Leserinnlegg

Sveinung Rotevatn – Norsk spelbransje

Dataspel er også politikk

Venstre-nestleiaren lovar åtte millionar ekstra til spelbransjen.

Venstre / montasje av norske spill Gamer.no

Redaksjonssjef for hardware ved Gamer.no, Mikkjell Lønning, tok i midten av august opp ei viktig problemstilling: Kvifor heng Noreg etter i oppbygginga av ein dataspelindustri, samanlikna med til dømes Sverige og Finland? Eg er litt overraska over at han ikkje har fått fleire svar frå politikarar, men eg har i alle fall lyst til å dele nokre tankar frå meg og Venstre.

Å få omverda til å anerkjenne dataspel som kultur, fritidsinteresse og ikkje minst som næring har ikkje vore enkelt. Det har betra seg mykje på kort tid, men enkelte himla likevel med auga då Venstre sa vi ville at regjeringa skulle ha ein eigen dataspelstrategi. Men strategien kom i 2018, med lovnader om auka løyvingar.

Regjeringa med Venstre sin kulturminister kom først med ei auke på 10 millionar, året etter med 5 millionar, og no kan eg røpe at vi i statsbudsjettet til hausten kjem med ytterlegare 8 millionar i året til dataspelnæringa.

Men det er ikkje på offentlege budsjett dei store pengane er, og det skal det heller ikkje vere. Som Lønning også tek opp, er det særleg to store, tunge område det må gjerast noko med for at dataspelbransjen skal vekse som næring: Investeringskapital og utdanning.

Utgjer økonomisk risiko

Noreg manglar ikkje privat investeringskapital. Utfordringa vår er å legge til rette for at meir av kapitalen kan gå til investeringar i nye, grøne og framtidsretta arbeidsplassar – og ikkje berre inn i olje, gass eller eigedom. Dette er ei problemstilling som gjeld mange fleire næringar enn dataspel, men det er eit godt døme.

Å få slutt på oljesubsidiane, slik regjeringa med Venstre i spissen no fremmar forslag om, er ikkje berre viktig for miljøet, det er òg viktig for næringslivet. Når Noreg investerer for mykje i olje og gass og for lite i nye næringar, utgjer det ein økonomisk risiko for heile landet. Vi treng eit skattesystem som gjer det meir gunstig å investere i akkurat den typen selskap som dataspelbedriftene er, med høgkompetent arbeidskraft, omstillingsdyktige forretningsmodellar, internasjonal konkurransekraft og låge klimagassutslepp. Derfor treng vi ein skattepolitikk som er på lag med dei mindre bedriftene.

Berekraftige bedrifter

Vi treng også ei større satsing på utdanning og kompetanse, ikkje berre i Noreg. Alle samarbeida Noreg er med i som ein del av EØS-avtalen er heilt avgjerande for ei næring som dataspelbransjen. Fleire og betre utdanningsløp i Noreg må gå hand i hand med enklare deling av erfaring og kompetanse på tvers av land i Europa, slik at norske selskap kan få tak i kompetansen dei treng og norske utviklarar kan lære av kvarandre og av dei beste hovuda i utlandet.

Lønning har rett i at både auka tilskot, nye måtar å jobbe organisatorisk på, såkornfond og støtteordningar til marknadsføring av spel er interessante forslag å sjå nærare på framover. Som politikar frå Venstre vil eg likevel trekke fram det eg meiner er det viktigaste for å at Noreg kan utnytte det potensial som er i dataspelnæringa: Eit skattesystem som favoriserer nye og berekraftige bedrifter, ei auka satsing på kunnskap og utdanning og at Noreg framleis skal vere godt integrert i delinga av kunnskap, kompetanse og arbeidskraft i Europa. Det er tilfeldigvis også nokre av dei viktigaste sakene eg og Venstre går til val på.

Dette er et leserinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å få din mening på Gamer.no? Dersom du føler du har noe som faller innenfor interesseområdene våre, send oss et debattinnlegg på e-post til editor@gamer.no.

Siste fra forsiden