Feature

Slik gjekk det med norske spelutviklarar

Mange hadde store tap i 2022. Her får du oversikta.

Dustborn av Red Thread Games (t.v.) kjem på marknaden i starten av 2024. Det gjer også «early access»-utgåva av Dune: Awakening fra Funcom.

Norsk spelbransje veks, men er framleis mikroskopisk på europeisk skala.

Gamer.no har kikka på rekneskapane til omtrent alle aksjeselskapa med omsetning i 2022, og ikkje overraskande er det Funcom som er desidert størst.

Lista ser du i botnen av saka.

Aleine på topp

Hjørnesteinen i norsk spelbransje hadde ei omsetning på i underkant av 400 millionar kroner i 2022. Samtidig noterte dei seg eit tap på 162 millionar kroner.

Nestemann på lista er nykomar Qvisten Animation. Selskapet driv først og fremst med animasjonsfilm, men har tidlegare laga filmsekvensar i spel. Dei fekk 950.000 kroner i støtte frå Norsk filminstitutt tidlegare år, og har oppretta ei eiga spelavdeling.

Agens, som har den tredje største omsetninga, driv òg med mangesysleri. Dei hadde ei omsetning på 72 millionar kroner i 2022.

Det kan gjerne ta mange år frå ein startar arbeidet med eit spel til det genererer inntekter. Dette gjer òg at rekneskapen frå eitt enkelt år ikkje er den beste måten å døme sunn drift i selskap som driv med spelutvikling.

Eit godt døme på dette er Red Thread Games, som er kjend for Dreamfall Chapters og Draugen. Dei jobbar for tida med spela Svalbard og Dustborn.

I 2021 tapte dei 4,5 millionar kroner, og i 2022 gjekk dei tre millionar i minus. Nesten heile eigenkapitalen deira har forsvunne.

Tilsynelatande går det ille, men samtidig har dei fått forskotsbetaling på 23 millionar kroner for Dustborn. Det vil ikkje årsresultatet reflektere.

Gamer.no har ikkje lukkast med å få eit intervju med dagleg leiar Ragnar Tørnquist.

– Eksplodert

Tobias Kaasa Fossheim, dagleg leiar hos Krillbite, fortel at dei jobbar i ein slags syklus – akkurat som andre bedrifter innan produktutvikling.

Strategien deira er å alltid ha overlappande prosjekt.

Når eitt går mot slutten, startar dei arbeidet med eit anna. Det har vore avgjerande for Krillbite sin økonomi.

– Det tar ofte litt tid frå lansering til du får dei første kronene på konto, og det gjeld spesielt når du har ein utgivar. Difor gjeld det å ha fleire bein å stå på, seier Fossheim.

Tobias Kaasa Fossheim, dagleg leiar i Krillbite. Fruit Bus er Krillbite sitt neste spel.
Krillbite, Privat, montasje Gamer.no

Spelutvikling i mellomstor og stor skala har blitt ein meir kompleks og tidkrevjande prosess med åra, som gjer det endå vanskelegare å vere norsk utviklar.

– Konkurransen i indie og «AA-spel»-marknaden har eksplodert dei siste ti åra. Det er blitt ekstremt mange fleire spel, og eg trur aldri det har vore så krevjande å overleve som i dag. Du må lage kvalitetsprodukt for å klare deg, meiner Fossheim.

Manglar kapital

Norsk spelbransje slit med å finne villige investorar her i landet. Gamer.no har sett på denne problemstillinga fleire gongar, som òg Krillbite kjenner på.

– Det er vanskeleg å finne kapital blant norske investorar. Ein treng pengar for å lage konkurransedyktige spel, seier Fossheim.

Førebels er bransjen avhengig av støtteordningane frå staten for å overleve.

I 2023 har NFI sett av oppunder 60 millionar kroner til utvikling, lansering og formidling av dataspel.

Krillbite har for tida 14 tilsette. Dei har fått midlar frå Norsk filminstitutt til spelet Fruit Bus tre gongar, totalt 7,4 millionar kroner.

– Me hadde ikkje klart oss utan støtta. Krillbite treng ei viss mengde folk for å lage kvalitetsspel som er attraktive på marknaden. Det ville vore vanskeleg å oppnå ambisjonane våre med dei inntektene me har utan støtta, seier Fossheim.

Saknar du eit selskap på lista? Gjerne gi eit pling i kommentarfeltet.

Siste fra forsiden