Anmeldelse

Tiny Tina's Wonderlands

Eitt steg fram, to tilbake

Er det meir å hente frå Borderlands-formelen no?

Så var vi tilbake igjen. Gearbox ser etter kvart ut til å ha skjønt at dei kan ein ting, og berre ein ting. No når dei prøvar seg på noko litt nytt, er det eigentleg utan å gjere noko nytt. Lat det ikkje vere nokon tvil, Tiny Tina's Wonderlands er Borderlands 4 (eller 5 om du tel med The Pre-Sequel) i alt anna enn namn.

Forskjellen denne gong er at i staden for å reise til desse noko tørre, steinsprengde og livlause områda Borderlands-spela er kjende for, reiser vi no til ei sprudlande og fargerik fantasiverd.

Tiny Tina, ein av seriens, og kanskje spelhistorias mest irriterande karakterar likar å spele rollespel med venene sine, og som ein Dungeon Master i Dungeons & Dragons, sit ho bak DM-skjermen sin og fortel spelaren – deg – kva som skjer.

Dette lovar bra.
Gearbox Software

Eg vil tru dei som aldri vore i kontakt med Dungeons & Dragons eller andre rollespel ikkje vil ta alle referansane her, men det er mange av dei, og dei er overalt. Dei dukkar opp i korleis historia blir fortalt, dei dukkar opp i samtaler som går bokstavleg ditt over hovudet ditt der dei andre spelarane diskuterer seg i mellom, og dei dukkar opp når du vandrar rundt på det litt Final Fantasy-inspirerte verdskartet.

Men så heiter jo og spelet Tiny Tina spelar Bunkers and Badasses så det burde ikkje vere mykje tvil om kvar inspirasjonen kjem frå?

Mykje av det gamle

Det er i all hovudsak to ting som skil Wonderlands frå Borderlands-spela. Den viktigaste er at du no får lage din eigen karakter. Du får skru saman din eigen figur med ein karakterbyggar som produserer noko av dei styggaste karakterportretta eg nokon gong har sett, samt velje ein klasse. Klassane fungerer slik vi kjenner dei frå Borderlands-serien, med det unntak at du no får nokre poeng du kan fordele på ting som intelligens og styrke for å gjer karakteren din ei svak eim av individualitet.

Seinare vil du få lov til å velje ein andre klasse, noko som naturlegvis byr på ein del moro, men jamt over har det lite å seie. Du spelar som du alltid har gjort, og alt dette klassane gjer, er å by på nokre få ting som skil deg frå andre spelarar, der våpna strengt tatt er det aller viktigaste.

Den andre nye greia i Wonderlands er verdskartet. Her får vi springe rundt med ein deformert variant av karakteren vår, og reise frå stad til stad, opne kister, og snakke med ein og anna tulling som har eit eventyr å by på. Kartet er ein grei måte å kome seg kjapt fram på, og blir stort sett brukt til dette formål. Av og til må ein springe rundt på jakt etter ting, men for det meste brukast kartet berre for å kome seg til nye område som enno ikkje har blitt registrert for kjappe autoreiser.

Den harde kjerna

Verdskartet er som henta ut av gamle PlayStation-rollespel.
Gearbox Software

Det som naturlegvis er høgdepunktet i Tiny Tina's Wonderlands er skyting, og gjerne skyting i felleskap med andre. Som i Borderlands-spela byr Wonderlands på ei heilt banal mengde våpen som regnar over deg kvar gong du drep noko, og du vil finne ein haug med lekre våpen å bruke mot fiendane. Spelet tek kanskje hakket for mange timar å kome skikkeleg i gong, men når det først er på gli går det unna.

Her finn vi våpen med elementmagi, våpen med endelause magasin, og ein heil bråte med våpen som gjer ting du eigentleg ikkje skulle tru dei ville gjere. Sniper-rifler med rakettar, hagler med automatfunksjon. Lite nytt for Borderlands-veteranar, men likevel, alltid noko nytt.

Fokuset på nærkamp er større denne gongen, og spelet spyttar sverd og økser på deg, men eg tek meg sjølv i å bruke dei sjeldan. Eg likar best å halde fiendane på avstand, så det blir ei løysing i siste liten i staden for eit mål i seg sjølv. Vi får og litt ekstra krydder i form av ringar og talismanar som alle gjev nokre bonusar på forskjellige frontar.

Litt interessant er det at granatane er borte, og erstatta med ulike former for magi. Det er mykje kult å bruke her, frå magi som skyt fleire kuler som finn sine mål på eiga hand, til buldrande kuler frå himmelen, men eg saknar granatane litt likevel.

Moro er det uansett. Når du kjem inn i rett område, enten aleine eller saman med andre, og møter ein haug med fiendar er det ein eksplosiv fest utan like. Om ikkje anna, er Tiny Tina's Wonderlands ein visuell fest, og det er noko banalt herleg over å sjå fiendane flerre opp i flammar i det siste skot landar.

For mykje av det gode

Det er så latterleg mange våpen i dette spelet at det nesten blir for teit. Det har alltid vore mange våpen i Borderlands-serien, men i Wonderlands går det nesten litt for langt.

Det er alltid moro å finne noko nytt, noko heftig, og noko som kanskje gjer noko du ikkje har sett før, men etter kvart blir eg lei av å sortere gjennom ein haug av skit for å tvihalde på håpet om at denne gongen dukkar det opp noko bra. Det hadde vore betre med færre våpen, og mindre loot totalt sett, til fordel for ein større sjanse for betre loot. Sånn det er no endar eg opp med å gi litt blanke. Av erfaring veit eg at eg mest sannsynleg berre vil bruke tid på å sjå gjennom søppel som må seljast, og ser difor berre gjennom kva eg har plukka opp når inventaret er fullt. Eg gidd berre ikkje meir enn det.

Dette er ikkje ein god dynamikk når det som skal vere eit av spelets store salspunkt endar opp med å bli ein irritasjon. Joda, eg likar mange våpen, det er digg å finne noko heftig heilt tilfeldig, men lat oss vere ærlege her, mykje er ikkje alltid betre. Når det regnar rundt deg til ei kvar tid byrjar ein etter kvart å bli metta. Og det er slik Tiny Tina's Wonderlands fungerer, det er meir, meir heile tida, aldri metning, berre pøs på med meir, meir, meir!

Til slutt er det lett å bli litt likegyldig, og det er ikkje så rart. Når alt er spesielt, blir ingenting spesielt.

Som vanleg er nye, heftige våpen blant spelets høgdepunkt.
Gearbox Software

Humor på sitt verste

Gearbox gjer som vanleg det dei gjer best. Eller, det er i alle fall det dei trur. Borderlands 1 og 2, som er mine favorittar i serien, var spel fulle av toskeskap, teit dialog og tullball, men det var likevel ei meining bak det heile. Det var om ikkje mykje, så litt smart, og det var gjennomtenkt.

Å få til denne type historie og komikk krev ein heilt spesiell ekspertise, og det blir etter kort tid tydeleg at det ein ekspertise som er prekær mangelvare hos Gearbox. Eg veit ikkje kva som er tilsetjingspolitikken hos Gearbox, men det er i alles beste interesse om den blir endra på umiddelbart. For dette spelet luktar surt av at alle som ein gong kunne skrive har funne betre ting å gjere.

Eg er så metta på Gearbox sine mange patetiske forsøk på humor at eg vurderer å styre unna dette selskapet på permanent basis. Ikkje misforstå, det er mange idear her som i riktige hender kunne ha blitt smidd til gull, men det er der problemet ligg. Dei som skriv denne søpla veit ikkje kva dei driv med. Det framstår som den type produkt du får når konstruktiv kritikk må vike for ein «alle er vinnarar»-mentalitet der til og med søppel må få ros berre fordi det viktigaste er å delta.

Når du plukkar med deg eit oppdrag plukkar du som regel med ein lang, kjip monolog attåt,
Gearbox Software

Då endar vi naturlegvis opp med søppel. Strie straumar med søppel produsert av folk som berre smiler og er støttande for all skit som blir levert utan å på noko tidspunkt våge å stille spørsmål ved om det heile kanskje kunne ha vore betre. Det er ikkje lett å sleppe unna heller. Mykje av dialogen må høyrast før du får vite kvar du skal gå, og det byr på ei stor mengde dødtid der alt du kan gjere er å gå fram og tilbake medan du ventar på at toskane skal bli ferdige med å prate.

Konklusjon

Om vi skal sjå på historia til Gearbox, så blir ein ting veldig tydeleg. Ved sidan av Borderlands-spela finn vi perler som Duke Nukem Forever, Battleborn og ikkje minst klassikaren Aliens: Colonial Marines. Det er absolutt eit studio med talent og evne til å lage gode spel, men tilsynelatande berre når det har noko med Borderlands å gjere.

Problemet no er at sjølv om eg sat og venta med glede og spaning på Tiny Tina's Wonderlands, både fordi eg er glad i Borderlands, men òg fordi eg er veldig glad i rollespela som tener som stor inspirasjonskjelde for dette spelet, så blei eg skuffa. Veldig, veldig skuffa. Ikkje misforstå, eg har hatt mange timar med moro i Wonderlands, og fleire skal det bli, men dette er spelet frå eit studio som nesten har gitt opp.

Gitt opp å tenkje kreativt. Gitt opp å prøve nye ting. Gitt opp å vere noko anna enn Borderlands-studioet.

Eg er lei. Sorry altså, det er ikkje meir å seie. Eg er lei. Eg er lei Borderlands. Kanskje det finnest dei som vil le seg skakk av humoren, og elskar å bade gjennom søppel på jakt etter skattar, men eg er metta. Metta på infantilt og prepubertalt vrøvl skrivne av vaksne folk som prøvar å nå ungdommen ved å vere hippe og kule. Det er pinleg.

Joda, moro kan det vere. Spesielt saman med vener, men då kan du like godt spele Borderlands 2 om igjen, det er betre. Mykje betre.

6
/10
Tiny Tina's Wonderlands
Dette er spelet frå eit studio som nesten har gitt opp.

Siste fra forsiden