Dette tente leiarane i norske utviklarselskap

– Både ein krevjande og givande jobb, seier landets best betalte spelutviklar.

Rui Casais i Funcom, Gøran Myrland i Misc Games, Ole Martin Ølmheim i Okto Technologies og Nora Helen Engelsvold i Shyfoox Studios.
Funcom, Mikkjell Lønning

Skattelistene for 2022 er ute, og avisene flaumar over av artiklar om kven som har høgast inntekt i ulike bransjar.

I år skriv Gamer.no òg om skattelistene. Me har skrive meir om den finansielle sida av norsk spelnæring i det siste, og meiner openheit rundt økonomi er viktig for ein opplyst samfunnsdebatt.

Difor publiserer me ei liste med inntekta, skattebetalinga og formuane til toppsjefane i dei største utviklarselskapa i landet.

Det er Funcom-sjef Rui Casais som tener mest. Selskapet hans hadde ei omsetning på i underkant av 400 millionar kroner i fjor.

- Mest lønsame åra i selskapets historie

– Fortener du løna di?

– Lønsvilkåra mine er sett av styret, som består av representantar frå eigarane våre. Desse vilkåra, og for så vidt om eg har ein jobb å gå til eller ikkje, er avhengig av tilliten deira til at eg kan leie selskapet til å nå dei måla som er sett, seier Casais.

Han utbroderer:

– Det har vore åtte utfordrande år sidan eg tok over stafettpinnen, men saman med våre tilsette har me snudd krise til suksess og opplevd dei mest lønsame åra i selskapets historie. Det er både ein krevjande og givande jobb, og eg er glad for at styret meiner eg er ansvaret verdig, seier han.

Toppsjefen i landets største utviklarselskap hadde ei inntekt på rundt 5,5 millionar kroner i 2022.

– Fastløna mi er godt under halvparten av den totale likningsinntekta. Resten er opsjonar opparbeida over fleire år, saman med ytingsbaserte bonusordningar knytt til om eg innfrir forventningane og når måla styret har sett. I fjor fekk eg tilfeldigvis ein forseinka bonusutbetaling meint for året før, noko som gjorde likningsinntekta spesielt høg, forklarar han.

LES OGSÅ: Funcom-sjefen måtte seie opp bestevenen: – Tungt

Alle har same løn

Spelbransjen har tradisjonelt hatt ein del lågare lønsnivå enn til dømes programvarenæringa.

Mange av dei små og mellomstore utviklarselskapet er heilt avhengig av støtte frå det offentlege for å overleve.

Catharina Due Bøhler, dagleg leiar hos Sarepta Studio på Hamar, meiner bransjen har ein del å gå på.

– Innanfor mitt felt, som er veldig indie, har eg inntrykk av at lønsnivået ikkje er konkurransedyktig opp mot andre bransjar og spelbransjen internasjonalt, seier Bøhler.

Arkivfoto frå då Catharina Bøhler fekk plass i Hall of Fame for kvinner i spelbransjen. Biletet er tatt i 2019.
Women in Games

Ho trur ulempene med løna blir utjamna av at norsk indiebransje har eit godt arbeidsmiljø, og at mange av selskapa er eigd av dei tilsette.

Sjølv eig Bøhler 16,5 prosent av Sarepta Studio.

– I Sarepta får alle lik løn, meg inkludert. Målet vårt er å auke lønsnivået så fort ein får høve, slik at me kan tilby meir konkurransedyktig løn. Men det tar tid for bransjen å vekse, seier ho.

LES OGSÅ: Slik gjekk det med norske spelutviklarar i fjor

Går for treigt

Bøhler merkar at det er lett å rekruttere folk til utviklarstudioet trass i løna. Dei aukar løna kvart år dei kan.

– Er du nøgd med eiga løn?

– Ja, eg er det. Men eg er jo gründer.

– Korleis kan ein løfte lønsnivået i bransjen?

– Næringsstøtte (frå staten) kan vere ein idé. Me har ein sterk spelbransje, men me veks seint. Det at me får støtte gjennom NFI er fantastisk – og gjer mykje for bransjen –, men ein har ikkje nok kapital til å investere tungt og ta risiko, meiner ho.

Bøhler ser tendensar til framgang, men det tar tid utan dei heilt store økonomiske musklane.

Her er lista:

For ordens skuld; journalisten er oppført med ei inntekt på 406.898 kroner i 2022. Han betalte 136.771 kroner i skatt.

Siste fra forsiden