Feature

Norsk spelutviklar siktar mot stjernene – vil bli verdsleiande

Det første spelet deira har seld for 100 millionar. Men det er berre starten, meiner Misc.

Misc Games har omsetninga i utanlandsk valuta, som har gitt ein skikkeleg boost med den låge krona. Rundt 20 prosent av inntekta i 2023 kom av låg kronekurs.
Mikkjell Lønning

– Det er travelt her no. Veldig travelt, seier Gøran André Myrland mens han hastar opp trappene til kontoret i Sandnes.

9. mai skal han og kollegaene i Misc Games lansere simulatorspelet Ships at Sea i Early Access. Det har dei jobba hardt med sidan hausten 2021.

– Me har brukt sinnssjukt mykje tid på å utvikle dette spelet, seier Myrland.

Nøkkelorda er større, betre og meir detaljert.

For første gong prøver dei seg på fleirspelar, slik at endå fleire kan leike seg i sandkassen deira. Det trur Misc Games blir rota til suksessen dei håper, på sikt, skal gjere dei best i klassen.

Vil bli best i verda

Myrland likar å seie at dei opererer i ein nisje innan ein nisje. Det er mykje konkurranse i simulatorspelverda, men det er naturleg nok få som utviklar fiskesimulatorspel.

Samtidig har Misc Games ein spelarbase med stort engasjement. Difor er ambisjonane betydelege.

Spelaren får mykje meir å gjere i Ships at Sea, enn i forgjengarane. Blant anna kjem det fraktbåtar, servicebåtar, slepebåtar og moglegheit for å drive oppdrettsanlegg. Detaljrikdomen for kva ein kan gjere på båten, blir på eit heilt anna nivå.
Misc Games

– Målet med Ships at Sea er å bli verdsleiande innanfor maritimt segment i spelbransjen. Dette er eit langsiktig prosjekt, med ein tidshorisont på 10–15 år. Litt som Eurotruck, med nye båtar og modifikasjonsstøtte, seier Myrland.

– Maritimt og verdsleiande, ja. Då snakkar me AAAA-spel i Ubisoft-stil?

– Hehe. Dette spelet er visjonen me hadde då me starta på vårt første spel, Fishing: Barents Sea. No er me der. Det er ei god kjensle.

Millionoverskott

Fishing: Barents Sea kom i 2018, og har sidan då seld for 100 millionar kroner. Oppfølgaren Fishing: North Atlantic kom i 2020.

Til saman anslår Myrland at dei har seld rundt 400.000 eksemplar av spela, utan å rekne med utvidingspakkar. Det er solide tal for ein norsk spelutviklar.

Økonomien har vakse i takt med salstala. I 2023, der dei ikkje har lansert noko spel, hadde dei ei omsetning på 12,3 millionar og eit overskott på to millionar.

Ships at Sea blir lansert med sju båtar, men skal utviklast i eit langtidsperspektiv basert på behovet til spelarane.
Mikkjell Lønning

Midlane blir investert i det nye spelet. Budsjettet er på 26 millionar kroner.

Ships at Sea blir lansert i Early Access, så dei ser for seg den store veksten ved fullansering i 2026. Rundt halvparten av spelarbasen er nemleg på konsoll.

– Grunnen til at me lanserer i Early Access, er for å involvere spelarane og få tilbakemeldingar, seier Myrland.

Funcom-utfordrar?

I Noreg står Oslo-selskapet Funcom for større omsetning enn resten av den norske bransjen til saman. I 2022 omsette dei for 400 millionar, og selskapet har 500 tilsette verda rundt.

Misc Games vil opp på det nivået.

– Me kjem nok dit – éin dag. Men me ser ei utfordring med å finne kompetanse her i Noreg, og vil nok hente folk i andre land, slik dei har gjort, seier Myrland.

I dag er det 16 personar som jobbar for Misc Games. Sju av dei sit på Lura, og driv først og fremst med 3D-modellering. Dei har òg leigd inn programmerarar frå norske Rock Pocket Games.

Resten av gjengen sit på heimekontor rundt omkring i Europa.

– Me har tre programmerarar i Tyskland, og dei har vore med sidan starten. Planen er å utvide med fleire seinare i år. Så har me eit selskap i Polen, som hjelper oss med visuelle og tekniske ting.

Det er spesielt spelprogrammerarar det er vanskeleg å finne i Noreg. Myrland ser for seg å etablere ei ny avdeling ein annan stad etter kvart, men hovudkvarteret blir verande i Sandnes.

– Gutedraum

Misc Games ligg kort avstand frå Universitet i Stavanger, men universitetet har ingen grad for spelutviklarar. Det har derimot Noroff i Stavanger, der Tor Arne Håland (32) har fått si utdanning.

– Det er ein gutedraum å få jobbe med spel, seier Håland, som driv med 3D-modellering.

Jobben hans er i praksis å digitalisere Lofoten, slik at spelarar kan leike seg i dei vakre landskapa.

Tor Arne Håland har drøymt om ein karriere i spelbransjen.
Mikkjell Lønning

Håland har jobba i alt frå skule til bar, men har funne seg godt til rette etter snart eit år hos Misc Games.

– Eg har alltid vore glad i spel, og eg likar å vere kreativ. Det å få kombinere dette, syns eg er veldig gøy.

Blir utkonkurrert

Misc Games held til i Vestre Svanholmen, og deler blant anna parkeringsplass med Vår Energi. Dei er eit av landets største oljeselskap.

Teknologane der har eit heilt anna lønsnivå, enn det norske spelutviklarar har. I Misc Games ligg snittløna på rundt 600 000 kroner.

Det skapar vanskar for bransjen.

Mikkjell Lønning

– Konkurransen om folka er eit problem for oss. Du er nøydd til å tene pengar for å konkurrere om dei beste hovuda, og det er eit mål for oss. Me må løfte økonomien for å kunne gi konkurransedyktig løn, seier Myrland.

Kaja Hench Dyrlie, seksjonsleiar for spel i Norsk filminstitutt, kjenner norsk spelbransje svært godt. Ho er klar på at norsk spelbransjen ikkje klarar halde tritt med liknande norske bedrifter, slik som programvareaktørar eller selskap i oljebransjen.

– Det er relativt låg løn i den norske spelbransjen, seier Dyrlie.

– Uvurderleg

Misc Games har starta smått, og det har tidvis vore litt hand til munn. Dei siste åra har det losna.

– Me har vore supervarsame med veksten, for me veit kor kjapt det er å gå i fella. Ein kan gape for høgt, og vipps, to månadar seinare, må ein selje eller slå seg konkurs.

Nytilsette Tor Arne Håland har ikkje noko problem med å tene litt mindre enn naboane.

– Løn er ikkje alt. Du brukar ein stor del av livet ditt på jobb, og det er viktig å trivst med det ein gjer. Eg elskar jobben min, og syns det er kjekt å vere på jobb. Det er uvurderleg, seier Håland.

– Eg er villig til å gå litt ned i løn, så lenge eg gleder meg til å kome på jobb. Det er eit lett byte for meg, for eg syns det er fantastisk å ha det slik, legg han til.

Tener stort på skattekutt

Det å vere spelutviklar har generelt blitt mykje enklare. Myrland fortel at spelmotorane gjer stadig meir av arbeidet, som i Misc Games sitt tilfelle er Unreal Engine 5.

Ein effekt av dette er at det har blitt veldig mange fleire spel på marknaden. Det krev igjen meir av marknadsføringa.

Men den store terskelen for nye selskap er framleis finansiering. Misc Games fann tidleg internasjonale investorar, og har fått millionar i støtte frå Norsk filminstitutt.

Misc Games har omsetninga i utanlandsk valuta, som har gitt ein skikkeleg boost med den låge krona. Rundt 20 prosent av inntekta i 2023 kom av låg kronekurs.
Mikkjell Lønning

Skattefrådragsordninga Skattefunn står for rundt ti prosent av budsjettet til Ships at Sea, men Myrland ser gjerne at Noreg kjem med meir næringsbasert støtte. NFI-pengane er ei rein kulturstøtte.

Myrland viser til at land som Australia og Italia auka talet på tilsette i spelbransjen med over 50 prosent, etter at dei innførte skattelette.

– Det kostar staten ingenting, og det ville gitt bransjen eit skikkeleg løft. Staten kan innkassere meir arbeidsgivaravgift, få fleire i arbeid, utvide bransjen og få større skatteinntekter på sikt. Ringverknadane er enorme. Grepa er enkle og få, meiner han.

– Så er det naturleg at viss du tener over eit visst beløp, så kan insentivordninga bli redusert. Det er i alle fall utruleg viktig i startfasen.

Knøttlite miljø

Sist gong Gamer.no var på besøk hos Misc Games, snakka me med programmerar Dexter André Osiander. Han kjende det var litt einsamt å vere spelutviklar i Rogaland.

I 2020 var Misc Games i praksis det einaste spelutviklarselskapet i fylket. Resten av den lokale bransjen består av soloutviklarar, slik som Nora Helen Engelsvold eller Sigmund Høien.

Okto Technologies er nykomaren i kollegiet. Dei har jobba med å utvikle ein teknologi for sanntidssporing av kroppen, som dei skal bruke som plattform for dansespelet DanceIt.

Ole Martin Ølmheim (33) er dagleg leiar i Okto Technologies.
Mikkjell Lønning

Nyleg fekk dei napp hos investorar, og er i ferd med å signere ein avtale for 2,5 millionar kroner i finansiering.

– Me bygger stein for stein. Feile vil ein alltid gjere uansett, men me lærer og prøver å bruke det til noko konstruktivt i framtida, seier dagleg leiar Ole Martin Ølmheim.

– Kjempepotensial

Dei er framleis fire stykk i staben, men håper å kunne både lage fleire spel og lisensiere ut teknologien til andre selskap.

– Me er nye, men har klart å etablere oss med det me trur er marknadsleiande teknologi. I fjor besøkte me vår nærmaste konkurrent, og har funne ut at me nok er aleine i nisjen rundt sanntidssporing av kroppen i spel. Det blir me nok i ei stund.

I haust fekk dei med seg ein representant frå Next Games, eit finsk mobilspelselskap som er kjøpt av Netflix, i styret. Investoren The Games Fund har òg fått inn ein person i styret til Okto.

– Dette løftar selskapet veldig.

Ølmheim seier det har vore utruleg tøft å finne investorar i mobilmarknaden, og er svært nøgd med at brikkane fell på plass.

Når det gjeld veksten i spelbransjen lokalt, trur han det er mange i IT-sektoren som eigentleg vil jobbe i spelbransjen. Det er berre ikkje nok selskap enno.

– Eg meiner bransjen har eit kjempepotensial lokalt. Det er ingen grunn til at ikkje Vestlandet skal vere ein blømande del av ein spelbransje i utvikling, men ein treng å bygge infrastrukturen gjennom utdanningssektoren, meiner han.

Siste fra forsiden