Anmeldelse

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen

Balsam for sjela

Snusmumrikken tek oss med på ei fornøyeleg reise til Mummidalen.

Tenkjer eg på barndomen tenkjer eg fort på Mummidalen. Den animerte samproduksjonen mellom europeiske og japanske team frå tidleg 90-tal landa på ei tid då eg var i perfekt alder. Vimsete historier, folk det var lett å bli glade i, og ei fantasifull verd eg i ettertid tippar var svært viktig i utviklinga av mine interesser. Eg tok kvar episode opp på VHS, og sleit ut banda.

Det var difor ikkje utan eit lite snev av iver og nervøsitet eg fekk høyre at eit norsk studio skulle lage ikkje berre eit Mummispel, men eit spel der Snusmumrikken får hovudrolla. Ikkje berre det, dei har fått med seg dei begava musikarane i islandske Sigur Rós for å komponere delar av musikken.

Vakre, vakre Mummidalen.
Raw Fury

Tid for dvale

Det heile startar ein haustdag, og som kvar haust det er omsider tid for Snusmumrikken å legge på vandring igjen. Dette gjer han kvar vinter, det veit Mummitrollet, men han er lei seg likevel, sjølv om alle mummitroll går i hi om vinteren.

Ein kort montasje følgjer, der vi til tonane av nydeleg Sigur Rós-musikk i klassisk Sigur Rós-stil følgjer Snusmumrikken medan han vandrar gjennom dei sure årstidene, før det brått er vår igjen.

Det er her vårt eventyr startar, med Snusmumrikken sin retur til Mummidalen. Her har det derimot skjedd ting sidan sist. Nokon har sett opp skilt som forbyr alt frå røyking med pipe til naser og det å sjå på ting utan lov. Høgst pussige sakar, og verre blir det når skogen på fleire stadar har blitt erstatta med parkar fulle av strigla tre, gjerder, og ikkje minst parkvakter.

I rolla som Snusmumrikken blir det din jobb å ikkje berre finne ut kva som har skjedd i Mummidalen sidan sist, men òg få orden på sakene. Det som følgjer er eit fornøyeleg lite eventyr som kanskje ikkje varer så lenge, men som varer akkurat lenge nok til at ein skulle ynskje det kunne vare litt lenger. Det er sånn det skal vere med fine historier.

For historia er fin den, den er godt skrive med ein verkeleg god snert og evne til å framstille desse figurane i god Tove Jansson-stil. Dei seier ikkje mykje, berre det dei må, men orda dei brukar er nøye utvalt for å kommunisere akkurat nok. Det er på grensa til perfekt. Det einaste som manglar er nokre skodespelarar til å lese opp desse linjene. Ikkje at eg har eit problem med stemmelause spel, men dette spelet hadde vore perfekt for til dømes dottera mi, men ho har ikkje lært seg å lese enno, og då blir det høgtlesing frå pappa.

Heldigvis kan du velje norsk språk, og det er faktisk betre enn engelsk.
Raw Fury

Det er koseleg det, men eg fryktar Hyper Games mistar eit viktig publikum her rett og slett fordi den målgruppa som kunne hatt størst utbytte av den herlege karakteriseringa av folka i Mummidalen må få ekstern hjelp til å oppleve den.

Eit spel for alle

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen er svært lett å kome i gong med, og kan spelast av alle som veit å handtere ein kontroll. Snusmumrikken vandrar gjennom Mummidalen og på sin veg møter han folk som treng hjelp. Det kan vere alt frå å finne sommarfuglar til Hemulen, til å hjelpe Ninni med å finne kleda som Stinky har knabba.

Som regel brukar du eitt av tre musikkinstrument for å løyse utfordringane. Snusmumrikken har naturlegvis med seg sitt kjære munnspel, og med det kan du roe ned iltre vesen. Etter kvart får han seg ei fløyte, og til slutt ei tromme, og alle instrument gjer forskjellige ting, og låser opp nye vegar å gå.

Dei kanskje kjekkaste delane av spelet er snikesekvensane der du skal liste deg gjennom parkar, skjule deg for parkvaktene, plukke med deg alle skilta som fortel deg kva som er forbode, og til slutt demontere heile greia. Det er litt befriande å spele eit snikespel som er så ukomplisert som dette. Alt du treng gjere er å halde deg ute av synsfeltet til vaktene, og det går bra.

Andre stadar må du navigere terrenget, flytte på stokkar for å kome over eit juv, eller flytte på nokre steinar for å kome deg over ei elv. Det er mykje slikt, små, praktiske oppgåver som på sett og vi fortel ei historie i seg sjølv, der Snusmumrikken tek seg fram i eit landskap han helst vil skal vere vilt og vakkert, i staden for strigla og dekt med brustein.

Når kunst blir spel

Spelmekanikkane i Snusmumrikken er enkle,vil ikkje utfordre nokon og er lette å forstå. Om det er ei utfordring du jaktar, er ikkje dette spelet for deg. Dette er noko veldig anna. Det er meir ei oppleving, ei lita forteljing, litt som å i staden for å lese ei av Mummihistoriene til Tove Jansson, ta steget inn i verda sjølv. Det er utruleg koseleg, og eg kjende ei ro gli over kroppen som spel svært sjeldan manar fram fordi dei trur det er viktigare å auke blodtrykket enn å senke det.

Stinky er full i fant.
Raw Fury

Utviklarane har valt ein herleg visuell stil som lenar seg stødig mot Tove Janssons eigne illustrasjonar, men samstundes minnar om den gamle teikneserien både her og der, og det kler spelet godt. Det er eit nydeleg spel. Som å vandre rundt i eit akvarellmåleri som sakte opnar seg opp.

Musikken Sigur Ros bidreg med er vakker, men eg skulle gjerne hatt meir av den. Musikken i spelet er fin, men den er litt i overkant sparsam. Det er ofte berre enkle lydar, eit par-tre tonar, og så går det om igjen. Det skapar ei god stemning, men blir litt repetitivt, noko som kanskje kunne ha vore unngått i eit så kort spel.

Konklusjon

Norske Hyper Games har med Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen vist at det var på høg tid vi fekk eit spel basert på Mummitrollet og venene hans. Det vi har fått er eit koseleg lite spel som gjev oss nokre fine timar i ei fantasifull og sjarmerande verd.

Det er eit enkelt og lett forståeleg spel som burde passe for Mummifans i alle aldrar. Dette er ikkje spelet du dreg fram om du vil oppleve store utfordringa, men om du godt kunne setje deg ned ved ein stein og glane på skyene ei stund, så kan du faktisk gjere det i Snusmumrikkenspelet.

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen skapar ro, det skapar hygge, og eg skulle ynskje vi hadde fleire slike spel.

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen slippes til PC og Nintendo Switch 7. mars. Ei lansering på mobil er planlagt seinare i år.

8
/10
Snufkin: Melody of Moominvalley
Eit fortryllande lite eventyr.

Siste fra forsiden