Høg risiko har betalt seg: – Me satsa alt på dette spelet

Norske Hyper Games er i ekstase etter suksessen. Dei utelukkar ikkje meir Mummi.

Raw Fury

Torsdag kunne Hyper Games senke skuldra eit hakk etter fire år med hardt arbeid. Snusmummrikken: Melodien i Mummidalen er lansert.

Spelet har fått ein poengsum på 80 hos samlesida Metacritic, og hausta 8 av 10 moglege poeng i vår omtale førre veke.

På Steam nærmar det seg «overveldande positive» tilbakemeldingar.

– Det er vanskeleg å finne ord, seier Hyper Games-sjef Are Sundnes.

Han låg sjuk til sengs under lanseringa, men fortel at dei tilsette samla seg for grilling og kos i ein slags Snusmumrikken-seremoni.

LES OGSÅ: Snusmummrikken er balsam for sjela

Avhengig av suksess

– Du blir nesten litt nomen. Det er så mykje å ta innover seg.

Dei har framleis ikkje lov til å seie noko om konkrete salstal.

– Men det har gått kjempebra. Det er det ingen tvil om. Me har fått veldig god respons både av spelarar og pressa, og det har absolutt svara til forventningane våre. Me er veldig nøgde, seier Sundnes.

Ifølgje Steam Charts har spelet hatt 589 samtidige spelarar på det meste, men tenesta har berre tal frå helga.

Hyper Games har fått statsstøtte både til Snusmumrikken og komande Nonogram Stitch, men har vore avhengige av å treffe godt med lanseringa.

– Det var heilt avgjerande at dette skulle gå bra. Og det gjer det heldigvis.

– Me satsa alt på dette spelet, satsa på at det skulle bli så bra som det ser ut til at det har blitt, seier Sundnes.

Vurderer oppfølgar

Hyper Games har alltid hatt eit mål om å tene nok pengar til å finansiere neste spel. Økonomien har blitt meir solid med åra.

– Me har laga mange spel, men ingen av dei har vore dei heilt store økonomiske suksessane. Mykje interesse og gode omtalar, ja, men dette er i ein heilt annan klasse, seier Sundnes.

Han trur suksessen vil bidra til meir stabilitet i selskapet framover.

For tida deler han og utviklarane omtalar og skjermbilete frå fans, og er framleis litt i kveitebrødsdagane.

Og kva skjer framover?

Skal alt fokus over på det komande spelet Nonogram Stitch, eller blir det utvidingar eller oppfølgarar?

– Det kan me ikkje seie så mykje om enno. Me er framleis djupt nede i Snusmumrikken-verda. Det er planar om kva som skjer framover, men det blir for tidleg å seie noko om.

Hyper Games hadde berre lisens til å lage eitt Mummi-spel.

– Vil de sjå på om det er mogleg å få lisens til fleire?

– Det vil eg ikkje kommentere på enno, men det er sjølvsagt noko me vurderer.

Siste fra forsiden