPaden min flittig i bruk. Difor er dette eit steg ned når det kjem til produktivitet.

VAKKERT: HyperX x Ducky One 2 Mini er eit av dei flottaste tastatura me har testa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
SMÅTT ER GODT: Storleiken er særs praktisk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du har framleis piltastar gjennom nokre hurtigtastar via Fn-tasten, og omtrent alle tastane har eigne ekstrakommandoar som du kan matche med Fn. Men når du skal sitje og skrive, så tar ting meir tid. Ein kan venne seg til det meste, men eg veit ikkje heilt om det er verdt det.

Mangel på alt av dedikerte makroknappar, medieknappar, rullehjul for volum, handleddsstøtte og så vidare, gjer at eg saknar det vanlege tastaturet mitt. HyperX si eiga handleddsstøtte fungerer for så vidt fint høgdemessig, men ho er naturlegvis alt for lang samanlikna med tastaturet.

Så det er nokre ganske store minus du må bite i deg for å spare plass her, altså.

Når det kjem til byggekvalitet er heile tastaturet i plast, som verkar ein smule billig. Det er absolutt solid, men til ein slik pris kunne det godt konstruksjonen vore i aluminium eller noko slikt. Føtene på undersida er òg av plast. Dei verkar å tole ein støyt dei òg, men det er dette med premiumkjensla som manglar.

Strauminntaket er av typen USB C, som er kjekt på eit lite tastatur. Det at ein kan ta kabelen av gjer det òg enklare å frakte tastaturet rundt. Her er det berre å slenge det i sekken.

Når det kjem til komfortnivå på tastehettene er det lite å seie på dette. Tastehettene er glatte, men med bøy, som sikrar effektivt grep og komfort på same tid. Dessverre ser det berre ut til at dette kjem med amerikansk tasteoppsett, som er nok eit minus.

Ducky sin versjon skal så vidt eg veit vere tilgjengeleg med nordisk oppsett.

Brytarar

LITEN FORMFAKTOR: Her ser du tastaturet samanlikna med SteelSeries Apex Pro. Forskjellen er slåande.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er veldig små forskjellar mellom Cherry sine MX Red-brytarar og HyperX sine Red-brytarar. 0.2 millimeter kortare aktuasjonspunkt og full vandring er den største skilnaden - og det er ikkje så mykje. Eg merkar at det er litt meir reisedistanse på Cherry sine når eg har dei side om side, men utan noko referansepunkt rett ved sia er ikkje akkurat overgangen stor.

HyperX sine brytarar er visstnok spådd å tole 80 millionar klikk i motsetning til Cherry sine, som berre er målt til 50 millionar. Eg trur likevel at ein får andre problem med tastatura før det blir ein faktor.

HyperX Red er lineær, utan noko klikk ved aktuasjon. Lyden er litt meir dunkel enn MX Red, men igjen er forskjellen veldig liten. Alt i alt er dette ein brytar som gjer det han skal, og som ikkje kjem med nokre store overraskingar. Lineære brytarar er det beste valet for gaming grunna den kjappe aktuasjonen, men dei er framleis solide val for dei som skriv mykje. Red-brytarane er kjend for å vere behagelege i bruk og for å yte i godt i spel, og dette er ikkje noko unntak.

RGB og programvare

Denne gongen slepp me unna HyperX Ngenuity, for dette tastaturet har ikkje noko programvare. Alt skjer gjennom ulike tastekombinasjonar, og det er faktisk ganske mange ulike RGB-modusar å velje mellom likevel.

Ein nesten bruke instruksjonsboka for å finne ut av korleis ein gjer det, men for dei aller fleste er ikkje det noko stort problem. Det er neppe mange som skiftar RGB-modus ofte.

SPESIELT DESIGN: Mellomromtasten er ein kul detalj på tastaturet. Mangelen på programvare er knotete, men du får tilgang til alle funksjonane du treng.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tastaturet byr på ti ulike førehandsprogrammerte RGB-modusar, med alt frå regnbogeeffekt, krusingar og pustemodus til standard, statisk lys. Lysstyrken på fargane kan justerast, og det same kan hastigheitene på effektane. Du kan til og med spele Minesweeper på tastane med RGB om du vil.

Det er òg kommandoar for å sette opp makro, «N-key rollover» (som lar ein trykke inn fleire tastar på ein gong), medieknappar, endre på inputforseinking og alt anna ein vanlegvis får i tastaturprogramvare. Tastaturet gir deg stor kontroll over kva du skal, men det er noko komplisert å finne ut kva ein skal gjere. Instruksjonsboka seier ikkje kva dei ulike funksjonane gjer, så du må vite kva som er kva her.

Det er tungvint, men totalt sett får du gjort dei same tinga som i programvara som gamingtastatur pleier å kome med. Eg pleier å seie at det å ikkje ha programvare er både positivt og negativt. Det er greitt å sleppe å måtte vere avhengig av det, men samstundes er programvaren veldig grei å ha når ein først skal endre på eigenskapar ved tastaturet.

Konklusjon

60%-formfaktoren er noko ein treng tid for å venne seg til. Eg ser poenget, men har ikkje heilt klart å tilpasse meg korleis det er. Komfort når eg skriv er viktigare for meg enn yting når eg speler, og difor legg eg stor vekt på at tastaturet skal gjere meg så produktiv som mogleg. Dette er eit tastatur som ikkje berre ikkje hjelper meg, men som faktisk gjer meg mindre produktiv enn eit vanleg tastatur.

Eg kjenner spesielt at eg saknar piltastane. Dei er vanskelege å leve utan. Det å måtte trykkje Fn-tasten før andre tastar for å emulere piltastane fell ikkje heilt i smak.

60%: Denne tastaturstorleiken kjem med klare pluss, men for oss verkar det som veikskapane veg tyngst her.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Så tastaturet er ikkje for meg. Men kanskje ein meir kompakt pakke er noko for deg? Til trass for manglar på det eine og det andre, og ein litt stiv pris, er det ingenting gale med HyperX x Ducky One 2 Mini, eller Ducky sin versjon – som for så vidt kostar ein hundrelapp mindre. Er du gira på å gjere pulten meir ryddig, så kan dette vere ein flott start.

Målgruppa for denne typen produkt er smal, men dei har seld ganske godt. Så tydelegvis er det ein del interesse for 60%-tastatur.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

7
/10
HyperX x Ducky One 2 Mini
Tastaturet har ikkje så mykje funksjonalitet, men er eit godt tilbod til målgruppa.
Tiltalande utsjånad
Solid
Gode og kjappe brytarar
Flott RGB
Lite og lett, som gjer at det er enkelt å ta med seg
Ingen programvare
Mykje plast
Ingen piltastar eller NumPad
Ingen programvare. Tungvinn løysing for RGB og makro
Ingen dedikerte medieknappar, makroknappar eller handleddstøtte
Berre engelsk tasteoppsett

Siste fra forsiden