Jubelstemning i Oslo: – Utruleg gode tilbakemeldingar

Hyper Games haustar skryt for sitt komande spel.

Hyper Games

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen, eit musikalsk eventyrspel basert på Tove Janssons bøker om Mummitrollet, blir lansert på PC og Nintendo Switch i første kvartal av 2024.

Under Steam Next Festival var det mogleg å laste ned ein kort demo av spelet, og utviklar Hyper Games kan melde at over 30.000 spelte demoen den eine veka han var tilgjengeleg.

– Me har fått utruleg gode tilbakemeldingar på demoen. Det har vore spanande å vise fram spelet skikkeleg for første gong, seier Are Sundnes, dagleg leiar i Hyper Games til Gamer.no.

Big in Japan

– Folk seier dei vil ha meir, og det er flott å høyre, seier Sundnes.

Dei har merka stor pågang av folk som legg til spelet på ønskelista på Steam den siste perioden.

Sundnes kan avsløre at spelet vil ta rundt sju til åtte timar frå start til slutt, og at det kjem til PC og Switch på likt. Spelet kjem òg til mobil i løpet av neste år.

Hyper Games har reist rundt på ulike messer i heile verda for å vise fram spelet. Nyleg besøkte dei Tokyo Game Show.

– Det er stor interesse for Mummi i Japan. Me har nett lagt ut ein ny trailer på japansk med stemmeskodespelaren som spelte Snusmumrikken i ein animeserie frå 90-talet, og det har fått mykje merksemd i Japan, fortel Sundnes.

Store forventningar

– Korleis er det å lage eit spel til eit univers med millionar av dedikerte fans?

– For det meste er det positivt, men det er klart at det aukar presset på oss. Me må svare på desse forventningane.

Hyper Games er i tett dialog med selskapet Moomin Characters, som eig lisensen til Mummi-universet. Det er Jansson-familien som driv selskapet.

– Dei hjelper oss med å gjere dei rette vala som ikkje bryt med andre Mummi-historier, men me tar oss ein del fridomar. Dette er trass alt ei heilt ny historie. Det er inspirert av Tove Janssons forteljingar, men med mange nye element, seier han, og legg til:

– Me har tenkt at dersom Tove Jansson var spelutviklar, er det dette spelet ho ville laga. Det er visjonen me har jobba etter. Så er me store fans sjølv.

Fleire utfordringar

Den største utfordringa for Hyper Games har vore å finne den rette forteljinga.

– Jansson sine historier er ikkje tilpassa spel som format, så me har måtte endre ein del. Men figurane og stadane er jo der allereie.

Snusmumrikkens noko filosofiske og mystiske vesen har òg vore vanskeleg å lage gode spelmekanismar rundt.

– Han er ikkje interessert i det materielle, så ein kan ikkje sende spelaren til å plukke opp gullmyntar, samle våpen og slåst. Det passar ikkje personlegdommen til Snusmumrikken. Me har måtte jobbe rundt dette.

Sundnes seier elles at det kjekkaste med utviklingsfasen, var då dei kom forbi prototypstadiet og fekk realisere visjonen sin.

– Det var ein veldig fin periode i utviklinga. Du ser brikkene falle på plass, og kan gå over til å polere på detaljane. Det var veldig gøy for meg. Også er det veldig stas at me har fått med oss Sigur Rós til å lage musikk. Det er eit av mine personlege favorittband, seier Sundnes.

Blir det oppfølgar?

Han fortel at det kan vere mogleg å lage fleire spel i det same universet om lanseringa går vegen, men dei har ingen konkrete planar om dette enno.

Hyper Games fekk òg nyleg 2,5 millionar kroner frå Norsk filminstitutt til eit nytt spelprosjekt; Nonogram Stitch.

– Det er eit puslespel der ein skal løyse nonogram, ein type biletekryssord. Spelet har ein historie som går føre seg litt tilbake i tid i England, der ein skal brodere eit stort veggteppe for dronninga, forklarar Sundnes.

Siste fra forsiden